fredag 19. desember 2014

Veke 51

Jula nærmer seg med stormskritt. I dag hadde vi den siste adventssamlinga, der vi fekk høre siste del om "En lillebror til jul" og vi tente det siste lyset i adventsstaken vår.

Denne veka har vi hatt den årlege nissefesten her i barnehagen, store og små var kledd i nisseklede. Eva-Birthe har laga nissegraut til oss og vi har gått rundt julatreet. Sjølvaste nissen tok turen til Leirstaden barnehage, og med seg i sekken hadde han drops og rosiner.



Onsdag denne veka tok vi bussen til byn der vi såg Nøtteknekkeren i Grieghallen, saman med Tryllefløyten og Flåklypa. Barna var spente og etter førestillinga fortalte barna om inntrykk og kjekke opplevingar.


Fredag samla vi oss på fellesrommet saman med Tryllefløyten og Flåklypa, der vi såg "Jul i Flåklypa".


Hjelpere denne veka har vore Karmine og Borys,


Bloggen tar juleferie, men vi er tilbake igjen på nyåret.


Gledeleg jul og godt nyttår til alle!

Bente, Eva-Birthe, Mariel og Lise


fredag 12. desember 2014

veke 50


Umuligt å ikkje komme i julestemning denne veka. Mykje har dreid seg om jul.




Onsdag var vi i kyrkja sammen med Tryllefløyten og Flåklypa. Presten gav barna ein levande og inspirert innføring i juleevangeliet. Julekrybba var komt på plass framme ved alteret og i adventstaken var det tent to lys. Vi sang kjente og kjære julesanger akkompagnert av orgel eller piano. Etterpå gjekk vi inn i kyrkjelydssalen og der fekk vi pepperkaker saft og kaffi. 
 
Lussekatter blir til
Torsdag var det bakedag. Då bakte alle barna på Soria Moria Lussekattar til feiringen fredag. Barna trilla og snurra og vridde deigen til å bli flotte fine bakverk som vart toppa med rosiner. 

Kos på avdelingen
I år foregjekk Luciafeiringen innendørs. Værmeldingene var av den dårlige sorten så derfor valgte vi å være inne. Årets Lucia er Mercedes på Flåklypa. Alle dei store barna stilte seg opp i tog inne på Tyrihans. Derifrå gjekk Luciatoget sakte og syngande gjennom ein mørklagt barnehage der foreldrene var tilskuere. Veldig stemningsfullt og fint. Toget stoppa på fellesrommet, og der stilte barna seg opp på scenen og sang for alle foreldre/besteforeldre, tanter og onkler. Etterpå gjekk vi på avdelingen og koste oss med lussekattar, pepperkaker, kakemenn, saft og kaffi. Takk til alle foreldre og øvrige familie som kom på besøk. Veldig koseligt å ha dere på besøk.

Turen på tirsdag gjekk Foldnes rundt til fots. Rein spasertur uten matpause. Vi passerte huset til Dorthe, Justin, Louise og endåtil Mariel sitt hus såg vi. Barna syntes det var stor stas å vise huset sitt til dei andre. Tilbake i barnehagen åt vi lunsj før vi gjekk på fellesrommet for å sjå "Karsten og Petra" filmen på storskjerm saman med Tryllefløyten og Flåklypa.

Fredag diska Eva Birthe opp med lapskaus, det var digg, barna åt store porsjonar. Blir svolten av å gå i Luciatog...

Hjelparar denne veka har vore Tobias og Vilde.

God helg.

Lise, Mariel, Eva Birthe og Bente






fredag 5. desember 2014

Veke 49

Bibliotekarene lager flott julestemning på biblioteket

Fredag traska vi ivei til Sartor og Fjell folkeboksamling for å være med på MUSIKKSTUND. Været var litt vått men ikkje øs pøs heldigvis. Vi kom fram og tilbake uten så mange dråpar regn, og det set  sjølsagt ein ekstra spiss på turen. På biblioteket stod alle bibliotekarane klar til å ta imot oss, og alle dei andre barnehagane som kom på besøk. Inne på biblioteket sang vi litt julesangar og litt andre sangar. Plutseligt kom ein påskehare, som hadde tatt litt feil av årstida, inn. Han ville også være med på jula. Så kom endeleg nissen inn, og det stemte litt bedre med årstida.....

Nissen delte ut nissesjokolade
På biblioteket er det komt ein fin pepperkakeby som me rakk å kikke litt på medan vi var der.

Pepperkakebyen på biblioteket.

Dinoskulen hadde onsdag siste time før jul. No tek Dinoskulen juleferie til 5 januar. Triceratops kapittelet som handlar om følelsar er vi no ferdige med. Dina kom og delte ut buttons til dei som hadde gjort alle leksene i Triceratops boka. Dina vart kjempestolt då barna viste kva dei hadde lært på Dinoskulen i dei tre første kapitlene. 

Komplementsblomst
I aktivitet laga barna komplementsblomster. Barna sa fine komplementer til kvarandre som vart skriven ned på kronblader. Kronbladene vart til slutt til ein fin blomst full av fine ord som barna fekk ta med heim.

Turen tirsdag gjekk til Gapahuken ved Kyrkjevegen. Inne i Gapahuken hadde vi adventssamling. Vi sang julesangar og las frå adventsboka. Vått og kaldt men veldig stemningsfullt.

Meida fylte 4 år denne veka. Vi feira ho med bursdagssamling. Ho hadde fin kappe og krone på. Vi sang bursdagssang og fyrte av 4 fine rakettar. Meida fekk velge ein fin ting frå gavekista og ho fekk hjerte med fine ord frå dei andre barna. GRATULERER MEIDA !!!!!

Hjelparar denne veka har vore Amalie og Louise.

God helg !!

Bente, Lise, Eva Birthe, Mariel og Aina