fredag 26. september 2014

veke 39

Matimba frå Zambia
I magisk samling denne veka fekk vi være med på ein liten reise til Afrika. Barna stilte seg forventningsfullt opp i lang rekke klar til å gå på fellesrommet på samling. Der inne satt ei dame med fremmedarta klær på seg og venta . Ho spelte afrikansk musikk og hadde afrikanske gjenstander stilt opp på eit håndlaga afrikansk batik klede. 


Matimba hadde med seg dataen og viste film og bilder på storskjerm. Barna fekk sjå barn som dansa og sang, barn i klasserom som hadde undervisning, heime i huset til ein familie og ville dyr frå Afrika. Leopardar, elefantar, sjiraffar, bøflar, apekattar og ikkje minst løver. Barna syns det var kjempespennande og pekte og kommenterte høylydt. Etterpå fekk barna komme fram og sjå nærmare på gjenstandane og snakke med Matimba. 

Lise - alias - Matimba har vore i Zambia gjennom sitt studie på høgskulen. Det var ein del av faget "Global Knowledge". Denne grundige kjennskapen til det Afrikanske landet delte ho med Soria Moria på ein gøy måte som engasjerte barna. Matimba sa at ho kanskje kjem på besøk til Soria Moria ein annan gong også. Det høyrest spennande ut !!



Oscar fyller 3 år denne veka. Vi feira han fredag med bursdagssamling. Oscar fekk bursdagsrakettar, fine ord, krone og kappe og til slutt ein fin ting frå bursdagskista. Gratulerer Oscar. 

God helg !!!

Lise, Mariel, Eva Birthe og Bente 


fredag 19. september 2014

Veke 38


På tur til Indianerskogen


Det flotte været berre fortsette, vi er heldige !!!!! I sånt vær er det ein fryd å gå på tur. Treng berre ta på jakke og sko, (hurra) så er det avgårde. Foten går lett og humøret er på topp, positiv opplevelse for alle. Målet for tur denne veka var Indianerskogen. Barna leikte ulike rolleleikar i små grupper. Det låg meterialer der som innbydde til hyttebygging. Materialane vart til ein butikk med salg av ved og frisørsalong. Dette var så gøy at fleire og fleire av barna kom og var med på leiken, til slutt leikte alle denne leiken sammen. I sekken hadde vi smurte polarbrød og saft. 

Tobias har hatt bursdag denne veka, han fylte 5 år på torsdag. Han vart feira med burdagssamling, bursdagskrone, 5 "rakettar", hjerte med fine ord frå dei andre barna og til slutt fekk han velge ein ting frå bursdagskista. GRATULERER Tobias !!!

Torsdagsgruppene har gått av stabelen med tredje gong med same tema. Det vil seie at neste veke begynner vi med tre nye tema som skal rullere i tre veker. Spennande å sjå kva det blir. Barna syns det er gøy med grupper og ser etterkvart at alle får være med på det samme, ikkje same dagen, med til sjuande og sist.

Brusflaskebowling ute på plassen





Elvebåtløp med kustig elv i sandkassen


 
Magisk samling fredag tok barna med på eit møte med Pulverheksa i Pulverskogen. Bente fortalte historien om Pulverheksa og Krokodillen. Krokodillen likte ikkje vinteren og ville forlate Pulverskogen og flytte til Afrika for å sleppe å fryse sånn når kulden satte inn. Barna kan sikkert fortelle korleis det gjekk med krokodillen, og kva alle vennene i Pulverskogen gjorde for at Krokodillen ikkje skulle reise frå dei.





Dinoskulen er starta opp. Førskulebarna er veldig klar til å starte på "skulen". Dina har komt på besøk, veldig kjekt å møte Dina. Willy har vært innom også og han er kjempekul. I første kapittel som heiter Apatosaur får barna kjennskap til reglane på Dinoskulen. Dei første tre reglane er STILLE HÅND (rekke opp hånda og vente for å seie noko), INNESTEMME og HENDER OG FØTTER FOR SEG SJØLV.


På foreldremøtet tirsdag kveld fekk alle foreldrene være med på magisk samling. Foreldrene kom inn på eit dunkelt fellesrom med bølgemusikk og trolsk stemning. Dei satte seg på golvet slik barna pleier å gjere, og fekk høyre historien om REGNBOGEFISKEN. Ansiktene til foreldrene fortalde at dei levde seg inn i historien og "kjendte det i magen". Når noko er magisk så "kjenner ein det i magen", den følelsen er eit sikkert teikn på magi.


                Magisk stemning på fellesrommet med REGNBOGEFISKEN



Fredagens meny var fiskekaker i pitabrød. Barna digga det og åt store porsjonar, nam. 

God helg !!!!!

Lise, Mariel, Eva-Birthe og Bente. 



fredag 12. september 2014

Veke 37

Nytt leketelt på avdelingen. Grilling i gapahuken. Togbanebygging på avdelingen

Ei veke har gått med mange flotte soldagar og varme. Nesten T-skjorte-vær og kalendaren viser høstmånanden september. Herligt !!!

Derfor har vi vært mykje ute desse dagane, på tur, på leikeplassen i barnehagen og på haugen. 

Emmelin fylte 4 år og vi feira mandag med bursdagssamling. Emmelin fekk rosa krone med prinsesser på, bursdagshjerte med fine ord frå dei andre barna, bursdagsrakettar og ho fekk velge ein ting frå bursdagskista. Gratulerer Emmelin !!!

På tirsdag gjekk turen til Gapahuken sammen med Tryllefløyten. Barna koste seg i skogen med f.eks å bygge hytte av plankar, plukke blomster, leike ulike rolleleikar og disse på taudissa. Vi hadde med grill, så barna åt hotdogs til lunsj med saft til, kjempegodt.

Fredagen hadde vi eventyrsamling. Mariel tok oss med på magisk samling og fortalde eventyret om REGNBUEFISKEN. Vi lånte grupperommet til Flåklypa for der er det ein heil vegg malt med fiskemotiver og det hjalp til for å leve seg inn i historien.

Etter lunsj hadde vi grupper igjen med samme temaer som forrige veke. Gruppene rullerer på temaene. 

Eva Birthe laga kjøttboller i saus med poteter og grønnsaker til, nammings .

Riktig god helg alle sammen !!!

husk foreldremøte tirsdag 16.09.14 kl 18

Lise, Mariel, Bente og Eva Birthe :)  

fredag 5. september 2014

veke 36

Gruppeaktivitetar f.v.: Sanseboks til sanseløypa, skillingsbollar klar til steiking, klinkekulemaling


Vi har starta opp med torsdags grupper denne veka. No på torsdag delte vi oss i tre grupper, gruppene er dei same som ved bordet når vi har måltid. Barna fekk velge navn på gruppa sjølv, og det var ein demokratisk prosess der fleirtalet "vant". Gruppene heiter då : TUSSELUSS, SOPP og REGNBOGE.


Gruppeaktivitet som går over tre veker 

  • Sanseløype på fellesrommet
  • Baking på fellesrommet
  • Klinkekulemaling på avdeling


Turen på tysdag gjekk til Gapahuken og denne gongen var det kun Soria Moria. Barna var i utforskande modus og fann mange spennande soppar, og kikka på mauren som bur i skogen der. 


Fredagen hadde Lise eventyrsamling på fellesrommet. Barna fekk møte edderkoppen Aninsi og høyre den spennande historien om når han delte visdomen sin med heile verden. 


Det blir foreldremøte tysdag 16 september, meir informasjon om dette kjem. 




God helg!

Helsing oss på Soria Moria