fredag 30. september 2016

Veke 38 og 39

God fredag!

Her kjem ei lita oppsummering av dei to siste vekene på Soria Moria. Vi har verkeleg fått kjenne på haustvêret den siste tida. Vind, regn og kaldare i vêret!

Sida sist oppdatering har vi vore på tur ned til Amfiet, der har vi spelt fotball, leika bjørn, utforska og studert ulike insekt og gått rundt og rundt inne i hekken. I sekken hadde vi med oss påsmurde skiver og saft.
Vi har vore ein del ute å leika, hoppa i dammane, laga elver og innsjøer i sandkassa, sykla og rolleleik. Inne har vi spelt ein del spel, blant anna "Villkatten" og "Uno", vi har perla, leika med modellerkitt, ulike typar rolleik, dans på det vesle rommet og laga buss av alle dei små stolane.

I tillegg til uteleik og inneleik, har vi hatt nokre samlingar og lest litt. Margit Johanne hadde ei kjekk samling med oss inne på det vesle rommet, med song, tromme og rasleegg. Eva Birthe hadde også ei kjekk samling med songkorta våre, der alle fekk trekkje kvar sitt kort som vi sang. Aina har lest bok for oss.  I neste veke startar vi med FORUT-prosjekt og samlingar knytt til dette.


Vi har starta med Dinoskule og Dinogrupper. Dette er noko barna har sett fram til og gleder seg til kvar måndag og onsdag. På Dinoskulen er dei allereie ferdig med det første kapittelet, Apatosaurus. Dette kapittelet handlar om reglar og barna har lært "gi meg fem"-regla; Hender og føter for seg sjølv, innestemme, lytteøre, følge med og stille hand. Barna har til nå fått møtt Dina Dinosaur og Willy. Det er ein motivert dinogjeng! På Dinogruppene er barna delt inn etter alder på tvers av avdelingane, dei har eit nytt opplegg frå gang til gang og i haust vil dei ha fokus knytt til sosialkompetanse og vennskap. Informasjon om dette vil leiaren på gruppa sende på mail til foreldra om lag ein gang i månaden.



Ynskjer alle ei strålande helg!

Soria Moria-damene

fredag 16. september 2016

Veke 37

God ettermiddag!

Nok ei fin veke er omme. Vi har vore mykje ute denne veka i det fantastiske haustvêret.

Tysdag gjekk vi tur på turstien mellom Foldnes og Hjelteryggen. Med oss i sekken hadde vi skiver og saft. Vi stoppa ved gapahuken der vi dissa i taudissa, studerte kongler som ekornet hadde ete på og som ekornet ikkje hadde ete på. Vi studerte mauren og soppen som var i skogen. Eit par barn laga kongle-hus og nokre andre barn kjente på meistringskjensla da dei kom seg til toppen av "fjellet".


Onsdag fekk vi ny sand i sandkassa og dette var kjempekjekt. Endeleg kan vi bygge slott og tunnellar utan at dei rasar saman med det same. Det har vore mykje sandkasseleik dei siste dagane.

No tel barna ned dagar til at Dinoskulen og Dino-gruppene skal begynne. Allereie på måndag er vi i gang. Vi ser verkeleg fram til dette.

Ynskjer alle ei fin helg!

Soria Moria-damene

fredag 9. september 2016

Veke 36


Hei fredag!

Vi har vore mykje ute å nytt det deilige haustvêret vi har hatt denne veka. Vi har likevel fått tid til innleik på avdelinga der vi blant anna har leika med tog, rolleleik, perla, leika med lego, pusla puslespel, spelt spel, leika gøymsel og sunge. 


Tysdag tilbrakte vi føremiddagen inne, før vi åt ostesmørbrød og mjølk til lunsj. Da lunsjen var over tok vi på oss litt varmare klede, regntøy og støvler. Ute regna det, det rann frå himmelen. Likevel tykte dei fleste barna at dette berre var morosamt. Dei laga sølekake, leika med båter i dammene, laga elver i sandkassa og blei våte i anletet sitt. Mange kalde barn tykte det var godt å komme inn i varmen, få på tørre klede og ete frukt. Resten av ettermiddagen var vi inne på avdelinga.

Ei stort sandslott!
Vi flytta turdagen vår til torsdag denne veka. Turen gjekk til den store leikeplassen på Foldnes. Her spelte vi fotball, dissa på dissene, balanserte på det lange rekkverket og leika rolleleik. Med oss i sekken hadde vi polarbrød, pålegg og saft. Vi var kjempeheldig med vêret, med varme og strålande sol, og tilbrakte resten av dagen ute i barnehagen.


Minner om planleggingsdag måndag 12 september!

Ynskjer alle ei fin helg!

Soria Moria-damene

fredag 2. september 2016

Veke 35



Då var det fredag igjen. Denne veka har det begynt to nye barn, og vi er nå 17 barn på avdelinga. 10 gutar og 7 jenter. Så vi har forsatt fokus på tilvenning, det å skape relasjonar, vennskap og tryggleik. Vi er så smått komen i gang med kvardagen vår og på onsdag var Bodil hos oss, ho er til vanleg på Dovregubben. Ho hadde ei kjekk samling med tromme og song. 

Denne veka har cd-spelaren vår stått inne på det lille rommet vårt. Her har barna kunne danse og synge til "Vennebyen". 

På torsdag var vi ute heile føremidddagen, vi åt lunsj ute og fekk servert ostesmørbrød og mjølk. Da klokka var passert 12 kom det ein stor lastebil og vi måtte rydde saman leikene å gå inn. Dei skulle nemleg asvaltere der dei gravde tidlegare i august. Dette tykte barna var spanande, så vi fann stolar og krakker som vi plasserte foran vindauga på kjøkkenet. Barna fulgte nøye med på det som skjedde utanfor. Fredag måtte vi ut for å prøve korleis det var å gå på det nyasvalterte området. "Det var trygt å gå på asvalten" var konklusjonen. 

Vi har fått nye småperler og storeperler med nye fargar, så barna perler mykje for tida. Måndag fekk vi litt nye puslespel som Anette hadde med heimefrå, så det er også mykje pusling i inneleiken. 



Ynskjer alle ei fin helg!

Soria Moria-damene