Hei hei og god onsdag!
Denne veka vart nokså kort grunna Kristi Himmelfartsdag og planleggingsdag.
I mai har vi fokus på fagområdet "Natur, miljø og teknikk".
Denne veka har vi brukt noko tid på førebuing for nasjonaldagen vår. Vi har starta på eit prosjekt med å lage det norske flagget av gjenbruksmateriale, vi har til nå måla mjølkekorkar i fargen raud . Vi har også laga 17-mai bilete ved hjelp av papp, måling ei eske og klinkekular. Ein spanande aktivitet som passa alle på avdelinga!
Vi har hatt siste Dinoskuletime og i nesteveke blir det øving før det blir Dinoskuleavsluttning med foreldre. Dinoskulebarna har også starta med russeknutar og til nå har dei sykla rundt rundkjøringen utanfor barnehagen og alle dei vaksne i barnehagen har fått klemmar.
![]() |
Vi har fått dukkeseng til dukkene våre, kjempekjekt både for gutane og jentene. |
Ynskjer alle ei fin langhelg!
Soria Moria-damene
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar