God ettermiddag!
Nok ei fin veke er omme. Vi har vore mykje ute denne veka i det fantastiske haustvêret.
Tysdag gjekk vi tur på turstien mellom Foldnes og Hjelteryggen. Med oss i sekken hadde vi skiver og saft. Vi stoppa ved gapahuken der vi dissa i taudissa, studerte kongler som ekornet hadde ete på og som ekornet ikkje hadde ete på. Vi studerte mauren og soppen som var i skogen. Eit par barn laga kongle-hus og nokre andre barn kjente på meistringskjensla da dei kom seg til toppen av "fjellet".
Onsdag fekk vi ny sand i sandkassa og dette var kjempekjekt. Endeleg kan vi bygge slott og tunnellar utan at dei rasar saman med det same. Det har vore mykje sandkasseleik dei siste dagane.
No tel barna ned dagar til at Dinoskulen og Dino-gruppene skal begynne. Allereie på måndag er vi i gang. Vi ser verkeleg fram til dette.
Ynskjer alle ei fin helg!
Soria Moria-damene


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar