fredag 19. desember 2014

Veke 51

Jula nærmer seg med stormskritt. I dag hadde vi den siste adventssamlinga, der vi fekk høre siste del om "En lillebror til jul" og vi tente det siste lyset i adventsstaken vår.

Denne veka har vi hatt den årlege nissefesten her i barnehagen, store og små var kledd i nisseklede. Eva-Birthe har laga nissegraut til oss og vi har gått rundt julatreet. Sjølvaste nissen tok turen til Leirstaden barnehage, og med seg i sekken hadde han drops og rosiner.



Onsdag denne veka tok vi bussen til byn der vi såg Nøtteknekkeren i Grieghallen, saman med Tryllefløyten og Flåklypa. Barna var spente og etter førestillinga fortalte barna om inntrykk og kjekke opplevingar.


Fredag samla vi oss på fellesrommet saman med Tryllefløyten og Flåklypa, der vi såg "Jul i Flåklypa".


Hjelpere denne veka har vore Karmine og Borys,


Bloggen tar juleferie, men vi er tilbake igjen på nyåret.


Gledeleg jul og godt nyttår til alle!

Bente, Eva-Birthe, Mariel og Lise


fredag 12. desember 2014

veke 50


Umuligt å ikkje komme i julestemning denne veka. Mykje har dreid seg om jul.




Onsdag var vi i kyrkja sammen med Tryllefløyten og Flåklypa. Presten gav barna ein levande og inspirert innføring i juleevangeliet. Julekrybba var komt på plass framme ved alteret og i adventstaken var det tent to lys. Vi sang kjente og kjære julesanger akkompagnert av orgel eller piano. Etterpå gjekk vi inn i kyrkjelydssalen og der fekk vi pepperkaker saft og kaffi. 
 
Lussekatter blir til
Torsdag var det bakedag. Då bakte alle barna på Soria Moria Lussekattar til feiringen fredag. Barna trilla og snurra og vridde deigen til å bli flotte fine bakverk som vart toppa med rosiner. 

Kos på avdelingen
I år foregjekk Luciafeiringen innendørs. Værmeldingene var av den dårlige sorten så derfor valgte vi å være inne. Årets Lucia er Mercedes på Flåklypa. Alle dei store barna stilte seg opp i tog inne på Tyrihans. Derifrå gjekk Luciatoget sakte og syngande gjennom ein mørklagt barnehage der foreldrene var tilskuere. Veldig stemningsfullt og fint. Toget stoppa på fellesrommet, og der stilte barna seg opp på scenen og sang for alle foreldre/besteforeldre, tanter og onkler. Etterpå gjekk vi på avdelingen og koste oss med lussekattar, pepperkaker, kakemenn, saft og kaffi. Takk til alle foreldre og øvrige familie som kom på besøk. Veldig koseligt å ha dere på besøk.

Turen på tirsdag gjekk Foldnes rundt til fots. Rein spasertur uten matpause. Vi passerte huset til Dorthe, Justin, Louise og endåtil Mariel sitt hus såg vi. Barna syntes det var stor stas å vise huset sitt til dei andre. Tilbake i barnehagen åt vi lunsj før vi gjekk på fellesrommet for å sjå "Karsten og Petra" filmen på storskjerm saman med Tryllefløyten og Flåklypa.

Fredag diska Eva Birthe opp med lapskaus, det var digg, barna åt store porsjonar. Blir svolten av å gå i Luciatog...

Hjelparar denne veka har vore Tobias og Vilde.

God helg.

Lise, Mariel, Eva Birthe og Bente






fredag 5. desember 2014

Veke 49

Bibliotekarene lager flott julestemning på biblioteket

Fredag traska vi ivei til Sartor og Fjell folkeboksamling for å være med på MUSIKKSTUND. Været var litt vått men ikkje øs pøs heldigvis. Vi kom fram og tilbake uten så mange dråpar regn, og det set  sjølsagt ein ekstra spiss på turen. På biblioteket stod alle bibliotekarane klar til å ta imot oss, og alle dei andre barnehagane som kom på besøk. Inne på biblioteket sang vi litt julesangar og litt andre sangar. Plutseligt kom ein påskehare, som hadde tatt litt feil av årstida, inn. Han ville også være med på jula. Så kom endeleg nissen inn, og det stemte litt bedre med årstida.....

