torsdag 30. april 2015

Veke 18

God torsdag!

Nok ei veke er over og ei langhelg står for tur.
Vi starta måndag med dinoskule.

Etter lunsj på måndag eksperimenterte vi litt med vulkanen ute. Eit spanande eksperiment med hjelp av vatn og såpe!


Turdagen på tysdag gjekk til gapahuken på Kyrkjevegen. Even var med på turen og det tykte barna var særskilt kjekt.
Det var mykje leik i og i området rundt gapahuken, det var klatring i tre, hyttebygging, gjøymsel, butikk, vi fann insekt og det var husking i tauhuska. Til lunsj åt vi påsmurte skiver og drakk kakao.



Onsdag på dinoskulen hadde dei bingo. Det var mange glade dinobarn som kom tilbake til avdelingen sin over å ha vunne premie på bingo. 

Aina leser "Ti små øgleunger" for barna   
Torsdag var det inneleik på føremiddagen og uteleik på ettermiddagen. I løpet av dagen var dinoskulebarna med på å skru opp det nye leikekjøkkent vårt. Eit spanande prosjekt og det vil truleg bli mykje fin leik her.

Torsdagen var også dagen for russedåp for rosarussen. Førskulebarna var fulle av forventing i forkant av dåpen. Døpefonten var ein plastbalje, og barna kom fram ein etter ein, bøygde seg over baljen og fekk ei lita handfull med vatn på hovudet. Deretter var det høgtidlig overrekking av russelue, dåpsattest og ei liste over russeknutar. Vi startar med russeknutane allereie på måndag i neste veke!




Russeknutar 2015:

Vere stille i 10 minutter (Tape)
Ete havregraut med gaffel (plastgaffel)
Gi alle vaksne i barnehagen ein klem (Seigemann)
Sykle 1 runde i "rundkjøringen" (ahlgrens biler)
Ete 7 mariekjeks på 5 minutter (papir frå kjekspakken)
Henge kleda sine fint opp kvar dag (Klesklype)
Telje til 10 på engelsk (Tepose)
Ete ein is på 5 minutter (Ispinnen)
Styrte eit glas med mjølk/vatn (mjølkekork)

I morgon er det 1 mai og barnehagen er derfor stengt!

Ynskjer alle ei fin langhelg!


Helsing Soria Moria-damene

fredag 24. april 2015

veke 17

Kjempefin samling på biblioteket
Idag, fredag,  har vi hatt ein kjempefin avslutning på ei travel veke. Etter frukosten traska vi forventningsfullt avgårde til MUSIKKSAMLING på BIBLIOTEKET. I sekken hadde vi med RASLEEGG, for barna får være med å lage musikk hvis dei vil, og då er rasleegg fine til å lage lyd med. Mange andre barnehagar hadde også tatt turen dit for å være med. Det var temmelig fullt av mange glade barn og voksne. Av MUSIKK blir vi faktisk i GODT HUMØR. Eilin, Kenneth og Halvor, som til vanleg er vanlege bibliotekarar, hadde funne fram gitar og gjøgleren i seg og laga kjempefin stemning med kjendte sanger som barna kunne og sang med på. Lofottorsken, ro ro til fiskeskjær, ro ro ro din båt, jeg gikk en tur på stien ..for å nevne noken.

Tilbake i barnehagen venta Eva Birthe sine kjøttkaker i brun saus. Og det smakte supert etter all synginga og gåinga.

RAUDT MONSTERET VIL BERRE HA RAUDE DUPLO KLOSSAR
Torsdag var det GRUPPER igjen. På gruppene var det aktiviteter 
  • baking- barna bakte deilige rundstykker og eggerøre som vi spiste til lunsj 
  • kreativitet- barna laga smykker av naturmaterialer
  • aktiv- på fellesrommet med tema farger. Barna farga regnboge. Det var fargestafett der vi måtte balansere på eit fargetråd for så å putte ein farga duploklosse i munnen på eit "monster". "Monsteret" åt berre den fargen som den sjøl var.

Tirsdagen gjekk turen til Grunnavågen. Været var toppers turvær. Barna leikte og koste seg på den kjekke leikeplassen som vi likar så godt å gå til. Barna spelte fotball, klatra i trær, leikte i det toetasjers leikehuset som er der, seilte på seilebanen, gravde i sandkassen m.m. I sekken hadde vi med grill, pølser og pølsebrød så det var gode hotdoggar til lunsj.

Fire kan disse samtidigt på leikeplassen i Grunnavågen.

På Dinoskulen denne veka jobba vi med Brachiosaur kapittelet. Barna øver på å presentere seg sjølv og korleis bli kjendt med andre. 



GOD HELG
HELSING SORIA MORIA GJENGEN





fredag 17. april 2015

Veke 16



April har vist seg frå si typisk skiftande side denne veka. Frå sludd til sol og alt det imellom. Det har vore mykje fin utetid, men fremdeles nappar vinteren oss kaldt i kjakane og på hendene.



Isfest på Dinoskulen

På Dinoskulen har det vært stor feiring. Alle barna klarte å samle 5 Willymerker for gode vennegjerningar og dermed vart det ISFEST med REBUSLØP og FILM PÅ STORSKJERM. Hurra for førskulebarna som er superflinke på Dinoskulen.
Dina kom og delte ut BUTTONS  for vel gjennomført leksearbeid i ALLOSAURUS kapittelet. No har vi starta på siste kapittel som heiter BRACHIOSAURUS. Dina hadde også ein stor nyhet å fortelle, ho har laga reir og lagt egg i reiret og snart blir egget klekka og då blir ho MAMMA til ein liten Dinosaurbaby. 

Tur til Gapahuken ved Kyrkjevegen

Tirsdag var det tur til Gapahuken ved Kyrkjevegen. Det var litt vått og regntøyet måtte på. Barna dissa på DISSEN AV TAU, laga LANDART av naturmaterialer, leikte ulike ROLLELEIKAR, KLATRA i trær og på store steinar og hadde det toppers i skogen. I sekken hadde vi POLARBRØD og KAKAO.

Aktivitet i grupper

Torsdagen er høgdepunkt til barna på Soria Moria. Den dagen har vi GRUPPER. Vi hadde tre grupper og tre aktivitetar. BAKEGRUPPA laga deilige horn som vi åt til lunsj. MALEGRUPPA lagde fine smykker av naturmaterialer som vi hadde samla inn på turdagen i skogen. GYMGRUPPA var på fellesrommet og hadde stort tempo og svette kroppar.

Lucas fyller 3 år !

Lucas fyller 3 år denne veka. Vi feira bursdagen hans fredag. Været var så fint at vi var ute nesen heile dagen. Så FEIRINGEN foregjekk ute på plassen. LUCAS fekk fin krone, kappe på og bursdagssang. Han fekk hjerte med fine ord frå dei andre barna på Soria Moria. GRATULERER MED DAGEN LUCAS !!!!! 


NAM NAM NAM NAM NAM NAM


Fredag var det FISKEKAKER til lunsj. Været så fantastisk fint at vi åt lunsj ute i SOLA. Etter lunsj gjekk vi ein tur på haugen. Vi var ute mest mulig for å nyte den FLOTTE dagen med SOL FRÅ KNALLBLÅ HIMMEL.

GOD HELG !!!!!!

HELSING OSS PÅ SORIA MORIA














fredag 10. april 2015

Veke 15


Då er påskeferien over og barnehagelivet er tilbake i vante former igjen. Håper alle har hatt ein fin ferie ! 


Samarbeid i ulike former
Dinoskulen har denne veka jobba vidare med tema: samarbeid. Barna har i grupper samarbeidd om å pusle eit puslespel, bygge eit tårn av papir og malt og dekorert eit flott bilde av Regnbogefisken.

Det er blitt mange små Dinoføtter på den store blå Dinofoten
Ein ny fot er komt opp på den store blå Dinofoten. For å få fotmerke så må barna samle 5 Willymerker. Merkene får dei ved å gjere gode vennegjerningar. Denne kampanjen har ført til at barna har tileigna seg større kompetanse på det å være ein god venn. Det er no berre tre føtter igjen som må til for at det skal bli isfest.

Fredag hadde vi magisk samling med eventyret om "Gullhår og dei tre bjørnane" Barna sat stille og vart oppslukt av historien om jenta som åt grauten og sov i sengene til den vetle bjørnefamilien. 

Lydhørt publkum under samling



Flanellogram til eventyret

Været har vist seg frå ei skiftande side denne veka, men mykje fin utetid har det blitt likevel. Sandkassen er blitt tørr, regntøyet har fått henge på knaggen fleire dagar, sola har sendt sine strålar ned på oss og det er vår i luften, så vi må berre være takknemlig for sånne fine tider. 

Fredagen diska Eva Birthe opp med pølsegrateng og det var stor suksess. Barna digga det og åt store porsjonar. 

GOD HELG !!!

Helsing Soria Moria