fredag 30. oktober 2015

God fredag alle saman!

Nok ei veke er omme og helga står for tur. 

På dinoskulen denne veka har vi starta på eit nytt kapittel, Triceratops. Dette kapittelet handlar om kjensler, vi har derfor snakka om å vere anspent (sint) og avslappa (glad) i kroppen vår. Vi har snakka om korleis det kjennast i kroppen når vi har desse kjenslene. Måndag hadde vi "1,2, 3 raudt lys" der alle saman var tinnsoldatar med avishattar. Barna har fått sett seg sjølv i spegel for å sjå korleis ein ser ut i ansiktet når ein er glad og når ein er sint. Dei har også fått laga kvar sitt ansikt av ein papptallerken der dei har limt og teikna på auge, hår, nese og munn.



På turdagen vår gjekk vi eit lite stykke innover på Kyrkjevegen, vi stoppa ein stad der det er fint å leike i skogen. Her fann vi ulike typar sopp som vi studerte, vi fann konglar som ekornet mest truleg har ete av og vi klatra opp på stubbane for så å hoppe ned att. I sekken hadde vi med oss påsmurde skiver og kakao. 

Hovudfokuset har vore FORUT-basaren vi hadde torsdag denne veka. På dagen bakte vi pizzahorn som vi skulle ha for sal på sjølve basaren, samtidig som vi fekk pizzahorn til lunsj. 
Foreldre, sysken og besteforeldre tok turen til barnehagen. Først var det ei lita samling på fellesrommet med song, før det var sal av mat, kaker og lodd. Til slutt hadde vi trekning av loddbøkene på fellesrommet. 
Fredag føremiddag samla Dinoskulebarna, Monika og Siren seg på fellesrommet på å telje opp pengane frå basaren. Alle fekk først kjenne kor tung kofferten med pengane var, og dei kom med forslag til kor tung den var. Nokon tippa 1kg og andre 60 kg. Etterpå vegde vi kofferten og den var 3 kg. Ved hjelp av ei kuleramme, der kvar kule tilsvara 100kr talde vi opp pengane. Vi kom til den fantastiske sum på 10 041kr, noko som er eit imponerande resultat. Monika har levert beløpet inn i banken, og pengane er no på veg til Nepal.  

Prosjektet er over for denne gong, det har vore eit kjekt og lærerikt prosjekt. 
Tusen takk til alle som har bidratt med flotte gevinstar, mat, kaker og frammøte på sjølve dagen! 



Fredag hadde Ida Maire ei samling på fellesrommet med song og dei fekk høyre historien om Alice i eventyrland. Til lunsj fekk vi servert lapskaus og saft.

Vi minnar om at neste fredag, 6 november er det planleggingsdag i barnehagen og barnehagen er då stengd.

Ynskjer alle ei fin helg!



fredag 23. oktober 2015

Veke 43


God fredag!

På dinoskulen denne veka har vi lært oss "Vis - meg - fem" teiknet, eit teikn vi brukar istadenfor å måtte sei heile regelregla. Dina viste stolt fram kontoret sitt som var pynta med teikningar frå dinoskulebarna. Onsdag på dinoskulen hadde vi om å følge beskjedar. Willy var innom å fortalte om ein gangen han ikkje hadde fulgt med og dinobarna var hjelpeleg med kva han måtte gjere neste gang for å få med seg beskjedar. 


Vi har verkeleg fått kjenne på haustvèret denne veka. Det har verkeleg bøtta ned, vi har måtte snu støvlane opp ned i vasken for å tømme dei for vatn. Likvel har vi storkosa oss ute i regnvèret. Turdagen vart flytta til torsdag denne veka. Vi gjekk ned i Amfiet, der leika vi "tikken", var på oppdagelsesferd inni hekken, hoppa i sølepyttane og klatra i dei store steintrappane. Lunsjen tok vi på hauen, inni dukkehuset. Der var det tørt og godt å sitje å ete skive og drikke kakao, mens regnet øsa ned utanfor. 

Kommande laurdag er FN-dagen, og dagen har derfor vore i hovudfokus denne veka. Vi har hatt daglege samlingar, avdelingsvis. Fredag markerte vi dagen med fellessamling på fellesrommet saman med Tryllefløyten og Flåklypa. Inger Ann visualiserte menneskerettigheitane for oss med hjelp frå barna på Flåklypa. Etterpå høyrte vi på ulike songar, såg FORUT film og avslutta med at alle barna sto i ein ring å haldt hender mens vi song "Morgendagens søsken". Til lunsj denne dagen hadde Eva Birthe laga mat frå Nepal, linsesuppe, ris og grønsaker.




