fredag 26. juni 2015

veke 26

Denne veka har vore prega av at det er ferietid. Det har vore få barn på avdelingen og det betyr roligare dagar og ikkje så stram timeplan. Ein får litt feriefølelse rett og slett sjøl om vi er i barnehagen. 

Veka begynte med ein strålande fin SOLDAG, og den benytta vi til å få mest mulig sol i fjeset utandørs. Det var vamt og fint og vi var ute på leikeplassen og oppe på haugen.

Tirsdag fekk vi besøk av ein annan barnehage som ville komme og sjå korleis vi har det her i Leirstaden. Det var VEKSTHUSET BARNEHAGE og vi rakk å leike saman og bli litt kjendt. Veldig spennande og kjekt å få besøk.

Turdagen denne veka var på torsdag. Vi stilte oss opp på turtauet og traska ivei bortover KYRKJEVEGEN mot GAPAHUKEN. Der inne i skogen måtte vi etter ei lita stund rømme tilbake. Det var MAUR OVERALT. Mauren kom krypande oppover beina og overalt,og det var rett og slett umuligt å bli verande i skogen. På tilbakevegen stoppa vi ved TUSSETJØDNA barnehage for å sjå på barnehagelivet der. Vi vart invitert inn på besøk og fekk komme inn og leike på leikplassen deiras. Kjempekjekt!! Så vart vi litt kjendt med den barnahagen også. To nye bekjendtskaper på ei veke, gøy !!!

I Tussetjødna var det ein kjempekul gravamaskin
Theon fyller 3 år denne veka og vi feira den fredagen. Theon fekk fin kappe og krone på . Han fekk bursdagssang og tre fine lilla rakettar som han valgte farge på sjøl. Han fekk velge seg ein fin ting frå BURSDAGSKISTA, og til slutt fekk han hjerte med fine ord frå dei andre barna. GRATULERER MED DAGEN THEON !!!

Theon 3 år !


Fredag er det siste dagen til ERIK. Han går på ferie og kjem ikkje tilbake i barnehagen, men skal begynne på FOLDNES SKULE til hausten. Erik hadde med kake som vi koste oss med til frukten, og i tillegg fekk vi fem fine barnebøker frå Erik som avskjedspresang til alle på Soria Moria. LYKKE TIL I 1. KLASSE Erik !!!

Nye bøker frå Erik
Bloggen tek no ferie fram til hausten.
 RIKTIG GOD FERIE TIL ALLE BÅDE STORE OG SMÅ FRÅ ALLE PÅ SORIA MORIA !!!


fredag 19. juni 2015

veke 25

Stor og liten lego er pop for tida
Sommarn fortsetter fremdeles å late som om den er komt til oss. Egentlig er den ein heilt annan plass, men kalendaren lurer oss til å tru at den er her.....

Derfor er vi litt meir inne enn vanleg på denne tida. Vanlegvis i juni pleier vi å hive på jakke og sko etter frukost og storme ut i den varme sola. Men når gradestokken viser 9 grader er det godt å være inne og leike om formiddagen. Lego er veldig poppis no for tida. Det blir bygga med store og små legoklossar og det blir mykje fin konstruksjonsleik ut av det. Barna samarbeider og viser fine venneferdigheter i leiken. Av og til oppstår eit problem, uenighet, som må løysast. Då er det godt å ha lært problemløysing på Dinoskulen, og førskulebarna lærer det vidare til dei andre barna på avdelingen. 

Tirsdag pakka vi sekken og traska ivei langs KYRKJEVEGEN mot GAPAHUKEN. I sekken hadde vi også pakka med SLAKK-LINE.Den vart spent opp mellom to furustammer i skogen. Der balanserte vi og barna fekk utfolde seg motorisk og trente auge-fot koordinasjon. I skogen krydde det av maur. Dei klatra på alt, trær, skoene våre og til og med opp i tursekken. Til lunsj åt vi påsmurte skiver med kakao til.
Balansere på slakk line

Onsdagen var vi inne før lunsj med samling med Kims leik. Objektene i leiken var litt uvante for barna. Slik fekk dei trene nye begreper som sytråd, skrujern m.m. Viktig og god begrepstrening, samstundes som ein må konsentrere seg om å hugse.

Torsdagen hadde føskulebarna sin tradisjonelle avslutningstur. I år gjekk turen til det splitter nye VIL VILTE på Sartor. Førskulebarna på Soria Moria, Tryllefløyten og Flåklypa gjekk saman på turen. Det var supergøy å være der, så mykje gøy og spennande å gjere. Det var vindtunnel, hanggliding, forsking og mykje meir. Barna ville aller helst ha vært der resten av dagen. 
Dei andre barna som var igjen i barnehagen hadde gym på fellesrommet.

Kjempegøy på VILVITE

Fredag var vi inne før lunsj og leikte valgfrie leikar. Etter lunsj måtte vi ut og lufte oss og leikte nede på plassen og oppe på haugen. 


Til lunsj laga Eva Birthe deilig og varmande SKIPPARGRYTE som gjekk ned på høgkant. Nam nam.

GOD HELG !!! og GOD FERIE til dei som startar ferie.

Soria Moria folket :)




fredag 12. juni 2015

Veke 24

Hekser og såpebobler ynskjer velkommen til festen.


Tirsdag var den store dagen her i barnehagen. Invitasjon var sendt ut, mat var bestilt, vi hadde øvt masse, filmen var blitt laga ferdig, roser var blitt kjøpt inn, nokon skreiv tale og alle gjekk rundt og var spent og forventningsfull. Og så var det tid for årets SOMMARFEST. 
Vi ville vise foreldrene prosjektet vårt det siste halvåret, MAGISK SAMLING. "Magisk er når du kjenner det i magen" sa Trude Anette Brendeland som holdt kurs for oss i magisk samling, då vi starta opp med prosjektet. Og den følelsen prøvde vi å få til for våre gjestar og publikum. På Tyrihans var det SAMLING FOR LITEN med sang og  trommer og huleaktig mystisk stemning. På Flåklypa var det EVENTYRET OM DÅ SNØEN FEKK FARGE dramatisert med levande rollefigurar og fin musikk av Edvard Grieg. 
Ute på plassen var det natursti med spørsmål frå barnehagekvardagen vår. Ei gøy oppgåve var å lage bokstavar med å bruke kroppen som "blyant" til å forme bokstaven med.
Inne på fellesrommet vart det vist film frå alle avdelingane med scener frå prosjektarbeidet. Alle barna som går i Leirstaden var skuespelarar i filmen.

Gøy å sjå film med kjente og kjære fjes.

Når alle hadde sett filmen så vart fellesrommet gjort klart til å gjere stas på førskulebarna. Barna med foreldre var invitert inn til ROSESEREMONI. Førskulebarna fekk kvar si rose og fine ord frå Lise som holdt ein liten tale for dei. Til hausten ventar nye tider på skulebenken for våre store flinke 6-åringar. Lykke lykke til på skulen alle sammen.  
Leikeplassen myldrer av folk på sommerfesten.
Etter alle desse inntrykkene så måtte det litt mat i magen. Været var SOL FRÅ BLÅ HIMMEL så ute på plassen stod mange bord med store panner med lapskaus laina opp og det var berre å høgge innpå. Smakte kjempegodt i svoltne magar. Til dessert var det pinneis, nam nam. 

Onsdagen måtte vi ha ein liten reprise på filmen. Alle gjekk igjen inn på fellesrommet og vi såg den fine filmen pånytt. Barna syntes det var kjempegøy og stolt over å sjå seg sjølv i stort format på stort lerret.

Torsdag var vi mykje ute på den fine haugen som er blitt oppgradert på foreldredugnaden. Kjempegøy med trappetrinn av bildekk. Den er blitt poppis og er mykje brukt kvar dag.Vi spiste frukt på dei nye benkane i leikehytta. 

Tripp trapp til topps

Fredag var vi på fellesrommet og trimma etter "MINIRØRIS" programmet på cd. Vi hoppa, twista, strekkte, vrikka, ålte, bugga og blei varm og svett i kroppen. Etter treningen smakte det godt med havregraut til lunsj.

GOD HELG !!!

Helsing SORIA MORIA :)




 


fredag 5. juni 2015

veke 23

Denne fantastiske hallen som vi har i nærområdet vårt !!!
Vekas store happening var turen vi hadde til Sotra Arena onsdagen. Vi fekk lov til å låne hallen og alt det gøye inni den heilt for oss sjølv. Soria Moria, Flåklypa og Tryllefløyten gjekk saman frå barnehagen bort til idrettsparken. Barna var kjempespent og forventningsfulle og gleda seg. Og Sotra Arena levde heilt og fullt opp til forventningane. Barna hadde det kjempegøy og var i full aktivitet heile tida. Dei kunne hoppe og rulle på tjukkasene, stupe kråke, seile på lita seilebane, gynge på gyngeendene, slå hjul, sykle, løpe på banen og masse meir. Svetten silte og kinnene blei raude og munnane smilte. Mange glade barn og sjå. Som avslutning hadde vi sirkelsamling med song og uttøying. Kathrine på Flåklypa kjørte oss tilbake så vi slapp å gå for det var mange slitne barn etter fleire timar i aktivitet.

Ellers har vi vore mykje ute både nede på plassen og oppe på haugen. Som alle veit så ventat vi framleis på sommarn....den lar vente på seg så litt surt og kaldt og vått vær er det masse av sjølv om juni er godt igang.

Tirsdagen om ettermiddagen etter stengetid avvikla SU ved Leirstaden foreldredugnad i barnehagen. Mange møtte opp og mykje bra arbeid vart utført. Flott gjort !!!

Fredagen koste vi oss med fiskekaker i pitabrød med grønnsaker til som lunsj. Været var så bra at vi var ute mesteparten av dagen. 

Husk sommarfesten i barnehagen tirsdag 09.06.

God helg til alle sammen frå alle oss på Soria Moria :)