fredag 27. november 2015

Veke 48

God fredag!
Her kjem ei lita oppdatering i bilder om kva vi har gjort denne veka. Som ein kan sjå så er vi i juleførebuingsmodus.


Kjensletermometer på Dinoskulen

Fargelegging av juleteikningar

Vi har pynta peparkakeborga og levert den frå oss.
Adventskalederen er klar! Vi har pynta peparkakehjartene og hengt dei opp i vindauga på Soria Moria.
Frå musikksamlinga på biblioteket. Temaet var fargar og bakemester Harepus tok turen.
Sjølvaste Julenissen tok turen til oss på biblioteket. Han opna peparkakebyen på biblioteket ved å klippe det raude båndet. I ei korg hadde hadde han peparkaker til alle barna.

Denne veka har vi hatt mange koslege måltid i stummande mørke og med lys på bordet


 Ynskjer alle ei fin helg!



fredag 20. november 2015

Veke 47

Da var det fredag igjen!

Veka starta med mykje nedbør og vind, så på måndag tilbragte vi faktisk heile dagen inne. Mens dei eldste barna var på Dinoskule hadde dei andre barna Minirøris saman med Ania inne på avdelinga. Etter lunsj hadde vi kino inne på fellesrommet saman med Tryllefløyten og Flåklypa, vi såg Pippi.

På Dinoskulen denne vekka har vi snakka om at kjenslar kan endre seg. Måndag tok Mari turen innom og med seg hadde ho ein teikning ho ville fullføre. Da ho starta å teikne, teikna ho noko utanfor streken og viste ei frustrert kjensle. Barna kom med ulike løysingar til at ho ikkje måtte gi opp, dei hjalp ho med å viske bort det ho hadde teikna utanfor streken og dei hjalp ho å teikne vidare på teikninga. Maria satt da igjen med ei stolt kjensle i kroppen sin. Vi avslutta Dinosamlinga med komplimentsirkel, der barna fekk halde ein engel i hand si medan dei skulle sei noko fint om seg sjølv og den som sat ved sida av seg.

Onsdag kom Dina innom ein tur og fortalte om den gangen ho skulle lære å fly. Dette var ei frustrerande kjensle for Dina, fordi ho ikkje fekk det til. Men Dina gav ikkje opp og prøvde på ny og på ny og til slutt lærte ho seg å fly. Sjølv Dina satt igjen med ei stolt kjensle! Vi avslutta samlinga med ein aktivitet der kvart av barna fekk kvar si skoeske og ei klinkekule. Midt i eksa var det ei hole som kula skulle trille oppi. Barna måtte konsenstrere seg, vise tålmodigheit for at kula skulle trille oppi og dei viste meistringskjensle og stolthet når dei fekk det til.


På turdagen denne veka spaserte vi den vesle vegen opp til "Hauen". Det er ei stund sida vi har vore der no, så barna tykte det var stor stas å få utforske seg i terrenget der oppe. Dei leika butikk i dukkehuset, dissa i UFO-dissa, leita etter insekt og berre det å gå i den nye dekk-trappa vår er motorisk utfordrande, for dei yngste. Lunsjen tilbragte vi inne i dukkehuset mens det blåste og plaska ned utanfor.


Onsdag, før lunsj, las Aina boka om "Trollet under trappa", barna satt nysgjerrige og stille å fulgte med. Under trappa i huset til Celina bur det eit troll. Ein dag turte ho å liste seg ned i kjellaren, men det var berre Tussetrollet som hadde blitt forkjøla. Det viser seg at Tussetrollet ikkje er noko skummel..


Gruppedagen på torsdag gjekk med til peparkakebaking. Dinoskulebarna fekk sjablongar som Ania hadde laga som blei til veggane og taket til ei borg. Dei andre barna fekk trykke ut andre figurar og dyr med peparkakeformar. Vi har også trykka ut hjarter som vi skal pynte til adventskalendaren vår.


Leik på avdelinga

Ynskjer alle ei god helg!!

fredag 13. november 2015

Veke 46

Hei hei!

