fredag 28. oktober 2016

Veke 43

Hei fredag!

Det har vore ei hektisk veke, med Dinoskule, Dinogruppar, tur, FN-dag og FORUT-basar. Høgdepunktet denne veka har vore FORUT-basaren vi hadde torsdag. Denne månaden har vi blanta anna ete mat frå Nepal, fargelagt det Nepalske flagget, lytta til songar, sett filmsnuttar frå Nepal og blitt kjende med Monki. Som avslutting på prosjektet hadde vi ein FORUT-basar der familiane til barna var inviterte. I dag har Monika vore borte med pengane og vi har fått inn 11143 kr!



Tysdag gjekk turen til Indianerskogen. Her klatra vi, samla kongler og kvister. Det å bevege seg i det ulente terrenget i skogen er kjempebra for grovmotorikken til barna.

På Dinoskulen denne veka har dei byrja på eit nytt kapittel, Triceratops. Dette kapittelet handlar om kjensler. Barna har denne veka fått eit djupare innsyn i kjenslene glad og sint. Det å ha ei sint kjensle, gjer at kroppen blir anspent. Vi må kanskje stoppe opp å puste tre gongar, slik at kroppen blir avslappa. Når vi er glad er kroppen avslappa. Willy kom også på besøk å fortalte om glad-staden sin. Dette er ein stad han kan tenkje på når han er litt nedafor og som kan hjelpe han til å bli glad igjen. Mange av barna fortalte også om sin glad-stad.


Tusen takk til alle foreldre for bidrag av mat og premiar!

Ynskjer alle ei fin helg!
Soria Moria-damene

fredag 21. oktober 2016

Veke 42

Nok ei veke er ved ende. 

Vi er tilbake i rutinene igjen etter ei veke med haustferie. På føremiddagen på måndag og onsdag var det Dinoskule og Dinogrupper. På Dinoskulen lærar dei om lytte -og venteferdigheitar, og det å følgje beskjedar. Barna har fått sjå ulike vignettar og laga kvar si "gi meg fem"-hand, med dei fem reglane vi lærte i byrjinga på Dinoskulen. Onsdag kom Willy på besøk. Han fortalte om ein gang han ikkje hadde fulgt ein beskjed å det resulterte i at han nesten gjekk glipp av heile gymtimen. Saman med Willy øvde dei på å følge beskjedar med bruk av ulike geometriske formar. Her var det viktig å bruke lytteøyrer og følgje med. Etterpå las Sølvi opp ei historie om Willy og barna måtte utføre det som skjedde i historia i form av å bytte klede på Willy-papirdukka.

Tysdag hadde Eva Birthe FORUT-samling der vi fekk høyre om barna sine rettigheitar. Her fekk vi blant anna lære at alle barn er like mykje verdt, alle barn må ha ein trygg stad å bu og at alle barn må få gå på skule. Vi lytta til "Barnas rettigheter" av Tomas Drefvelin på YouTube og øvde på "Venner i Nepal"-songen med teikn. 
 

Vi flytta turdagen til torsdag denne veka. Turen gjekk ned til Tussatjødna barnehage der vi såg på gravemaskinene som gravde inne i barnehagen. Spanande å sjå på! Etterpå gjekk vi vidare bort til kyrkja der vi såg på når dei laga sement i sementblandaren. Dei heldt på med å lage ny mur ved vegen opp mot kyrkja. Vi gjekk så vidare opp på Haugen, der vi leika og utfalda oss i det ulendte terrenget. Med oss i sekken hadde vi skiver og kakao. Mens vi kosa oss med lunsjen, las vi om "Leopard på bytur" saman med Monki. Etterpå fekk Monki bere med å disse i ufo-dissa på Haugen. 


Fredag hadde vi den siste FORUT-samlinga vår. Her oppsummerte vi det vi har snakka om dei siste vekene. Vi lytta til "Barnas rettigheter" og øvde på "Venner i Nepal". Monki tek stadig turen innom Soria Moria, og det gjorde han denne fredagen også. Til lunsj fekk vi servert nepal-inspirert mat; steikt ris med grønnsaker og skinke. 

Ynskjer alle ei strålande helg! 

Soria Moria-damene



fredag 14. oktober 2016

Veke 41



God fredag!

Mange barn har hatt haustferie denne veka, så vi har vore færre barn enn ellers. Måndag laga vi haustbilete ved å klippe biter i ulike formar av fargeark og lime dei på eit anna ark.


Måndag hadde vi FORUT-samling der vi fekk sjå ein liten filmsnutt om korleis Biswas og Nischal bur i Maikaitar. Her fekk vi sjå det gamle huset som vart øydelagd under jordskjelva og det nye huset som dei skulle flytte inn i når det var ferdig. I mellomtida budde dei i eit telt av presenningar og strå.

Tysdag var vi på tur til Foldnes skule. Her leika vi i leikestativet, klatra på berget og grilla pølser til lunsj.

Torsdag hadde vi nok ein FORUT-samling, der vi såg Biswas og Nischal som besøkte onkel Sagar i Katmandu. Først besøkte dei dyreparken før dei reiste opp mot Himalayafjella. Oppe i fjella kunne dei skimte noko som bevegde seg i trea, heldigvis var det berre onkel Sagar som hadde kledd seg ut som Yeti. Etterpå fekk alle fargeleggje kvar sitt dyr frå dyreparken.


Fredag såg vi ein ny filmsnutt der Øistens blyant besøkte Balika. Her lærte han jentene å teikne ulike dyr, samt lage kvar sin Yeti av ei pappeske. Barna fekk også høyre om Puspa, ei jente som bur på Balika. Etterpå fekk barna fargeleggje teikningar av Øisteins blyant.
Fredag fekk vi servert deilig skinkepizza til lunsj!


Ynskjer alle ei strålande helg!

Soria Moria-damene

fredag 7. oktober 2016

Veke 40

Hei fredag!

Enda ei veke går mot slutten og helga står for tur.

På Dinoskulen har dei starta med eit nytt kapittel, Iguanadon. Til nå har dei hatt fokus på å lytte og vente. Barna har fått leite etter teikn og spor, der dei skal sjå etter lytteøyre på ulike vignettar. Barna har også fått øve seg på å lytte der Daniel fortalte forteljingar om Willy og barna måtte gjennomføre ved det som blei sagt i forteljinga. Barna fekk utdelt kvar si papirdukke av Willy, som dei måtte bytte ulike klede, sko og sekk på etter kva som blei fortalt i forteljinga. Dei har fått øvd seg på å vente på tur med tornardoflaska Willy hadde med seg på onsdag. Her måtte barna stå i kø og vente, mens den som var framst i køen fekk blåse såpeboblar så lenge tornardoflaska varte. Besøksbamsen, Løvungen, er også på heimebesøk hos eit dinoskulebarn.


Turdagen denne veka gjekk til leikeplassen i Grunnavågen. Det var litt kaldt i vêret, men sola strålte som berre det. Med oss i sekken hadde vi saft og varme fiskekaker som vi hadde på skive. Monki var også med på turen, maskoten for FORUT-aksjonen. Han er verdens beste venn og har vore i Nepal. Før lunsj las han ei ekte forteljng om jordskjelva som ramma Nepal i 2015.  


Denne månaden skal vi ha FORUT-aksjon her i barnehagen. Torsdag hadde vi FORUT-samling, der vi såg ein kort filmsnutt om "Livet på Balika Peace Home". Dette er ein barneheim for jenter og den blei øydelagt under jordskjelva i 2015. I fleire månadar måtte barna bu i telt ute, pengar frå FORUT var med på å resturere og byggje opp igjen nye jordskjelvsikre hus. Etter samlinga fekk barna fargeleggje flagget til Nepal, mens dei høyrte på FORUT-aksjonens eigen musikk laga av Gaute Ormåsen.

Vi øver også oss på teikn knytt til FORUT og så øver vi oss på å telje til tre på Nepalsk.

1 = eik
2 = dui
3 = tin

Fredag fekk vi servert Nepalsk mat, linsesuppe og ris. Dette var ein ny oppleving for dei fleste barna.

                           

Ynskjer alle ei strålande helg!

Soria Moria-damene

fredag 30. september 2016

Veke 38 og 39

God fredag!

Her kjem ei lita oppsummering av dei to siste vekene på Soria Moria. Vi har verkeleg fått kjenne på haustvêret den siste tida. Vind, regn og kaldare i vêret!

Sida sist oppdatering har vi vore på tur ned til Amfiet, der har vi spelt fotball, leika bjørn, utforska og studert ulike insekt og gått rundt og rundt inne i hekken. I sekken hadde vi med oss påsmurde skiver og saft.
Vi har vore ein del ute å leika, hoppa i dammane, laga elver og innsjøer i sandkassa, sykla og rolleleik. Inne har vi spelt ein del spel, blant anna "Villkatten" og "Uno", vi har perla, leika med modellerkitt, ulike typar rolleik, dans på det vesle rommet og laga buss av alle dei små stolane.

I tillegg til uteleik og inneleik, har vi hatt nokre samlingar og lest litt. Margit Johanne hadde ei kjekk samling med oss inne på det vesle rommet, med song, tromme og rasleegg. Eva Birthe hadde også ei kjekk samling med songkorta våre, der alle fekk trekkje kvar sitt kort som vi sang. Aina har lest bok for oss.  I neste veke startar vi med FORUT-prosjekt og samlingar knytt til dette.


Vi har starta med Dinoskule og Dinogrupper. Dette er noko barna har sett fram til og gleder seg til kvar måndag og onsdag. På Dinoskulen er dei allereie ferdig med det første kapittelet, Apatosaurus. Dette kapittelet handlar om reglar og barna har lært "gi meg fem"-regla; Hender og føter for seg sjølv, innestemme, lytteøre, følge med og stille hand. Barna har til nå fått møtt Dina Dinosaur og Willy. Det er ein motivert dinogjeng! På Dinogruppene er barna delt inn etter alder på tvers av avdelingane, dei har eit nytt opplegg frå gang til gang og i haust vil dei ha fokus knytt til sosialkompetanse og vennskap. Informasjon om dette vil leiaren på gruppa sende på mail til foreldra om lag ein gang i månaden.



Ynskjer alle ei strålande helg!

Soria Moria-damene

fredag 16. september 2016

Veke 37

God ettermiddag!

Nok ei fin veke er omme. Vi har vore mykje ute denne veka i det fantastiske haustvêret.

Tysdag gjekk vi tur på turstien mellom Foldnes og Hjelteryggen. Med oss i sekken hadde vi skiver og saft. Vi stoppa ved gapahuken der vi dissa i taudissa, studerte kongler som ekornet hadde ete på og som ekornet ikkje hadde ete på. Vi studerte mauren og soppen som var i skogen. Eit par barn laga kongle-hus og nokre andre barn kjente på meistringskjensla da dei kom seg til toppen av "fjellet".


Onsdag fekk vi ny sand i sandkassa og dette var kjempekjekt. Endeleg kan vi bygge slott og tunnellar utan at dei rasar saman med det same. Det har vore mykje sandkasseleik dei siste dagane.

No tel barna ned dagar til at Dinoskulen og Dino-gruppene skal begynne. Allereie på måndag er vi i gang. Vi ser verkeleg fram til dette.

Ynskjer alle ei fin helg!

Soria Moria-damene

fredag 9. september 2016

Veke 36


Hei fredag!

Vi har vore mykje ute å nytt det deilige haustvêret vi har hatt denne veka. Vi har likevel fått tid til innleik på avdelinga der vi blant anna har leika med tog, rolleleik, perla, leika med lego, pusla puslespel, spelt spel, leika gøymsel og sunge. 


Tysdag tilbrakte vi føremiddagen inne, før vi åt ostesmørbrød og mjølk til lunsj. Da lunsjen var over tok vi på oss litt varmare klede, regntøy og støvler. Ute regna det, det rann frå himmelen. Likevel tykte dei fleste barna at dette berre var morosamt. Dei laga sølekake, leika med båter i dammene, laga elver i sandkassa og blei våte i anletet sitt. Mange kalde barn tykte det var godt å komme inn i varmen, få på tørre klede og ete frukt. Resten av ettermiddagen var vi inne på avdelinga.

Ei stort sandslott!
Vi flytta turdagen vår til torsdag denne veka. Turen gjekk til den store leikeplassen på Foldnes. Her spelte vi fotball, dissa på dissene, balanserte på det lange rekkverket og leika rolleleik. Med oss i sekken hadde vi polarbrød, pålegg og saft. Vi var kjempeheldig med vêret, med varme og strålande sol, og tilbrakte resten av dagen ute i barnehagen.


Minner om planleggingsdag måndag 12 september!

Ynskjer alle ei fin helg!

Soria Moria-damene

fredag 2. september 2016

Veke 35



Då var det fredag igjen. Denne veka har det begynt to nye barn, og vi er nå 17 barn på avdelinga. 10 gutar og 7 jenter. Så vi har forsatt fokus på tilvenning, det å skape relasjonar, vennskap og tryggleik. Vi er så smått komen i gang med kvardagen vår og på onsdag var Bodil hos oss, ho er til vanleg på Dovregubben. Ho hadde ei kjekk samling med tromme og song. 

Denne veka har cd-spelaren vår stått inne på det lille rommet vårt. Her har barna kunne danse og synge til "Vennebyen". 

På torsdag var vi ute heile føremidddagen, vi åt lunsj ute og fekk servert ostesmørbrød og mjølk. Da klokka var passert 12 kom det ein stor lastebil og vi måtte rydde saman leikene å gå inn. Dei skulle nemleg asvaltere der dei gravde tidlegare i august. Dette tykte barna var spanande, så vi fann stolar og krakker som vi plasserte foran vindauga på kjøkkenet. Barna fulgte nøye med på det som skjedde utanfor. Fredag måtte vi ut for å prøve korleis det var å gå på det nyasvalterte området. "Det var trygt å gå på asvalten" var konklusjonen. 

Vi har fått nye småperler og storeperler med nye fargar, så barna perler mykje for tida. Måndag fekk vi litt nye puslespel som Anette hadde med heimefrå, så det er også mykje pusling i inneleiken. 



Ynskjer alle ei fin helg!

Soria Moria-damene

fredag 26. august 2016

Veke 34





Då er ferien over og bloggen oppe å går igjen. Håper alle har hatt ein fin sumar og er klar for  eit nytt barnehageår. Vi er allereie to veker inn i det nye barnehageåret og denne tida har vi brukt til å verte kjende med nye barn og komme tilbake i rutinene igjen. Vi har hatt fokus på tilvenning av dei nye barna, det å skape relasjonar, vennskap og tryggleik.

I sumar har vi fått nytt dekke under sklia og dissestativet. Dette er vi veldig stolte av. Neste prosjekt som allereie er i full gang er graving utanfor leikeskuret vårt, for å få betre drenering. Så denne veka har det vore mykje snakk om gravemaskinar, lastebilar og jobbemenn.


Vi avslutta denne veka med heimelaga kjøttboller i løksaus.

Ynskjer store og små ein fin helg!

Soria Moria-damene

fredag 24. juni 2016

Veke 25



God fredag!

Vi besøkte ein ny leikeplass på turdagen vår denne veka. Her leika vi i sklia, klatra i klatrestativet, dissa, plukka blomar og rolleleik. Med oss i sekken hadde vi skiver og pålegg. 


Onsdag hadde Stine samling med tromme, song og kims leik. 


Ellers denne veka har vi vore mykje ute, torsdag kom regnet tilbake og mange barn hadde med seg våte klede heim. Vi har også vore litt inne der vi har pusla puslespel, spelt Villkatten, rolleleik og konstruksjonsleik.

Vi har også hatt litt besøk av barn som skal gå over frå små til storbarnsavdeling. Det vil vi også fokusere litt på nå framover før sommarbarnehage startar.  

Fredag fekk vi servert kjøttkaker til lunsj!

No tek bloggen sommarferie og er tilbake i den nye barnehageåret!

Soria Moria-damene

fredag 17. juni 2016

Veke 24

Heii store og små!

Det er fredag igjen og tid for ei ny oppsummering av veka som har vore.

Vèret har vist seg frå si gode side denne veka med gode temperaturar og sol, så vi har vore mykje ute. Turdagen denne veka gjekk derfor til Melkevika, der vi fann krabbar, skjell, reker, kreps og steinar. Dei som ynskja det fekk vasse i det kalde sjøvatnet. Til lunsj vart det grilla pølser i brød eller lompe.



 Torsdag fekk barna vere med å bake vi ostehorn til lunsj. 

Vi hadde avslutting for førskulebarna denne veka med Disko i barnehagen etter stengetid. Her var det musikk, dans, leikar, hotdogs og is. 

God helg alle saman!

Soria Moria-damene

fredag 10. juni 2016

Veke 23


God fredag!

På tysdag var vi med Tryllefløyten ned i Amfiet. Her leika vi ulike leikar som "Katt og mus", "Alle mine barn kom hjem" og "Haien kommer".



Tidlegare i veka fekk vi besøk av tre ender. Desse endene kjem attende kvart år, på utkikk etter noko godt å ete. Dette tykkjer barna er kjempespanande. Nokre av barna fekk vere med Daniel utanfor porten å mate dei med brødrestar.

Vi flytta turdagen til torsdag denne veka. Turen gjekk til gapahuken på turstien. Det er ei stund sida vi har vore der, så det var kjekt å vere tilbake. Her fann barna ulike typar blomster, Stine laga blomsterkrans, dei dissa på taudissa, klatra i tre, studerte maur og oppdaga at hytta i skogen forsatt var der.  Med oss i sekken hadde vi brød og pålegg, som vi smurte på i skogen. 

Vi har vore mykje ute å leika denne veka. Sola har titta fram nesten kvar dag. 


Fredags føremiddag spela vi Lotto og Villkatten. Barna er kjempeivrige og gode på å vente på tur. Ein god aktivitet for omgrepslæring. 


Ynskjer alle ei strålande helg:)

Soria Moria-damene

fredag 27. mai 2016

Veke 21

Heisann!

Da var det fredag igjen. 

Denne veka har vi vore så heldig å få prøve Spidermandragen som Ania hadde med seg. Vi tok den med oss ned i Amfiet der vi måtte vente på tur for å få prøve dragen. Etter litt prøving og feil vindretning, fekk vi dragen høgt opp på himmelen. 


Denne månaden har vi hatt fokus på "Natur, miljø og teknikk". Vi har studert både plantar og insekt.


Torsdag tok vi turen til Melkevika saman med Tryllefløyten. Barna fekk kjenne det kalde vatnet mot nakne tær. Vi fann store og små krabbar, skjell og steinar som vi kunne ha i bøttene våre å studere nærare. Nokre barn prøvde å helde krabben, andre tykte dette var litt skummelt. Til lunsj hadde vi grilla pølser i brød/lompe. 


Fredags føremiddag delte vi gruppa i to. Den eine gruppa fekk ha gym med Ania på fellesrommet, mens den andre gruppa hadde samling med Aina. 

Det var også Miriam sin siste dag her hos oss, så vi hadde ei fin avslutting for ho. 

Ei fin veke er nå over og vi ynskjer alle ei strålande god helg!


Soria Moria-damene

fredag 20. mai 2016

Veke 20

Da var det fredag igjen!

Ei kort veke er omme og helga står for tur.

Etter ei langhelg var det mange barn som tykte det var godt å vere tilbake i barnehagen. Onsdagen tilbringte vi føremiddagen inne og etter lunsj var vi ute å kosa oss. 

Torsdag kosa vi oss med pannekaker og mjølk til lunsj. Vi tilbringte ettermiddagen ute i det fine vêret i kledd jakke og sko. 

Dugnaden torsdag resulterte i nymalte bord ute og ein høgare kant rundt sandkassen - kjempeflott innsats av foreldre!

 På fredag var det på igjen med regntøyet og utforsking av dammer og sølevatn. På føremiddagen delte vi gruppa i to, den eine gruppa fekk kose seg i sølepyttane ute, lage sølevatn og sølekaker, mens den andre gruppa hadde gym på fellesrommet. Til lunsj fekk vi servert fiskekaker og salat i pita. 

Ynskjer alle ei fin helg!

Soria Moria-damene

fredag 13. mai 2016

Riktig god fredag til store og små!


I dag har vi hatt maifest i barnehagen, med tog, tale, song, svampekasting, hotdogs og is. Ein fin dag for store og små!






Denne månaden har Dinobarna vert rosaruss og  dei har gjort fleire morosame russeknutar. På maifesten kunne dei stolte bære rosarussehua med knuter i dusken på hua, mens dei gjekk i samla flokk bakerst i toget. Allereie torsdag denne veka var det duka for Dinoskuleavslutting der vi hadde invitert foreldra. Dinoskulebarna presenterte stolt kva dei hadde lært om dette barnehageåret og med ei god meistringskjensle kunne dei kose seg med hotdogs, kake og saft.






Ynskjer alle ei strålande helg og god 17 mai!

Helsing Soria Moria-damene



onsdag 4. mai 2016

Veke 18

Hei hei og god onsdag!

Denne veka vart nokså kort grunna Kristi Himmelfartsdag og planleggingsdag. 


I mai har vi fokus på fagområdet "Natur, miljø og teknikk".

Denne veka har vi brukt noko tid på førebuing for nasjonaldagen vår. Vi har starta på eit prosjekt med å lage det norske flagget av gjenbruksmateriale, vi har til nå måla mjølkekorkar i fargen raud . Vi har også laga 17-mai bilete ved hjelp av papp, måling ei eske og klinkekular. Ein spanande aktivitet som passa alle på avdelinga!

Vi har hatt siste Dinoskuletime og i nesteveke blir det øving før det blir Dinoskuleavsluttning med foreldre. Dinoskulebarna har også starta med russeknutar og til nå har dei sykla rundt rundkjøringen utanfor barnehagen og alle dei vaksne i barnehagen har fått klemmar. 

Vi har fått dukkeseng til dukkene våre, kjempekjekt både for gutane og jentene.

Ynskjer alle ei fin langhelg!

Soria Moria-damene



fredag 29. april 2016

Veke 17

God fredag!

Da var det fredag og helga står for tur. 
Vekas høgdepunkt har vore Gullungane barnehagefestival, der 4 og 5 åringane var på Sotra Kino å såg Alvin og gjengen. Dette var ei spanande oppleving og eit fint kulturtilbod i nærmiljøet. Dei yngste barna fekk ha kino på det vesle rommet på avdelinga med servering av kjeks og saft.



På dinoskulen held dei framleis på å øva på gode manerar. Dei lærer seg å spørje fint og seie fine ting til andre ved hjelp av komplementsirkelen. Dei øver på å seie takk når ein får låne noko av andre, men og å takle å få eit 
nei til svar.


Kvart år er Dinoskulebarna rosaruss som eit avsluttande kapittel i barnehagen. Fredag var det derfor tid for russedåp. Soria Moria, Flåklypa og Tryllefløyten samla seg på fellesrommet og hadde ein offisiell russedåp. Alle fekk vatn på hovudet, dei fekk utdelt rosa russehuer, dåpsattest og russeknutar. Dette blir spanande!



Denne veka har dei som har ynskja det fått blitt målt i ansiktet av Ania. Dette tykte barna var særskilt kjekt!

Fredag fekk vi servert stekt ris med skinke og grønnsaker til lunsj!

Ynskjer alle ei strålande helg!

Soria Moria-damene