God fredag!
På tysdag var vi med Tryllefløyten ned i Amfiet. Her leika vi ulike leikar som "Katt og mus", "Alle mine barn kom hjem" og "Haien kommer".
Tidlegare i veka fekk vi besøk av tre ender. Desse endene kjem attende kvart år, på utkikk etter noko godt å ete. Dette tykkjer barna er kjempespanande. Nokre av barna fekk vere med Daniel utanfor porten å mate dei med brødrestar.
Vi flytta turdagen til torsdag denne veka. Turen gjekk til gapahuken på turstien. Det er ei stund sida vi har vore der, så det var kjekt å vere tilbake. Her fann barna ulike typar blomster, Stine laga blomsterkrans, dei dissa på taudissa, klatra i tre, studerte maur og oppdaga at hytta i skogen forsatt var der. Med oss i sekken hadde vi brød og pålegg, som vi smurte på i skogen.
Vi har vore mykje ute å leika denne veka. Sola har titta fram nesten kvar dag.
Fredags føremiddag spela vi Lotto og Villkatten. Barna er kjempeivrige og gode på å vente på tur. Ein god aktivitet for omgrepslæring.
Ynskjer alle ei strålande helg:)
Soria Moria-damene
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar