fredag 26. februar 2016

Veke 8


Dei har begynt på eit nytt kapittel på Dinoskulen denne veka, Allosaurus, eit venneferdigheitskapittel. På måndag var Mari på besøk og barna fekk ta del i å rydde saman med Mari. Det å spørje om ein skal hjelpe nokon viser gode venneferdigheitar, å i nesten alle slike situasjonar sit ein igjen med ei god kjensle framfor ei vond kjensle. Som aktivitet denne dagen fekk barna gå saman to og to og brette eit ark ved å halde kvarandre i henda å berre bruke ei hand kvar til å brette arket, her oppstod det mykje godt samarbeid.

Tysdag gjekk turen til den andre gapahuken inne på turstien. Mange av barna ville prøve taudissa, så vi lagde eit køsystem. Barna hadde gode ventemusklar og venta til det var sin tur å disse. Nokre av barna bygde hytte ved hjelp av plankar og pinnar, andre klatra i tre, mens nokon gjekk rundt å utforska. Alle barna får utfalde seg motorisk i det ulente terrenget. Til lunsj hadde vi med polarbrød som vi smurte på i skogen og kakao.


Onsdag hadde Aina samling med barna der ho leste "De tre små grisene".


Torsdag fekk nokre av barna bake rundstykker saman med Eva Birthe, mens resten av dei andre barna var ute med Ania. Til lunsj fekk vi nystekte rundtstykker med godt pålegg.









Nokre av barna i er i god gang med å veve. Vår kreative Ania har laga heimelaga vever til oss.




Fredag var det tid for gym på fellesrommet. Her fekk barna ta del i minirøris og hinderløype. Til lunsj las Lise forteljinga "Prinsesse Prippen og Stinkmonsteret" frå Monsterboka. Til lunsj fekk vi servert stekt ris med skinke og grønnsaker.




Ynskjer alle ei strålande god helg!


Soria Moria-damene

fredag 19. februar 2016

Veke 7

Hei og god fredag!

På Dinoskulen denne veka har dei jobba vidare med det ro-ned strategien. Dei har også snakka om grønne og raude tankar og Dina var innom å viste Erteskjoldet sitt. Alle har eit usynleg skjold som dei kan ta fram dersom nokon seier noko ufint til deg (raud tanke) og at ein ikkje skal ta til seg desse tankane, men heller la dei prelle av deg. Dei grønne tankane derimot, dei er fine og ein skal ta dei til seg. 


Barna som ikkje var på Dinoskulen har måla nydelege vinterbilete saman med Ania. Her får barna måle og vere kreative. 
Tysdag var vi på tur på Kyrkjevegen. Barna fekk utfolde seg i det ulente terrenget i skogen, klatre og bøyge seg for å komme seg fram der det var litt meir busker og trær. Nokre av barna hadde ei lita samling med song og rørsle, mens andre laga seg hytte inni ein busk. Til lunsj åt vi påsmurde skiver og drakk kakao. Det var godt å komme inn igjen etter å ha vore ute i den kalde vinden og vi avslutta dagen med kino på Fellesrommet, vi såg "Karsten og Petre på Safari". 

Onsdag hadde Aina Kims leik saman med barna, barna tykjer dette er veldig kjekt. Av og til kan det vere litt vanskeleg å hugse kva som er tatt bort under teppet - men likevel veldig spanande!

Torsdag hadde Lise samling der barna fekk putte ulike gjenstander i ein kasse med vatn. Barna fekk undre seg om gjenstanden flaut eller sank, før dei utførte eksperimentet. Til slutt helte vi saft i vatnet for å sjå kva som hende. Dette var ei god øving for undring og turtaking der barna venta spente på sin tur. 

Appelsinen flyter, mens steinen synker.

Vi avslutta veka med Karneval. Barna var kledd som ulike dyr, prinsesser, minions og superhelter. På fellesrommet var det eksperiment med Katrine, disko, limbo, fotografering og pinjata. Ein kjekk dag saman med Tryllefløyten og Flåklypa. Til lunsj fekk vi servert Hotdogs og saft. 


Ynskjer alle ei strålande helg!

Soria Moria-damene

fredag 12. februar 2016

Veke 6


God fredag!

Da var det fredag igjen og helga står for tur.


På dinoskulen denne veka har dei hatt besøk av Lille Skilpadde. Han fortalte om kva han gjer når han vert sint, ein eigen ro-ned strategi. Han stoppar opp, trekkjar seg inn i skallet sitt, pustar sakte tre gongar før han kjem roleg ut av skallet sitt før å prøve på nytt. Barna har også fått lage sine eigne skall av papirposar. Dei har også leika "Kven er inni kassen"-leiken, der eit barn må gjette kven som har gøymt seg inni kassen. 




På tysdag var det vått, men vi pakka sekken og tok beina fatt på Kyrkjevegen. Her fann barna ulike naturmateriale som dei tok med tilbake til barnehagen, dei fekk utforske skogen og utfalde seg i det ulente terrenget. 

Dei eldste barna har fått sy ris/makaroni-posar med Ania, kjempefin øving for finmotorikken. Barna tykkte dette var kjempekjekt å sy.

Fredag hadde vi gym på fellesrommet før vi fekk servert Skippergryte til lunsj. Etter lunsj gjekk vi ut og tilbragte resten av dagen ute i det nydelege vintervèret!


Ynskje alle ei fin helg!

Soria Moria-damene

torsdag 4. februar 2016

Veke 5

God torsdag!


På grunn av planleggingsdag fredag, avsluttar vi veka allereie i dag. Denne veka har vi markert Samefolkets dag som er kommande laurdag 6 februar. 

Denne veka har barna fått ei lite introduksjon av samene, kleda og musikken deira. Vi har lytta til joiken "Sami ædnan" og Melodi grand prix jr.songen "Oro jaska beana", i den sistenemde syng dei både på norsk og samisk. Barna har fått lage kvar sin samiske hatt, dei har fått fargelagt det samiske flagget, lavvo, lassokasting, rein og den samiske kofta.

Tysdag flytta samejenta Sunna inn i lavvoen, og alle dei store avdelingane fekk komme på besøk for å høyre samiske eventyr. Vi har ete frukt i lavvoen og sett samisk barnetv, Mànàid-TV. Alle har fått smake på samisk mat, for på onsdag fekk vi nemleg servert lapskaus med reinsdyrskjøtt. Vi avslutta veka med lassokasting ute.


Dei samiske hattene våre.
Her ser vi samen Sunna i lavvoen.

Ynskjer alle ei strålande fin helg!

Soria Moria-damene :)