Hei fredag!
Vi har vore mykje ute å nytt det deilige haustvêret vi har hatt denne veka. Vi har likevel fått tid til innleik på avdelinga der vi blant anna har leika med tog, rolleleik, perla, leika med lego, pusla puslespel, spelt spel, leika gøymsel og sunge.
Tysdag tilbrakte vi føremiddagen inne, før vi åt ostesmørbrød og mjølk til lunsj. Da lunsjen var over tok vi på oss litt varmare klede, regntøy og støvler. Ute regna det, det rann frå himmelen. Likevel tykte dei fleste barna at dette berre var morosamt. Dei laga sølekake, leika med båter i dammene, laga elver i sandkassa og blei våte i anletet sitt. Mange kalde barn tykte det var godt å komme inn i varmen, få på tørre klede og ete frukt. Resten av ettermiddagen var vi inne på avdelinga.
![]() |
Ei stort sandslott! |
Vi flytta turdagen vår til torsdag denne veka. Turen gjekk til den store leikeplassen på Foldnes. Her spelte vi fotball, dissa på dissene, balanserte på det lange rekkverket og leika rolleleik. Med oss i sekken hadde vi polarbrød, pålegg og saft. Vi var kjempeheldig med vêret, med varme og strålande sol, og tilbrakte resten av dagen ute i barnehagen.
Minner om planleggingsdag måndag 12 september!
Ynskjer alle ei fin helg!
Soria Moria-damene
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar