fredag 29. mai 2015

veke 22

Ut på tur aldri sur....
Etter endå ei fin langhelg i mai var vi tilbake i barnehagen igjen tirsdag. Vi starta barnahegeveka med turdag. Vi pakka sekken og kledde på varme vanntette klær og labba ivei bortover KYRKJEVEGEN mot GAPAHUKEN. Været var skiftande men SOLA titta fram innimellom så ikkje så allerverst. EVEN var med oss på turen sammen med sin pappa Bjarte. Barna synes det var kjempekjekt å sjå igjen Even. Ved Gapahuken er det mykje gøy å finne på; klatre i trær, disse i taudissa, leike butikk på dei store steinane i skråningen, studere insekter og då spesielt MAUR og leike  "være på fisketur" med pinnefiskestang med gøtt av tau. Vi var ute heile dagen også etter at vi kom tilbake i barnehagen, for været vart finare og finare så det måtte nytast ute.

Onsdag hadde vi også mykje utetid. Først var vi inne på avdelingen før lunsj, men etter det var vi ute resten av dagen, både nede på leikeplassen og oppe på haugen. 

Torsdag og fredag kom fotografen til barnehagen. Soria Moria hadde tid hjå fotografen torsdag. Veldig gøy fotograf som fekk fram barna sine blidaste fjes. Blir nok mange fine bilder ut av dette.

Fredag koste vi oss med fiskepinnar, pommes frites og salat til lunsj. Nammings. Ein av barna sine favoritt rettar her hjå oss.

Stine har no gått ut i svangerskapspermisjon. Vi ynskjer lykke lykke til Stine. 
Mandag er Lise tilbake som pedagogisk leiar på Soria Moria og skal være her medan Stine er i permisjon. 

TIRSDAG 2 JUNI ER DET FORELDRE DUGNAD I BARNEHAGEN! Håpar så mange som muligt kan være med og gje uteområdet eit løft til å bli finare og bedre ! Skriv deg på lista som henger på avdelingen om du kan bli med !!

Riktig god helg!

Helsing Soria Moria gjengen :)






fredag 22. mai 2015

veke 21

Løvetann blir nydelige blomsterkranser ute på haugen.
Denne veka har værgudane bydd på litt av kvart, men mykje av det har vore av den fine sorten. Vi har vore mykje ute i SOLA, men har hatt det fuktig og kaldt enkelte dagar. 

Tepper og stolar blir fin hytte inne på avdelingen


Tirsdagen kom det storfint besøk til oss her i barnehagen. Fjell kommune har ein vennskapskommune i Tyskland som heiter Erfurt. Frå Erfurt reiste 8 personar til Fjell for å m.a. sjå nærare på ein ting vi heldt på med i Leirstaden som dei syns er spennande. I Leirstaden er vi nemleg igong med eit pilotprosjekt innan Teiknspråk. Prosjektet "Tegn med oss" skal fremje bruk av teikn til tale. Siw og Ingelill driftar prosjektet og utdannar seg også innan teikn til tale. Målet er ei auka inkludering av barna som ikkje har språk. Alle barna i Leirstaden var på fellesrommet og sang sangar støtta av teikn, for gjestane og dei vart imponert.

Teikn til tale sang

Dinoskulen hadde avslutning torsdag ettermiddag. Foreldrene var invitert og Dinobarna hadde øvt masse på programmet. Det var ikkje fritt for lampefeber og nerver i dagane før. Barna og vi voksne også såklart, var KJEMPESPENT i forkant. Men det gjekk så fint. Barna huska kva dei skulle sei og var flinke til å snakke i mikrofonen. Foreldrene var med god grunn STOLTE og glade over det barna viste. Etterpå koste vi oss med hotdogs, saft, kaffi og DINA KAKE. Til slutt fekk alle DINOBARNA diplom som bevis på fullført DINOSAURSKULE.

Koselig avslutning på Dinoskulen
Fredag var vi ute og leikte i regnet med Zalo i dammane. Gøy å leike med såpeskum, men litt kaldt etter ei stund ute. Så det gjorde godt med Eva Birthe sin varme gode lapskaus i magen til lunsj. Fredag hadde vi også med oss to nye medarbeidarar på ein dags oppdrag. Miriam og Marie som går i 8 klasse ved Fjell ungdomsskule. Dei to jentene hadde såkalla jobbskygging på timeplanen. Dvs. at dei skal være ein dag på ein arbeidsplass for å lære litt om korleis denne jobben er i praksis. Barna på Soria Moria syns det var kjekt å bli kjendt med Miriam og Marie, og det er nok gjensidigt.

God langhelg alle sammen.

Helsing Soria Moria gjengen :)






onsdag 13. mai 2015

Veke 20

Hurra for 17.mai

I går markerte vi 17.mai i Leirstaden barnehage.
Bilete frå 17.mai feiring i Leirstaden barnehage
Markeringen gjekk føre seg ved at heile barnehagen gjekk i tog rundt i nærmiljøet vårt, med medbrakte og sjølvlaga faner og flagg. Vi er så heldige å ha ei korpsdame hos oss, så ho stemte i med bl.a «Gammel jægermarsj», «Ja vi elsker» og andre kjente og kjære melodiar.
17.mai tog i Leirstaden barnehage
På vegen rundt ved kyrkja stoppa vi opp, for der sto «kongen» å vinka til oss. Nede i kyrkjeamfiet var det tale for dagen og song.
Styrar i barnehagen og "kongen" vinka til barnetoget.
Oppe i barnehagen var det svampkasting. Dette hadde ungane gledd seg VELDIG til. Det vart tre kast på kvar, og det var om å gjera å treffa Daniel og lærlingen vår, Kim Andre.
Barnehagen ønskjer alle store og små ei riktig fin 17.mai-feiring.
Monika Sørlie
styrar

fredag 8. mai 2015

veke 19

Råtøff doning som er blitt kjempepoppis blandt barna
Forrige veke fekk vi nye leiker inne, og denne veka kom nye uteleiker på plass. Det var stor stas og leikene står ikkje i ro. Det er nærmast kø tendensar blandt barna for å få tilgang. Sykkelen med passasjersete er kanskje den mest hippe av alle dei nye uteleikene. Ellers er det komt nye sparkehjul, og  sykkel med tilhenger. 



Kjekt å være i indianerskogen



Tirsdagen gjekk turen til indianerskogen. I sekken hadde vi tomatsuppe, makaroni og saft. Kjempegodt å varme kroppen på ein kald vårdag. Indianerskogen innbyr til mykje fin leik. Barna bygde hytte av plankebitar som ligg rundtomkring, bygningsmateriale er lett å finne der. Barna klatra, leikte rolleleikar, fann spennande insekter og vekster i skogen og hadde det supert i skogen.



Rosaruss 2015


Onsdag tok Rosarussen sin første russeknute. Dei åt graut med gaffel. Symbolet for at dei klarte det er ein plastgaffel i dusken. Det vart selvfølgelig gaffel på alle sammen. 

På torsdag var føskulebarna som tilhøyrer Foldnes skulekrins invitert til å komme på besøk på SFO på Foldnes skule. Tobias, Erik og Dorthe skal begynne i 1. klasse der til høsten så dei tre gjekk på besøk. Dei gjekk sammen med dei andre førskulebarna i Leirstaden som tilhøyrer samme krins. Det var veldig spennande å komme dit å få sjå korleis det er der.

Dina er blitt mamma
Dinoskulen er no inne i siste fase no med førskulekullet av 2015. Barna har øvt på å komme inn i leiken, og å vente på tur og å takle eit nei. Dina kom på besøk onsdag og hadde STORE nyheter å fortelje. Ho var blitt mamma. Etter å ha bygd reir og lagt egg har ho ruga i fire veker på egget. No var egget blitt klekka og ein søt liten dinosaurbaby født. Babyen vart kalla opp etter morfaren som heitte Dennis. Barna fekk møte søte lille Dennis, og Dina spurte barna ut om viktige ting som dei har lært på Dinoskulen som dei kunne fortelje vidare til Dennis. Barna var kjempeflinke til å huske kva dei har lært.

Fredag laga Eva Birthe kjempegod pizza som vi koste oss med før det var tid for å seie GOD HELG til alle.

Soria Moria