Nok ei veke er omme og ei ny helg står for tur. 

På Dinoskulen handlar det forsatt om kjenslar. Måndag kom Mari på besøk og vi snakka om det å vere einsam. Inger Ann las om Albert Åberg som fekk seg ein ny venn som heit Viktor. Onsdag kom ei frustrert og oppgitt Dina på besøk, ho hadde nemleg mista vingene sine og fann dei ikkje, uansett kor mykje ho leita. Ho hadde ei boblande, ubehagleg kjensle i magen sin. Med god hjelp frå Dinoskulebarna fann dei vingene hennar bak pianoet på fellesrommet. Gjensynsgleda var stor og Dina fekk ein god kjensle i kroppen sin. Etterpå fekk barna klippe ut ulike ansiktsutrykk frå balder som dei limte under tema glad, ivrig, sint, trist. 


Turdagen på tysdag skulle opprinneleg gå til Indianerskogen, men av og til i barnehagen så må vi endre planene i siste liten. Vi gjekk derfor til den første gapahuken på Kyrkjevegen, dette var ein ny turplass for dei fleste barna fordi det er lenge sida vi har vore der. Her var det ei elv med ei hole som gjekk gjennom til andre sida av vegen. Barna fekk bruke sansane sine ved å sjå, kjenne og høyre på vatnet som rann. Til lunsj hadde vi påsmurde skiver og kakao. 

Onsdag føremiddag fann Aina fram måling, målekostar og målefrakkar og mange glade barn fekk måle. Barna fekk vere kreative og uttrykke seg estetisk. Dei fekk skape noko eige, velje farge, velje kva dei ville måle utan innverknad frå den vaksne. 

Gruppedagane framover vil vere noko annleis enn vanleg. Barna vil bli delt opp i større og mindre grupper der vi har ulike juleførebuande aktivitetar. Denne torsdagen har vi starta på nokre julekort som vi ikkje kan fortelje så mykje meir om enda. 

Ania har teke med nokre leikar som ikkje barna hennar leikar med lengre, som er til stor stas for barna på Soria Moria. Det har derfor vore mykje fisking denne veka og på kroken har barna fått alt frå små fisk, til hai og støvlar. 

Fredag hadde Ania samling på det lille rommet på avdelinga. Ho dramatiserte historien om "Lille larven aldri mett". Til lunsj fekk vi servert fiskepinner og pommes frites. 





Ynskjer alle ei fin helg!

Helsing oss på Soria Moria

fredag 6. november 2015

Veke 45

God fredag!

Denne veka har vore noko kortare enn vanleg, fredag var det planleggingsdag og barnehagen har derfor vore stengd.

På Dinoskulen denne veka har vi forsatt med kjensler. Vi har teke fram spegla igjen og studert oss sjølv når vi lagar ulike kjensler. På aktiviteten på måndag fekk alle utdelt kvar si Willy-dukke som dei kunne bytte munn-utrykk på. Sølvi las ei historie om Willy og barna måtte følge med på det som blei sagt for å finne det rette munn-utrykket til Williy (glad, trist, sint, redd). Onsdag fekk kvar gruppe utdelt ein stor terning med ulike ansiktsuttrykk på, barna trilla etter tur og måtte vise og fortelje om ein gang dei hadde hatt nettopp denne kjensla.


Tysdag gjekk turen til Gapahuken på turstien, vi samla naturmateriale, Ania laga hus på bakken ved hjelp av teknikken "landart". Til lunsj grilla vi fiskekaker som vi hadde på skive og drakk kakao til. 

Torsdag delte vi avdelinga i to grupper. Den eine gruppa laga heimelaga pizza, mens den andre gruppa laga eit kjempefint bilete (ein gut og ei jente) ved hjelp av naturmateriale som vi samla inn på turdagen.

Til lunsj på torsdag åt vi heimelaga pizza som den eine gruppa hadda laga.

Torsdag markerte vi også bursdagen til Karmine som fyller 5år i helga. Håper ho får ein fin bursdag!

Ynskjer alle ei fin langhelg!