fredag 29. januar 2016

Veke 4

Hei og god fredag!

Denne veka er snart omme og helga står for tur. Det har vore vått denne veka, så vi har bytta ut dressen med regntøyet. Turdagen denne veka gjekk til den første gapahuken på Kyrkjevegen. Her var det ei elv som vi måtte utforske, barna fann pinner som dei brukte som fiskestenger, vi lagde hytter inni einebærbuskene og åt påsmurde skiver og drakk saft.


Dinoskulen har fått presentert fleire strategiar på problemløysing denne veka, som det å oversjå noko og å spørje ein vaksen dersom eit problem oppstår. Dei har snakka om å prøve å finne løysingar sjølve, og om det er ei god eller dårleg løysing. Samtidig har dei snakka litt om konsekvensar, og fokusert på at gode løysingar er positive, og at dårlege løysingar gjer at begge partar sit igjen med ei dårleg kjensle. Etter å ha vore innom alle seks strategiane på problemløysing, vart det popcornfest på dinoskulen. Det var stor stas med disco og popcorn. 


Onsdag las Aina "Hvor er Elling?" og etterpå fekk alle barna teikne kvar sin elefant.
Vi har jobba vidare med fagområdet "antal,rom og form" desse vekene. Telleramsen til 10 er visualisert på avdelinga, vi har også vist talet på ulike måtar; med konkretar, det å telje på fingre, på terning og på teikn.

Her har vi fargelagt ulike teikningar laga av ulike formar, samt teikningar av ein høg og ein låg person. Vi sorterar også fargene. 


På gruppedagen torsdag fekk nokre av barna lakke neglene sine hos Ania, andre leika med geometriske klossar/puslespel og nokon var med å lage ostesmørbrød til lunsj.

Fredag vart ein innedag for alle i Leirstaden, grunna ektremveret. Vi åt hamburgar til lunsj og alle dei store avdelingane samla seg på Tryllefløyten for minirøris og kino. Minirøris er eit morosamt og variert rørsleprogram for barn i barnehagen. Her får barna stimulert kondisjon, styrke, bevegelighet, balanse og avspenning. Det er oppdelt i fem deler - start, leik på govlet, opp og hoppe og nedtrapping med kvile. 



Ynskjer alle ei fin helg!

fredag 15. januar 2016

Veke 2

God fredag!

Vi er allreie i midten av januar og vintervèret viser seg frå si beste side. Endeleg er snøen her! Denne veka har vi blant anna laga ulike variantar av snømenn, vi har aka og laga engler i snøen.


dinoskulen har dei jobba vidare med problemløysingskapittelet. Dei har hatt stragtegiane "å dele" og "å spørje". Måndag laga dei dinosaurar av modellerkitt til borgene dei laga i forrige veke. Alle fekk kvar sin farge med modellerkitt, og så måtte dei spørje dei andre på gruppa dersom dei ynskja andre fargar. På denne måten måtte ein trene på å dele og å spørje.  Veit du korleis kan ein spørje fint?

Turdagen vår vart flytta til torsdag denne veka. Vi tok med oss turmat og gjekk opp på haugen. For små barneføtter er det tungt å komme seg fram i kram nysnø. Vi prøvde våre nye vaffeljern på bålet.

Vi jobbar med fagområdet "antal, rom og form" denne månaden. Så denne veka har formar vore i fokus. Barna har blant anna blitt introdusert for kvadrat, rektangel, trekant og sirkel. Dei har fått fargelagt teikningar laga av ulike formar og dei eldste barna har gjort fargeleggingsoppgåver der dei har farga dei ulike formane. Barna har fått prøve potettrykk, der poteta har vore skjært ut som sirkel, rektangel, firkant og trekant. Nokre av barna har fått vore med å lage vaffelrøre, der ein må måle opp ingredienser som skal vere i røra.


Fredag hadde Ania gym på fellesrommet med barna,vi har vore mykje ute å aka og til lunsj fekk vi servert lapskaus!

Ynskjer alle ei fin helg!


fredag 8. januar 2016

Veke 1

Hei alle saman!

Vi ynskjer alle barn og vaksne eit riktig godt nytt år! Vi er allerede ei veke inn i det nye året og så langt har det nye året gitt oss nydeleg vintervèr. Det har vore kaldt, men sola har skint og det er deilig å komme inn i varmen etter å ha vore ute i frisk og kald vinterluft. 

Vi har starta året i eit roleg tempo, vi har fått tre nye jenter på avdelinga og gleder oss til å verte enda betre kjende med dei. Denne veka har vi brukt til å bli kjent, skape relasjonar og venskap, men og komme inn i rutinene i barnehagekvardagen igjen. Det har blitt ein del frileik og ein del uteleik ute og på haugen. Ania har saman med barna laga islykter av ulike former og fargar. Dei heng no til pynt utanfor barnehagen og i eit tre oppe på haugen.


På Dinoskulen har dei starta på nytt kapittel; Problemløysing. Korleis kan ein vite at ein har eit problem, det kan t.d. vere ein konflikt, ein uenighet eller når vi ikkje får til noko. Kva følelsar kjenner vi på når vi har eit problem? Korleis vi kan løyse eit problem? Er det ei god eller dårleg løysing? Har vi fleire løysinger? Alt dette skal dei snakka mykje om framover, og dei vil kome til å lære seg ulike strategiar på konfliktløysing.

Kva er problemet?
Finne ei løysing?
Har vi fleire løysinger?

Ynskjer alle ei fin helg!