Nissen delte ut nissesjokolade
På biblioteket er det komt ein fin pepperkakeby som me rakk å kikke litt på medan vi var der.

Pepperkakebyen på biblioteket.

Dinoskulen hadde onsdag siste time før jul. No tek Dinoskulen juleferie til 5 januar. Triceratops kapittelet som handlar om følelsar er vi no ferdige med. Dina kom og delte ut buttons til dei som hadde gjort alle leksene i Triceratops boka. Dina vart kjempestolt då barna viste kva dei hadde lært på Dinoskulen i dei tre første kapitlene. 

Komplementsblomst
I aktivitet laga barna komplementsblomster. Barna sa fine komplementer til kvarandre som vart skriven ned på kronblader. Kronbladene vart til slutt til ein fin blomst full av fine ord som barna fekk ta med heim.

Turen tirsdag gjekk til Gapahuken ved Kyrkjevegen. Inne i Gapahuken hadde vi adventssamling. Vi sang julesangar og las frå adventsboka. Vått og kaldt men veldig stemningsfullt.

Meida fylte 4 år denne veka. Vi feira ho med bursdagssamling. Ho hadde fin kappe og krone på. Vi sang bursdagssang og fyrte av 4 fine rakettar. Meida fekk velge ein fin ting frå gavekista og ho fekk hjerte med fine ord frå dei andre barna. GRATULERER MEIDA !!!!!

Hjelparar denne veka har vore Amalie og Louise.

God helg !!

Bente, Lise, Eva Birthe, Mariel og Aina



fredag 28. november 2014

Veke 48

Legg til bildetekst

Advent er rett rundt hjørna. Adventskalendaren er ferdig bakt og pynta. 24 pepperkakehjerter er klar til å begynne å bli trekt på mandag. Barna gleder seg selvfølgelig veeeeldig.

Turen tirsdag gjekk innover Kyrkjevegen til gapahuken. Barna koste seg og leikte ulike leikar, og på den store taudissa var det lang kø. I sekken hadde vi kakao på termos og skiver. Veldig god turmat. 

På Dinoskulen spelte barna følelsesbingo. Det blir trekt ulike fjes som forestiller ein følelse, og på bingobrettet skulle barna krysse ut hvis dei hadde bilde av den følelsen på sitt brett. Det var tilogmed premiar til vinnarane. Kjempegøyt.


Følelsesbingo.

Fredagen laga Eva Birthe fiskekaker i pitabrød. Nammings, det gjekk ned på høgkant. 

Hjelparar denne veka har vore Meida og Vilde. 

God helg !!!

Lise, Mariel, Bente, Eva Birthe og Aina.

   


fredag 21. november 2014

veke 47

Blader og mose frå skogens bunn
På tirsdag gjekk vi tur til indianerskogen. Vi gjekk saman med Tryllefløyten. Det var ingen regndråper i luften så kjeledressvær. Godt å sleppe regntøyet på tur for då er det mykje lettare å klatre i trær og leike i skogen. Barna var med å lage snodige figurer av materialer som er i skogen. Dermed oppstod det "landart"; som er kunst laga av naturmaterialer. Det oppstod musikk ved å tromme med pinnar på furugreinene, og det var spennande. I sekken hadde vi med smurte skiver og kakao på termos.

I gruppene på torsdagen var Tusseluss-, Sopp- og Regnboge-gruppa med på formings- og bake-aktivitet som for øyeblikket er litt hemmelighetsstempla. Kan røpe så mykje som at det har med jul og gjere. 

Dinoskulen handlar om følelsar. Denne veka har vi snakka og øvt oss på "SINT" og "REDD" Dette er negative følelsar. Barna har fått sjå at følelsar kan endre seg frå sint, ein negativ følelse, til å bli glad som er ein positiv følelse. Fredrik har vore på besøk og presentert "FØLELSESBAROMETERET". Barometeret er med på å bevisstgjere barna på korleis følelsar kan endre seg. 

Magisk samling fredag var på fellesrommet. Barna fekk sjå og høyre "HISTORIEN OM KORLEIS SNØEN FEKK FARGE". Historien har tema om vennskap og deling. 

Korleis snøen fekk farge 

Hjelparar denne veka har vore Erik og Dorthe. 

Riktig god helg !!!

Lise, Mariel, Aina, Eva Birthe og Bente




mandag 17. november 2014

Veke 46

Leikeplassen i Tjødnavegen

Været var flott på tirsdag; SOL OG BLÅ HIMMEL. Turen gjekk til leikeplassen i Tjødnavegen. Vi gjekk sammen med Tryllefløyten så det vi var ein stor flokk som labba avgårde. Begge avdelingane brukar turtau, dvs langt tau med mange løkker til å holde i for barna. Vi liknar to lange åmer som buktar oss avgårde bortover gangvegen. I sekken hadde vi saft, grill og grillpølser. Perfekt vær for grilling. På leikeplassen sparka vi fotball, dissa på dissene, leikte tjing tjong kinamann, balanserte på gjerdet, hoppa strikk og sprang etter ein søt katt som plutselig dukka opp.

Konsentrasjonen er stor når barna spiller klinkekulespillet



På Dinoskulen snakka vi meir om følelsane frustrert og stolt. Barna øvte på følelsane gjennom å spille klinkekulespillet. Dei kjendte den FRUSTRERTE følelsen når klinkekula ikkje ville gå den rette veien. Og dei kjendte på den STOLTE følelsen når dei klarte å få klinkekula til å gå riktig vei.

I fredagens samling fekk barna sjå og høyre eventyret om "Dei tre bukkene bruse som skulle til seters og gjere seg feite".

Soria Moria :) 



fredag 7. november 2014

veke 45

To nye gutar er begynt på Soria Moria denne veka. På mandag tok vi imot Borys. Mandag begynte også Lukas. Han har gått på Tyrihans og har vært ein del på besøk hjå oss i det siste for å bli kjendt. Kjempekjekt at de er komt til oss på Soria Moria, Borys og Lukas!

Dina fortel barna om då ho ikkje fant vingene sine og  vart frustrert


Dinoskulen handlar om følelsar. Barna har fått presentert og blitt meir kjendt med følelsane: glad, lei seg, ivrig, ensom, frustrert. Desse følelsane kan koblast opp mot anspent og avlappa. Dina kan for eksempel spørje : korleis har vi det når vi er glad, er vi anspent eller avslappa i kroppen når vi har den følelsen? Barna er blitt superflinke til å gjenkjenne og setje rett navn på følelsane. 

Karmine fyller fire år denne veka og vi feira ho på torsdag med bursdagssamling. Ho hadde fin krone og bursdagskappe på seg. Karmine fekk velge seg sang, og ein fin ting frå bursdagskista, og vi fyrte av fire fine rakettar. GRATULERER KARMINE.

Det er blitt skikkelig kaldt ute, så varmare vinterklær som ull og fleece må på plass i barnas byttetøy kassar. Godt vinter- fottøy er også viktig for å halde seg varm i denne kalde og forblåste årstida vi har no. Barna er ute ganske mange timar og i allslags vær, så viktig å halde seg varm.

Riktig god helg !

Lise, Mariel, Aina, Eva Birthe og Bente. 




fredag 31. oktober 2014

Veke 44

Willy dokka får følelsesfjes

På Dinoskulen handlar det fortsatt om følelsar. Vi snakkar om følelsar i sirkelsamling, Willy kjem på besøk og forteller om sine erfaringar, i aktivitet lærer barna å oppdage og gjenkjenne følelsar. Willy har fortalt om hemmeligheten sin: når han blir sint pustar han tre gonger for å roe seg ned og for å forbli roleg så tenker han på GLADSTADEN sin. Willy sin gladstad er SYDEN, når han tenker på syden og alt det gøye som er der så blir han rolig og avslappet.

På tross av varsla nedbørsrekord tirsdag så gjekk vi ut på tur...og ingen var sur. Regnet piska midt i fjeset , sterk vind gjorde motstand mot oss på turstien, det suste og bråka i tretoppane. Med andre ord dramatisk men også utrulig gøy. For desse tøffe barna på Soria Moria syns det var kjempekjekt med ektremvær. Då me var sånn passe våte uten å fryse gjekk vi tilbake til barnehagen, og inn for å bytte til tørre klær og varme oss. 

Eventyret om skinnvotten

I magisk samling fredag fekk barna bli kjendt med det Ukrainske eventyret om SKINNVOTTEN. Dagen før leste vi eventyret på avdelingen. Fredag såg vi ein animasjon av eventyret på storskjermen på fellesrommet, laga av Varden Barnehage. Vi såg animasjonen to gonger. Så plasserte vi oss rundt eit stort bord og der spelte og dramatiserte vi eventyret. Barna fekk kvar sin rolle, og alle var med. Veldig gøy måte å gjere eventyrforteljing på og barna likte denne nye måten.

Fredag laga Eva Birthe lapskaus til lunsj. Kjempegodt.

God helg!!

Mariel, Lise, Eva Birthe, Aina og Bente

fredag 24. oktober 2014

Veke 43

Ei fuktig, grå, regnfull veke har vi hatt. Regntøyet har vært i bruk kvar dag. Ute er det dammer nesten så store som Skiftedalsvatnet omtrent.... Men regn kan være så GØY. Tilsett litt Zalo i dammene så blir det masse kjekt SKUM. Barna jobbar intenst med skum og vatn i utetida og har det flott med regnet så ingen grunn til klaging på det våte været.

GØY med regn !!!



Gruppe aktivitetar denne veka:
TUSSELUSSGRUPPA som er Justin, Dorthe, Amalie og Oscar har vært på dataen og printa ut to av bildene dei tok på fotosafarien. Det ferdig printa bildet laminerte vi og hang opp på veggen i fotoutstillingen.


Fotoutstillingen begynnar å ta form .
SOPPGRUPPA som er Meida, Tobias, Louise og Eldar Johan hadde forming med kvit moddellèrleire og laga fantasidyr etter eigen fantasi.


Merkelige skapningar blir til mellom hendene.

REGNBOGEGRUPPA som er Karmine, Even, Emmelin, Erik og Vilde var på kjøkkenet og laga kjempegode ostesmørbrød som vi hadde til lunsj.

Ostesmørbrød er snadder !!!

På tirsdag gjekk vi på tur til Gapahuken saman med Tryllefløyten. Været var GRÅTT men det kom ikkje ein DRÅPE REGN på turen så det likte vi godt. I sekken hadde vi med smurte polarbrød og termoser med varm kakao, nammings. Barna lekte rolleleikar og koste seg på tvers av avdelingar. 

Dinoskulen handlar no om følelsar. Barna skal lære seg å kjenne igjen og forstå følelsar. Dei ser på andre sine ansikter og sitt eige ansikt i speilet for å oppdage tegn på dei ulike følelsane. 
  • Anspent/sint
  • Avslappet/glad

Aina er begynt jobbe litt på Soria Moria igjen. Foreløpig er ho kvar onsdag å finne på avdelingen. Barna var kjempeglad for å sjå Aina igjen.

Fredagen diska Eva Birthe opp med pasta med kjøttsaus. Kjempegodt !!!

GOD HELG !!!!

Mariel, Aina, Lise, Eva Birthe og Bente






fredag 17. oktober 2014

Veke 42

"Gi meg fem" ein regel på kvar finger

Dinoskolen er blitt ferdig med to kapittel allerede. Apatosaurus kapittelet og Iguanadon kapittelet. Begge desse kapitlene omhandlar reglane som vi har på Dinoskulen. Reglane er med på å få barna til å fokusere på det vi skal lære. Det er øvelse på å konsentrere seg, og få med seg innhaldet i Dino timen 
  • Hender føter for seg sjølv
  • Innestemme 
  • Lytteøre
  • Følge med 
  • Stille hånd


På mandag starter eit nytt og viktig kapittel som omhandlar følelsar. Kpittelet heiter Triceratops.

Turen på tirsdag gjekk til Gapahuken. Det var SOL og blå himmel og foten gjekk lett på turstien.Kjempekjekt å sjå igjen vår utrulig populære yndlingsturstad. Med på turen var MALIN. Ho er VG1 elev frå Sotra vidaregåande avd. Sund. Ho skal være i praksis på Soria Moria kvar tirsdag fram til og med veke 50.



