mandag 21. desember 2015

Veke 52

Hei og god måndag!


Høgdepunktet forrige veke var nissefesten fredag. Alle avdelingane var inviterte på fellesrommet der nokre av dei vaksne dramatiserte "Skinnvotten" med ein liten vri. Vi fekk høyre om den gamle kongen, Bamsefar braker, chihuahuaen Bodil, Helene harefrøken, Museline, reinsdyret Rudolf og julenissen. Vi avslutta samlinga med å gå rundt juletreet som dinoskulebarna hadde pynta. Barna stemte i på "Jeg gikk meg over sjø og land", "O, jul med din glede", og "På låven sitter nissen". I år fekk kvar avdeling ein felles gåve nissen, Soria Moria fekk nye småbilar. Til lunsj åt vi risengrynsgraut og ein liten mandel hadde lurt seg oppi grauten. Den som fann mandelen fekk knuse resten peparkakehjartene frå kalendaren vår, til jubel og glede for resten av barna. Det vart sjølvsagt smaksprøver til alle!

Enda ei veke er over og jula nærar seg med stormskritt. Nokre tar ferie, mens andre forsetter kvardagen ei lita stund til. Tusen takk for fine julekort og gåver vi har fått på Soria Moria. Bloggen tek no juleferie, men vi er tilbake på nyåret. 


Ynskjer alle ei riktig fin jul!


fredag 11. desember 2015

Veke 50


God fredag!

Måndag var Willy med på heile sirkelsamlinga på Dinoskulen, han fortalte nokre historiar der han hadde hatt ulike kjenslar. Etter endt samling var det Willy som hadde vert best på å ha hender og føtter for seg sjølv, så da fekk han med seg Løvungen heim. Dinoskulen har no teke juleferie og er i gang igjen på nyåret.


Her kom Willy ein tur innom da barna var ute å leika.

Tysdag baka vi Lussekatter til den store gullmedaljen, vi hadde nemleg invitert foreldre på Lucia-frokost tidleg fredags morgon. Barna fekk hjelpe til med å rulle denne gule deigen til lussekattar. Samtidig som vi baka hadde vi juleverksted der vi limte, måla og trykka med potettrykk, meir enn det kan vi ikkje avsløre enda :)


Etter lunsj på tysdag kom Ulla Krulla og vennene hennar på besøk til Leirstaden barnehage. Barna tykte dette var kjempekjekt. Ulla Krulla er ei morosam dame som strikker for julenissen. 


I dag, fredag, har vi markert Luciadagen i barnehagen. Allereie kl.08 sto barna spente og klare. På seg hadde dei fleste av barna kvite kjolar eller pappa si kvite t-shorte. Nokon hadde glitter i håret og dei hadde kvart sitt lys i handa. Barna gjekk gjennom ein mørklagt barnehage og song"Svart senker natten seg", mens foreldra sto stolte å såg på. Vel inne på fellesrommet vart det meir song med teikn. Etterpå var foreldra inviterte på lussekattar, kaffi og saft på avdelingane. 



Etter lunsj var vi i Foldnes kyrkje på adventsgudsteneste. Her fekk vi møte presten og kyrkjetenaren som fortalte oss om juleevangeliet. Vi song salmar og etterpå fekk vi peparkaker og vatn i kyrkjerommet ved sida av. 



Ynskjer alle ei fin helg!