fredag 7. oktober 2016

Veke 40

Hei fredag!

Enda ei veke går mot slutten og helga står for tur.

På Dinoskulen har dei starta med eit nytt kapittel, Iguanadon. Til nå har dei hatt fokus på å lytte og vente. Barna har fått leite etter teikn og spor, der dei skal sjå etter lytteøyre på ulike vignettar. Barna har også fått øve seg på å lytte der Daniel fortalte forteljingar om Willy og barna måtte gjennomføre ved det som blei sagt i forteljinga. Barna fekk utdelt kvar si papirdukke av Willy, som dei måtte bytte ulike klede, sko og sekk på etter kva som blei fortalt i forteljinga. Dei har fått øvd seg på å vente på tur med tornardoflaska Willy hadde med seg på onsdag. Her måtte barna stå i kø og vente, mens den som var framst i køen fekk blåse såpeboblar så lenge tornardoflaska varte. Besøksbamsen, Løvungen, er også på heimebesøk hos eit dinoskulebarn.


Turdagen denne veka gjekk til leikeplassen i Grunnavågen. Det var litt kaldt i vêret, men sola strålte som berre det. Med oss i sekken hadde vi saft og varme fiskekaker som vi hadde på skive. Monki var også med på turen, maskoten for FORUT-aksjonen. Han er verdens beste venn og har vore i Nepal. Før lunsj las han ei ekte forteljng om jordskjelva som ramma Nepal i 2015.  


Denne månaden skal vi ha FORUT-aksjon her i barnehagen. Torsdag hadde vi FORUT-samling, der vi såg ein kort filmsnutt om "Livet på Balika Peace Home". Dette er ein barneheim for jenter og den blei øydelagt under jordskjelva i 2015. I fleire månadar måtte barna bu i telt ute, pengar frå FORUT var med på å resturere og byggje opp igjen nye jordskjelvsikre hus. Etter samlinga fekk barna fargeleggje flagget til Nepal, mens dei høyrte på FORUT-aksjonens eigen musikk laga av Gaute Ormåsen.

Vi øver også oss på teikn knytt til FORUT og så øver vi oss på å telje til tre på Nepalsk.

1 = eik
2 = dui
3 = tin

Fredag fekk vi servert Nepalsk mat, linsesuppe og ris. Dette var ein ny oppleving for dei fleste barna.

                           

Ynskjer alle ei strålande helg!

Soria Moria-damene

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar