fredag 28. mars 2014

Veke 13

Denne veka har vi hatt strålande vær og vore mykje ute.


Turdagen på tysdag gjekk til fotballbana på Foldnes. Der grilla vi pølser, vi leika blant anna tikken, slå  på ringen, bro bro brille og vi spela fotball. Tilbake i barnehagen steikte vi vaflar som vi åt til frukten, det var jo sjølvaste vaffeldagen.


På Dinoskulen denne veka har vi fått besøk av Mari og Lille skilpadde. Vi har forsett med vennetemaet og lært om å samarbeide og å dele. Barna har teikna dinosaurar saman på eit stort ark. Mange av dinobarna har samla inn 5 willy-merker og har allereie fått ein dinosaurfot. Dei andre barna er også blitt veldig flinke til å hjelpe. Måndags morgon hjalp fleire barna med å flytte mjølka frå mølketrilla og inn i kjøleskapet, eit godt samarbeid mellom barna.



Torsdagen  gjekk vi ned i Amfiet og åt gode ostehorn, vi fann Hestehovar, leika fangeleik, rolleleik og fann små insekt. Barna brukte også Hestehovar, steinar og boss dei fann nede i Amfiet og laga ”Land art”.


Hjelparar denne veka har vore Eirik og Mads.



Lise, Mariel, Bente og Eva-Birthe

fredag 21. mars 2014

Veke 12


Tirsdagen var det barnehagedagen 2014 og denne dagen skulle stå i Grunnlovsjubileet sitt tegn. Slagordet for dagen er "EG HAR NOKO Å SEIE" med utgangspunkt i prinsippa om demokrati og barns medverknad.  På Soria Moria markerte vi dette med å lage vår eiga "grunnlov" Den inneheldt 16 punkter som barna bestemte. Nokre av punkta er t.d. 
  • Vi må seie fine ting til kvarandre
  • Det er ikkje lov å seie slemme ord til kvarandre.
  • Dei vaksne skal passe barna 
  • Alle skal passe på at vi har det bra
Desse og dei andre punktene synes barna er viktige ting i barnehagedagen vår. Grunnlova heng på avdelingen og de foreldre kan gå inn og sjå på Barnehagedagen-veggen vår. Der heng m.a. bilder av folk som bestemmer i landet vårt og sjefen som bestemmer i Fjell kommune og sjefen som bestemmer i barnehagen:  Monica sjef. 


Mandag og onsdag fortsatte Dinoskulen med Allosaur kapittelet som handlar om vennskap og å være hjelpsam. Mari var på besøk og snakka om venneferdigheter: 
  • Spørre om å få være med å leke 
  • Vente på tur
  • Bytte leker
  • Samarbeide
Dina kom på besøk og roste barna for å være gode på venneferdigheter. Dina var imponert over alle Willymerkene barna hadde klart å samle allerede. Isfesten nærmar seg.......





Turen på tirsdag gjekk til Gapahuken . Været var bedre enn venta så vi var ute lenge og hadde lunsj i gapahuken; skiver og kakao. Barna klatra i trær og på steinar, fant interessante ting i naturen og leikte ulike rolleleikar. Vi såg gravemaskin på veien og det heva turopplevelsen til nye høgder. Tilbake i barnehagen valgte vi å fortsette å være ute, og gjekk inn igjen først til frukten.






Torsdagen malte vi bilder med vannfarger. Det vart mange fine fargerike bilder. Nokon av barna malte på hendene og laga håndavtrykk. På slutten av dagen ommøblerte vi litt på avdelingen. Barna kommenterte forandingen og syns det var blitt fint på Soria Moria etter ommøbleringen.

Fredag gjekk me på fellesrommet og hadde samling rundt boka om Regnbogefisken. Temaet i boka er vennskap og deling. 
Til lunsj laga Eva Birthe skippergryte som selvfølgeligt gjekk ned på høgkant for det var jo så godt!

Hjelparar denne veka har vore Louise og Emmelin.

God helg!

Lise, Eva Birthe, Mariel og Bente :)






fredag 14. mars 2014

Veke 11


Denne veka gjekk vi ein rundtur i byggefeltet på Foldens. Vi fekk sjå barneskulen der dei fleste førskulebarna byrjar, samt husa til nokre av barna. Været var nydeleg og barna storkosa seg. Tilbake i barnehagen åt vi påsmurde skiver og drakk kakao.



Barnehagedagen er like rundt hjørne, så vi har hatt ulike samlingar denne veka med fokus på barnehagedagen og grunnlovsmarkeringa. Med tanke på at grunnloven er eit vanskeleg tema, har barna vist stor interesse. Vi har blant anna lest historie om grunnlova, snakka og sett bilete av kongen, statsministeren og regjeringa. Vi har også laga vår eiga grunnlov!

Tysdag 18 mars er Barnehagedagen. I år er det 200år sida Noreg fekk si eiga grunnlov og årets bodskap for barnehagen er demokrati og barn si medverknad. Slagordet er: «Eg har noko å seie!»


På Dinoskulen denne veka har har vi fortsett med Allosaurus kapittelet om det å hjelpe andre. Dei vaksne på avdelingane følgjar godt med når barna gjer noko fint mot dei andre barna, hjelper eller tar andre med i leiken - rosar og gir willy-merke.

God helg!


Soria Moria

mandag 10. mars 2014

Veke 10

Måndag denne veka hadde Dinoskulen sin siste leksjon i Tyrannosaurus Rex kapittelet. Dina delte også ut buttons og dette var kjempestas. Onsdag denne veka byrja vi på eit nytt kapittel, Allosaurus. Dette kapittelet handlar om å vere hjelpsam. Mari var på besøk og fortalte om ein gang ho hjalp bestevennen sin med å finne den andre skoen sin. I og med at dette kapittelet handlar om å vere hjelpsam, har barna fått eit lite oppdrag, alle skal næmleg samle Willy-merker. Ein skal samle 5 merker kvar, og som belønning skal Dinoskulen ha isfest. Krava til å få eit Willy-merke er at barna hjelper andre som treng hjelp, inkludere andre barn i leiken og sei fine ting til kvarande.


Turdagen tysdag gjekk til den gamle gapahuken saman med Tryllefløyten. Der leika og kosa vi oss i skogen og såg på lastebilen og gravemaskina som arbeidde like ved. I sekken vår hadde vi med oss primus som vi laga tomatsuppe på, så det blei tomatsuppe med makaroni og saft denne dagen. På tilbaketuren fekk vi sjå noko spanande, vi fekk sjå helikopter på nært hald. Den frakta store tømmerstokkar og barna tykte dette var kjempespanande.



Denne veka har vi vore veldig heldig med været og ikkje fult så heldig med været. Vi har leika ute i barnehagen og vi har også leika oppe på "Haugen". Her fann vi ein del tørka gras som vi fletta fletter ut av, vi bruka naturen til forming og pynta eit lite tre med dei fletta stråa, såkalla "Land Art". Eit av barna fann også ein mark, som barna studerte.



På onsdag måla vi litt. Barna fekk bruke kreativiteten til å måle det dei ville. Det er kjekt å få velje litt sjølv og bruke kreativiteten og fantasien fritt, utan innspel frå dei vaksne.



Hjelparar denne veka er har vore Justin og Dorthe.



Lise, Bente, Eva-Birthe og Mariel