Den lure reven som åt opp buskapen og drakk opp fløyten

På fredag hadde vi magisk samling på fellesrommet. Soria Moria, Flåklypa og Tryllefløyten var invitert på samling av Monica (sjef). Monica dramatiserte og fortalte eventyret om "Korleis reven fekk kvit haletipp" Barna sat stille og fokusert og det var magi i rommet. 



Riktig god helg

Eva Birthe, Lise, Mariel og Bente

fredag 10. oktober 2014

veke 41








Over stokk og stein.

Kronkelmonkene bor i en stor jordhaug. Jordhaugens yrende liv byr på mange spennende overraskelser, og vi blir med dem inn i deres verden fylt av rytmer, lek og nytelse av livets goder. De lever sammen i fred og idyll og deler på det jordhaugen har å by på.

Men så en dag skjer noe uventet og Kronkelmonkene får utfordringer som setter samarbeidet på prøve. Hvem eier hva og hva eies av hvem? Kan alt deles og hvordan deler man egentlig likt?


Turen til DEN NASJONALE SCENE på tirsdag var veldig vellykka. Bussen kom heilt til porten i barnehagen for å hente oss og ekstrabuss var satt opp tilbake frå byen kl 12.15. Ein heil buss for oss sjøl !!! Kjekt med super service frå skyss.
På teateret fekk vi møte KRONKELMONKANE, tre tidige, merkelige skapninger som bur i ein jordhaug og har eit eige språk,kun beståande av lydar og ingen ord. På tross av det så var dei lette og forstå for Kronkelmonkene kommuniserte heilt suverent med barna på sin eigen merkelege måte. Barna vart gripen av historien og både lo og gråt ein liten skvett saman med Kronkelmonkene. 




Etter forestilling gjekk vi bort til parken ved festplassen og åt lunsj der. I sekken hadde vi saft og deilige ostehorn som gjekk ned på høgkant. Været var: SOL FRÅ BLÅ HIMMEL, snakk om å være heldig med været !!!! 
Vi hadde god tid før bussen tilbake så vi tok ein rusletur rundt Lille Lungegårdsvann og kikka på livet. Klatra litt på kunstverkene og mata duene med restene av matpakka.


Instrumeneten i byparke


Klatre på kunsten ved Lysverket





Mate fuglane ved Lille Lungegårdsvann



På fredag gjekk vi til Biblioteket på eventyrstund. Det fins ikkje dårlig vær.......liksom. Men vi kledde gode klær på så det gjekk bra. 




Eilin fortel eventyret om Snehvit og Rosenrød




God helg 

Eva Birthe, Mariel, Lise og Bente.































mandag 6. oktober 2014

Veke 40

Torsdag denne veka var det tid for grupper igjen.


1 aktivitet : Regnbue gruppa var på kjøkkenet og skrelte og hakka opp grønnsaker til varm lunsjen fredag som var lapskaus denne veka. Det blir kjøkken aktivitet nokre veker framover, med ulikt innhald med alltid relatert til matlaging.




2 aktivitet : Sopp gruppa hadde forming med ulike material som papir, lim, tråd, piperenser og saks. Denne gongen vart det laga fiskestang med fisk. 




3 aktivitet : Tusseluss gruppa var på fotosafari i nærområdet. Barna fekk tildelt tid med kamera og valgte sjølv kva dei ville ta bilde av. Etterpå såg vi på og snakka om bildene saman ved pc`en.

Turen på torsdag gjekk til leikeplassen i Grunnavågen. Barna var i full aktivitet i og rundt leikehuset, på seilebanen, i klatretreet, på grusbanen og på vippedissa. Veldig gøyt å være der. 


Sandkassen i Grunnavågen






fredag 26. september 2014

veke 39

Matimba frå Zambia
I magisk samling denne veka fekk vi være med på ein liten reise til Afrika. Barna stilte seg forventningsfullt opp i lang rekke klar til å gå på fellesrommet på samling. Der inne satt ei dame med fremmedarta klær på seg og venta . Ho spelte afrikansk musikk og hadde afrikanske gjenstander stilt opp på eit håndlaga afrikansk batik klede. 


Matimba hadde med seg dataen og viste film og bilder på storskjerm. Barna fekk sjå barn som dansa og sang, barn i klasserom som hadde undervisning, heime i huset til ein familie og ville dyr frå Afrika. Leopardar, elefantar, sjiraffar, bøflar, apekattar og ikkje minst løver. Barna syns det var kjempespennande og pekte og kommenterte høylydt. Etterpå fekk barna komme fram og sjå nærmare på gjenstandane og snakke med Matimba. 

Lise - alias - Matimba har vore i Zambia gjennom sitt studie på høgskulen. Det var ein del av faget "Global Knowledge". Denne grundige kjennskapen til det Afrikanske landet delte ho med Soria Moria på ein gøy måte som engasjerte barna. Matimba sa at ho kanskje kjem på besøk til Soria Moria ein annan gong også. Det høyrest spennande ut !!



Oscar fyller 3 år denne veka. Vi feira han fredag med bursdagssamling. Oscar fekk bursdagsrakettar, fine ord, krone og kappe og til slutt ein fin ting frå bursdagskista. Gratulerer Oscar. 

God helg !!!

Lise, Mariel, Eva Birthe og Bente 


fredag 19. september 2014

Veke 38


På tur til Indianerskogen


Det flotte været berre fortsette, vi er heldige !!!!! I sånt vær er det ein fryd å gå på tur. Treng berre ta på jakke og sko, (hurra) så er det avgårde. Foten går lett og humøret er på topp, positiv opplevelse for alle. Målet for tur denne veka var Indianerskogen. Barna leikte ulike rolleleikar i små grupper. Det låg meterialer der som innbydde til hyttebygging. Materialane vart til ein butikk med salg av ved og frisørsalong. Dette var så gøy at fleire og fleire av barna kom og var med på leiken, til slutt leikte alle denne leiken sammen. I sekken hadde vi smurte polarbrød og saft. 

Tobias har hatt bursdag denne veka, han fylte 5 år på torsdag. Han vart feira med burdagssamling, bursdagskrone, 5 "rakettar", hjerte med fine ord frå dei andre barna og til slutt fekk han velge ein ting frå bursdagskista. GRATULERER Tobias !!!

Torsdagsgruppene har gått av stabelen med tredje gong med same tema. Det vil seie at neste veke begynner vi med tre nye tema som skal rullere i tre veker. Spennande å sjå kva det blir. Barna syns det er gøy med grupper og ser etterkvart at alle får være med på det samme, ikkje same dagen, med til sjuande og sist.

Brusflaskebowling ute på plassen





Elvebåtløp med kustig elv i sandkassen


 
Magisk samling fredag tok barna med på eit møte med Pulverheksa i Pulverskogen. Bente fortalte historien om Pulverheksa og Krokodillen. Krokodillen likte ikkje vinteren og ville forlate Pulverskogen og flytte til Afrika for å sleppe å fryse sånn når kulden satte inn. Barna kan sikkert fortelle korleis det gjekk med krokodillen, og kva alle vennene i Pulverskogen gjorde for at Krokodillen ikkje skulle reise frå dei.





Dinoskulen er starta opp. Førskulebarna er veldig klar til å starte på "skulen". Dina har komt på besøk, veldig kjekt å møte Dina. Willy har vært innom også og han er kjempekul. I første kapittel som heiter Apatosaur får barna kjennskap til reglane på Dinoskulen. Dei første tre reglane er STILLE HÅND (rekke opp hånda og vente for å seie noko), INNESTEMME og HENDER OG FØTTER FOR SEG SJØLV.


På foreldremøtet tirsdag kveld fekk alle foreldrene være med på magisk samling. Foreldrene kom inn på eit dunkelt fellesrom med bølgemusikk og trolsk stemning. Dei satte seg på golvet slik barna pleier å gjere, og fekk høyre historien om REGNBOGEFISKEN. Ansiktene til foreldrene fortalde at dei levde seg inn i historien og "kjendte det i magen". Når noko er magisk så "kjenner ein det i magen", den følelsen er eit sikkert teikn på magi.


                Magisk stemning på fellesrommet med REGNBOGEFISKEN



Fredagens meny var fiskekaker i pitabrød. Barna digga det og åt store porsjonar, nam. 

God helg !!!!!

Lise, Mariel, Eva-Birthe og Bente.