Sjukdom rammer born ulikt. Nokon kan få ein
lett variant av sjukdomen, andre kan bli heilt slått ut. Derfor er det
vanskeleg å sei noko heilt sikkert på kor mange dagar bornet må venter før det
er friskt nok til å gå i barnehagen - sjølv om det ikkje lenger er smittsamt.
Dermed er det altså allmenntilstanden som avgjer.
Sjølv om allmenntilstanden er god må vi ha
nokre reglar på grunn av smittefaren. Bornet kan komme tilbake i barnehagen når
det er gått:
24 timer etter feber
48 timer etter siste oppkast/diare
Så sant allmenntilstanden er god, dette er
ein heilheitsvurdering. Foreldre kjenner borna best, og ser straks om dei ikkje
er i form. Mange blir trøtte, har mindre energi og mindre matlyst. Det er
strevsamt å vere i barnehagen heile dagen, dersom ein ikkje er heilt i form. Så
for å henge med, må ein vere i form.
Vanlege sjukdommar for barnehageborn:
Feber
Born sin normale temperatur kan
variere. Temperature meir enn 37,5 ° om morgonen og 38 ° på kvelden anslåast å vere forhøga temperatur. Born med feber bør først
og framst av omsyn til seg sjølv og smittefaren haldast heime til dei har vore
feberfri i 24timer.
Diaré
med eller utan brekningar
Bprn med akutte diaretilstandar
kan vende til barnehagen 2 døgn etter at dei har blitt symptomfrie. Dette
gjelder også bleieborn. Born som konstitusjonelt har tendens til laus avføring
trenger ikkje heldast borte frå barnehagen. Det må vere foreldra som avgjer om
bornet har ein unormal diaretilstand. Ved diaretilstandar der ein mistenkjer
næringsmiddeloverført mikrobe (til døme etter utlandsreise) bør bornet
undersøkjast av lege og det bør sjekkast om andre born i barenhagen har
symptom.
Augekatarr
(konjunktivitt)
Med dagens kunnskap er det ikkje
av smittevernomsyn grunnlag for å anbefale at barnehageborn ved mild til
moderat augekatarr heldast heime. Berre ved kraftig augekatarr med rikeleg
pussdanning bør bornet av smittevernomsyn haldast heime inntil pussdanninga har
avteke. Ved kraftig augekatarr vil det vanlegvis vere behov for legekontakt, og
bornet sin allmenntilstand vil også i stor grad styre behovet for å vere heime
frå barnehagen. Det må vere opp til barnet sine foreldre å avgjere om eit barn
som har symptom på augebetening skal undersøkjast av lege. Dersom behandling
igangsetjast kan barnet gå i barnehagen dagen etter igangsatt behandling.
Barnehagenansatt kan generelt ikkje forlange at born med augebeteningssymptom
skal undersøkjast eller behandlast med augedropar før dei kan få gå tilbake til
barnehagen, men kan ved tvil drøfte dette med barnet sine føresette. Ved
usikkerhet bør smittevernlegen i kommunen kontaktast.
Forkjøling
Forkjøling er den vanlegaste
infeksjonen hos born. Snue, snørrdanningar, hoste, nesetetting og rennande auge
er dei vanlegaste symptoma. Bornet kan gå i barnehagen når allmenntilstanden
tilseier det.
Influensaliknande
symptom
Influensaliknande symptom kan
vere feber med frysningar, tørrhoste, muskelverk og lett snue. Bornet kan gå
tilbake til barnehagen når allmenntilstaden tilseier det og ein har vore
feberfri i 24 timer. Ved influensapandemi kan det vere aktuelt å halde barnet
heime lengre.
Hoste
og andre luftvegssymptom
Hoste er eit vanleg symptom ved
forkjøling og andre luftvegsinfeksjonar. Ved hoste utan feber kan barnet gå
tilbake til barnehagen når allmenntilstaden tilseier det. Ved langvarig eller
kraftig hoste bør bornet undersøkjast for blant anna kikhoste.
Øyrebetennelse
Øyrebetennelse artar seg
vanlegvis som plutseleg øyreverk ofte kombinert med feber og forkjøling. Bornet
kan gå tilbake til barnehagen når allmenntilstanden tilseier det.
Brennkoppar
Born med brennkoppar kan vende
tilbake til barnehagen når hud-lesjonane er under kontroll. Grunnlaget for
skjønnet her må vere at det ikkje lengre er fare for at smitteførande sårsekret
kan påførast andre barnehageborn direkte eller indirekte gjennom kontaktpunkt.
Ved få og små lesjonar vil dette kunne ivaretas gjennom god tildekking, men ved
meir utbredte lesjonar vil det vere
nødvendig at lesjonane er tørre og i god tilheling.
Når
barnehagen ringer og seier at barnet er sjuk
Nokon gongar får ein som foreldre telefon frå
barnehagen om at bornet er sjuk og må hentast. Om ansatte i barnehagen ser at
bornet blir dårlegare, er det viktig at dei seier ifrå til foreldra. Ofte er
det nødvendig at borna blir henta. Sjuke born skal ikkje vere i barnehagen.
Spesielt viktig er dette ved oppkast og diare. Da må bornet bort frå barenhagen
så raskt som mogeleg for å avgrensa smittefaren for dei andre borna.
Heime med sjukt barn – igjen!
Heime med sjukt barn – igjen!
Særskilt
kan dei første åra i barnehagen verkar som om bornet blir smitta av kvart
einaste virus som er innom barnehagen. Det er slitsamt både for bornet og
foreldra, og det er ikkje alltid så enkelt å måtte vere heime frå jobb - igjen!
Når ein har eit barn kan ein vere heime med bornet ved sjukdom inntil 10 dagar
per kalenderår. Antallet er det same når ein har to, men utvidast til 15 dagar
ved tre eller fleire born. Regelen gjeld til bornet fyller 12 år. Er bornet
kronisk sjuk, kan ein søkje om fleire sjukedagar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar