fredag 21. oktober 2016

Veke 42

Nok ei veke er ved ende. 

Vi er tilbake i rutinene igjen etter ei veke med haustferie. På føremiddagen på måndag og onsdag var det Dinoskule og Dinogrupper. På Dinoskulen lærar dei om lytte -og venteferdigheitar, og det å følgje beskjedar. Barna har fått sjå ulike vignettar og laga kvar si "gi meg fem"-hand, med dei fem reglane vi lærte i byrjinga på Dinoskulen. Onsdag kom Willy på besøk. Han fortalte om ein gang han ikkje hadde fulgt ein beskjed å det resulterte i at han nesten gjekk glipp av heile gymtimen. Saman med Willy øvde dei på å følge beskjedar med bruk av ulike geometriske formar. Her var det viktig å bruke lytteøyrer og følgje med. Etterpå las Sølvi opp ei historie om Willy og barna måtte utføre det som skjedde i historia i form av å bytte klede på Willy-papirdukka.

Tysdag hadde Eva Birthe FORUT-samling der vi fekk høyre om barna sine rettigheitar. Her fekk vi blant anna lære at alle barn er like mykje verdt, alle barn må ha ein trygg stad å bu og at alle barn må få gå på skule. Vi lytta til "Barnas rettigheter" av Tomas Drefvelin på YouTube og øvde på "Venner i Nepal"-songen med teikn. 
 

Vi flytta turdagen til torsdag denne veka. Turen gjekk ned til Tussatjødna barnehage der vi såg på gravemaskinene som gravde inne i barnehagen. Spanande å sjå på! Etterpå gjekk vi vidare bort til kyrkja der vi såg på når dei laga sement i sementblandaren. Dei heldt på med å lage ny mur ved vegen opp mot kyrkja. Vi gjekk så vidare opp på Haugen, der vi leika og utfalda oss i det ulendte terrenget. Med oss i sekken hadde vi skiver og kakao. Mens vi kosa oss med lunsjen, las vi om "Leopard på bytur" saman med Monki. Etterpå fekk Monki bere med å disse i ufo-dissa på Haugen. 


Fredag hadde vi den siste FORUT-samlinga vår. Her oppsummerte vi det vi har snakka om dei siste vekene. Vi lytta til "Barnas rettigheter" og øvde på "Venner i Nepal". Monki tek stadig turen innom Soria Moria, og det gjorde han denne fredagen også. Til lunsj fekk vi servert nepal-inspirert mat; steikt ris med grønnsaker og skinke. 

Ynskjer alle ei strålande helg! 

Soria Moria-damene



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar