fredag 30. januar 2015

VEKE 5


Turen på tirsdag gjekk til den Gapahuken som ligg lengst inne på Kyrkjevegen. Det var litt surt og kaldt som typisk er ein tirsdag i januar, så det var godt at vi hadde kakao og varme oss på til lunsjen. Vi gjekk saman med Tryllefløyten og barna hadde mykje fin leik sammen på tvers av avdelingane. 


Gapahuken gir oss heldigvis  tak over hovudet under lunsjen.


På dinoskulen denne veka har borna lært om korleis dei kan ignorere eller ikkje bry seg når nokon plager.  På mandag hadde dei popcorn fest, då dei no hadde gått igjennom alle dei seks ulike løysingane dei kan bruke når dei møter på eit problem.  Det beste med alt er at dei bruker strategiane i kvardagen.



POPCORNFESTEN PÅ DINOSKULEN  ER IGANG !!!!!!
Fredagen tok vi fram stålviljen og la ivei til biblioteket. Det var ikkje mangel på argumenter for å droppe turen; iskaldt sludd midt imot, kald vind osv. osv. MEN så veit vi av erfaring at når vi først kjem fram til biblioteket så er det verd litt strev, for det er så utrulig KJEKT å være der. 
På BIBLIOTEKET fekk vi høyre eventyret om "Guten som gjekk til nordavinden og kravde att mjølet" levande fortalt av bibliotekarane Eilin og Ketil. 

Tilbake i barnehagen venta Eva Birthe sin fredagsrett; deilig god fiskegrateng med grønnsaker og poteter til. Det varma godt i magen. 

Det går vannkoppar i barnehagen for tida. Mange barn er smitta. 

Hjelparar denne veka har vore Erik og Vilde.

HUSK planleggingsdag fredag 6 februar. 

God helg !!!

Ania, Eva Birthe, Stine og Bente


fredag 23. januar 2015

Veke 4

Sølvi med Mari på sykkelen
Dinoskulen handlar om problemløysing. No har barna lært og øvt på fem ulike problemløysingsstrategiar
  • å dele
  • å spørje
  • å hente ein vaksen
  • å vente på tur
  • å be om unnskyldning
I aktiviteten har barna øvt på å vente på tur ved å stå i kø for å blåse såpebobler. Barna fekk like lang tid kvar. Tiden vart målt ved TORNADOFLASKA (stort timeglass) Barna har sammen med Mari øvt på å be om unnskyldning hvis ein er uheldig og t.d. ødelegger noko som andre har bygga. 

Vi går på tur


Turen tirsdag gjekk til leikeplassen på Foldnes. Vi gjekk saman med Tryllefløyten. I sekken hadde vi grill, grillpølser, pølsebrød, lomper og saft. Det smakte nydeligt. 
Været var SOL FRÅ BLÅ HIMMEL, så perfekt grillvær og kjempefint og være ute på tur. 

Denne veka har vi fått igjen for alt styggeværet som var i forrige veke. Det har vært mange flotte soldager med fint vintervær og vi har hatt mykje fin utetid både nede på leikeplassen og oppe på haugen. 

Fredagen koste vi oss med god varm lapskaus til lunsj, kjempegodt.

God helg !

Ania, Eva Birthe, Stine og Bente




fredag 16. januar 2015

Store klossar blir til tal
Været er eit hett tema for tida. Det går i storm, hagl, sludd, regn, tidvis orkan i kastene, kuling, meir regn, lyn og torden, stort sett det meste innan RUSKAVÆR. Stormen Nina herja forrige helg, og la igjen mange spor og merker etter seg. Då vi kom i barnehagen mandag låg det store fine furutreet på haugen rotvelta nedover berget, og ein stor stein hadde falt ned rett ved dissene. Flaks at dette skjedde når ingen var i barnehagen. 

Vi lager vulkanutbrot i sandkassen. Bakepulver, Zalo og vatn blir til fossande "lava"


Med sånne værtilstander blir det mykje leik inne på avdeling. Turen tirsdag var spasertur "Foldnes rundt til fots" Vi stoppa undervegs og såg spor etter "Nina". Tilbake i barnehagen gjekk vi inn og spiste skiver og drakk kakao til lunsj. 

Løsnings lyspærene blir fargelagt
På Dinoskulen lærer barna å løyse problem. Willy kjem og fortel om ulike hendelsar på skulen der han fekk eit problem. T.d. ein gong i friminuttet då ein annan gut kom og tok ballen ifrå han. Barna kjem med forslag til Willy om kva han kunne gjort for å løyse problemet. Barna har lært tre ulike problemløysingsstrategiar; 
  • Å dele
  • Å spørre fint 
  • Å hente ein voksen
Problemløysingsstrategien vert visualisert med ei teikning av løysingen inni ei teikna lyspære. 

Mandag hadde vi gym på fellesrommet saman med Tryllefløyten og Flåklypa. Vi gymma etter eit program som heiter "Minirøris", som vi hadde på cd plate. I tillegg hadde vi ein stor plakat med bilder av bevegelsane, som vi kunne sjå etter for å få det til.

Ania er begynt på Soria Moria og jobbar her fulltid. Vi er så heldige at ho skal være hjå oss ei tid framover.

Lise har sin siste dag på Soria Moria fredag. Frå mandag av kjem ho til å ha sitt daglege virke på Tyrihans. Takk for no Lise. 

Hjelparar denne veka har vore Eldar-Johan og Emmelin.

Fredag laga Eva Birthe kjøttkaker i brun saus til lunsj. Nammings, smakte fortreffeligt og gjekk ned på høgkant. 

Riktig god helg. 

Ania, Lise, Stine, Eva Birthe og Bente.

fredag 9. januar 2015

Godt Nytt År !!!
No er alt tilbake til normalen med alt her i barnehagen etter jula. Me er veldig godt igang med det nye året  og alt er i gjenge som før. Alle har hatt mange gode fridagar i juleferien og fått lada batteriene til topps igjen. 


Byggverket vert beundra.

Barna synes det var stas å treffes igjen etter ferien. På avdelingen har det vært litt færre barn denne veka og det gjer til at stemningen er roligare og leiken meir konsentrert. 

På Dinoskulen har vi begynt på eit nytt kapittel som heiter Stegosaurus. I dette kapittelet skal barna lære om problemløsning. Willy lærer vekk sine lure måtar å løyse problem på. Det er kanskje ikkje berre ein løysning, det fins ofte fleire, og det gjeld å finne fram til den beste løysingen på problemet. 

Dinobarna løyser byggeproblem saman.


Tirsdagen gjekk turen på Kyrkjevegen bort til den første gapahuken. Været var ikkje av den beste sorten, så vi gjekk tilbake til barnehagen for å ete lunsj. Påsmurte skiver og mjølk. 

Dorthe har hatt bursdag denne veka og vi feira ho på mandag. Dorthe hadde fin rosa kappe på og fin bursdagskrone med Disney prinsesse motiv. I samlingen fekk ho velge sang og ein fin ting frå bursdagskista. Vi fyrte av seks flotte "rakettar", og barna sa fine ord til ho som ho fekk med seg heim på eit raudt hjertepapir. GRATULERER med seks års dagen Dorthe !!!

Stine er tilbake på Soria Moria etter endt fødselspermisjon. Barna, og dei voksne også såklart, syntes det var superkjekt å ha ho tilbake på avdelingen igjen. 

Hjelparar denne veka har vore Justin og Oskar.

God helg !!!

Stine, Lise, Eva Birthe og Bente