 Ynskje alle ei fin helg!


fredag 9. oktober 2015

Veke 41

God fredag!

Denne veka har Dinoskulen hatt haustferie, men vi er i gang igjen allereie måndag. 

Vi starta veka med samling på fellesrommet der vi fekk helse på ei jente som bur på Balika, ein barneheim, saman med mange andre jenter. Monki tok turen innom for å fortelje om ein heilt spesiell tur saman med Biswas, Nischal, Anjali og Puspa. Dei skulle nemleg ri på elefanter, men Monki tykte dette var noko skummelt. Vi prata om vi hadde vener frå andre land, om det var nokre dyr vi var redde for og om vi hadde nokon gode dyrevenner. Da vi kom tilbake på avdelinga fargelagde vi flagget til Nepal.

Turdagen denne veka gjekk til gapahuken der vi leika, bygde hytte, dissa på dissa og såg masse sopp. Med oss i tursekken hadde vi påsmurde skiver og kakao. 

Seinare i veka hadde vi ein samling der vi snakka om Barneaksjonen sin grunnlov:

1. Alle barn er like mykje verdt
    : alle må vere venner å dele det vi har
2. Alle barn må ha eit trygg stad å bu
    : med omsorg, mat, helsestell og aktiviteter
3. Alle barn må få gå på skule
    : ingen barn må arbeide istedefor å gå på skule




Vidare snakka vi om det å ha ein venn, eit fellesskap og det at vi er ulike. Som avsluttning på samlingen måla vi handavtrykk som vi limte på eit ark med diktet "ein ring av gull."

Ein ring av gull, ein riktig stor, 
med plass til alle hender.
Der ingen er størst, der ingen er minst,
der ingen er først, der ingen er sist.
Vi held fast så alle kjenner
at ringen er smidd av gode venner!




Fredag lærte vi nokre nye FORUT-teikn vi lærte oss Nepal, flagg, krokodille og elefant. Til lunsj fekk vi servert Eva Birthe sin heimelagde pizza og saft. Det smakte godt i sultne magar.

Ynskjer alle ei god helg!

Helsing oss på Soria Moria




fredag 2. oktober 2015

Apekattne Monki har reist rundt i heile verden, sist besøkte han Biswas og Nischal i Nepal

Oktober er begynt og det betyr at me er igang med Forut prosjektet i barnehagen. Alle fem avdelingar i Leirstaden har prosjektet i denne månaden. Barna får møte og bli kjendt med barn i Nepal og lærer om korleis livet er på landsbygda oppe i fjellene i dette landet, som ligger langt langt vekke frå oss i Norge. Vi har denne veka såvidt blitt kjendt med Biswas og Nischal, to barn på 5 og 6 år som bur i ein liten landsby i Nepal. Og så har apekatten Monki komt på besøk til oss. Han har nettopp vært i Nepal for han reiser rundt i verden og lærer om andre land og kulturer.


Barn1516
Forut barneaksjon i Leirstaden


Tirsdag gjekk turen til Indianerskogen. Det er ein spennande turplass som innbyr til utforsking, hyttebygging, insektstudering, klatring og ulike rolleleikar. 
I sekken hadde vi smurte skiver og varm kakao på termos; kjempegodt. Barna er blitt veldig gode til å gå på tur, det er stor framgang å spore sidan august. Medan vi går pleier vi å synge sanger og då blir ein så lett i beina at dei nesten går av seg sjøl. Mirakelmiddel mot tunge bein. 

Motoriske utfordringar i Indianerskogen
På Dinoskulen mandag og onsdag er det framleis fokus på reglar og korleis ein kan bli god på å være i gruppe og sitje i ro og bruke lytteøyrer. Dette første kapittelet heiter Apatosaurus og er første innføringen til å være på skulebenken på Dinoskulen.

"Hender føtter for seg sjølv. innestemme, lytteøyre, følge med og stille hånd"
Dinoskule reglar på plakaten.






Riktig god helg til alle sammen 

frå Soria Moria gjengen