fredag 18. mars 2016


God fredag!

Veka er snart omme og helga står for tur.

Denne veka har påske vore i fokus. Barna har fått ferdigstilt påsketinga sine og teke dei med heim. I år har barna fått lage kvar sitt påskekort, ei påskelilje som vi tok med oss i kyrkja på påskevandring og påskeegg av trolldeig.
På dinoskulen den siste tida har venneferdigheitar vore i fokus. Barna har gjort ein god innsats og denne veka hadde alle barna fått kvar sin dinosaurfot. Kvart barn har gjort minst fem gode venneferdigheitar, det vil sei at dinoskulebarna har utført minst 85 gode venneferdigheitar til saman! Det var derfor ISFEST på dinoskulen på onsdag!


Tysdag gjekk turen til den store leikeplassen på Foldnes. Her leika vi rolleleik, dissa, balanserte og fann små maur som vi studerte. Til lunsj hadde vi grilla pølser i brød eller lompe. Nok ein fin tur med strålande ver!

Torsdag var 4 og 5 åringane på påskevandring i Foldnes kyrkje. Barna fekk vere med på ei reise der dei fekk høyre om påskeevangeliet og kva som skjedde med Jesus.

Onsdag var det høgtlesing av "Spisetid" inne på det litle rommet vårt!

Vi avslutta veka med gym på fellesrommet og gul-lunsj i barnehagen. Vi dekka på tre bord og vi kosa oss med mykje god gul mat som appelsinjuice, ost, minimais, paprika, tomat, appelsin og egg.


No tek bloggen påskeferie og vil med dette ynskje alle små og store ei god helg og ei fin påske!



Soria Moria-damene

fredag 11. mars 2016

Veke 10

Hei og god fredag!

Vi er i gang med å lage påskepynt og denne veka har barna fått lage kvar sitt påskekort. Påskeliljene er også ferdige, sjå på biletet under kor flotte dei blei!









Det er fleire barn som har fått dinosaurfot denne veka, det betyr at dei har samla opp fem Willy-merker. Desse Willy-merka har dei fått fordi dei har gjort gode handlingar mot andre barn. No manglar det ikkje mange dinosaurføtter før det blir isfest på Dinoskulen. Måndag var samarbeid i fokus der dei måtte samarbeidde to og to om å lage noko av lego, dei bygde alt frå skule, til eit ein jobb til Star Wars-skip med rampe. På aktiviteten onsdag spelte gruppene ulike spel, Villkatten, Stigespel og. Her oppstod det blant anna turtaking, samarbeid, glede og skuffelse. 

Tysdag fekk dei barna som krinsa til Foldnes skule reise på besøk på SFO. Dei andre barna gjekk på tur til ein av dei mange leikeplassane på Foldnes. Her fekk barna utfalde seg ved å balansere, disse og rolleleik. Vi hadde teke med oss nokre bøtter, spader og oppvaskkoster, så det oppstod mykje fin leik. Det var stårlande vèr denne dagen, så vi tilbragte resten av dagen ute i barnehagen. 

Onsdag hadde Aina høgtlesing av boka "Dille biter" inne på det lille rommet. Etter lunsj var alle dei store avdelingane ute. Monika har gått til innkjøp av nye bøtter og formleikar ute, så dette var ekstra stas. 

På torsdag hadde vi smågrupper. Barna fekk blant anna prøve å jobbe med trolldeig, ein deig som kan samanliknast med modelleringsleire. Resultatet får dykk sjå når det nærar seg påske! 

I samling har vi hatt påske som fokus. Barna har fått høyre påskeevangeliet, sunge påskesongar og lært nokre nye teikn knytt til påske.


Ynskjer alle ei stårlande helg!

Soria Moria-damene

fredag 4. mars 2016

Veke 9

Hei og hå!

Vi er allereie i mars månad og i den første vårmånaden. 

Tysdag var sjølve barnehagedagen og slagordet i år var "Les høgt for oss!". Denne gangen handla det om barnehagen sitt arbeid med å sikre barn ei god språkutvikling med særskilt vekt på å lese høgt for og med barna. Denne dagen samla dei store avdelingane seg for bokkino på fellesrommet med  "Geitekillingen som kunne telje til ti". Etterpå fekk barna låne bøker av barnehagen med stempla lånekort. Minner om frist for levering tysdag 8 mars.


På dinoskulen har dei forsatt på venneferdighetskapittelet og snakkar om å det å vere ein god venn. Dei har starta ein vennskapsklubb der dei vaksne deler ut Willy-merker når barna gjer noko fint mot nokon andre. Dette kan vere eit komplement, hjelpe, dele eller inkludere andre barn. Barna har laga hjelpekort der dei har fått hjelp til å skrive kven dei ynskjer å hjelpe og med kva. Mari har vore på besøk og barna har har stått i kø etter å hjelpe ho med det ho ikkje har fått til aleine. Dei avslutta dinoskulen denne veka med å lage kva si hjelpende hand, dei dei inni handa har skrive noko dei ynskjer å hjelpe til med i barnehagen. Her kom det fram at mange ynskja å hjelpe ein venn i barnehagen. 


Torsdag hadde vi gruppedag. Nokre av barna var med å lage lunsj, andre måla og resten var med å spele Villkatten. Puslespel og speling er ein god favoritt for tida. Her oppstår det også mykje gode venneferdigheiter og samarbeid, nettopp fordi barna er gode på å hjelpe kvarandre og pusle saman.




På torsdag åt vi frukt på hauen og filosoferte. Her får barna undre seg over om gjenstaden flyt eller synk, samtidig som dei får øvd seg på omgrepsforståing. 


Fredag forsatte vi med målinga. Barna held på å lage påskeliljer som dei skal ha med seg på påskevandringa i kyrkja. Til lunsj fekk vi servert fiskekaker i pita.

Ynskjer alle ei fin helg:)

Soria Moria-damene