God fredag!
Mange barn har hatt haustferie denne veka, så vi har vore færre barn enn ellers. Måndag laga vi haustbilete ved å klippe biter i ulike formar av fargeark og lime dei på eit anna ark.
Måndag hadde vi FORUT-samling der vi fekk sjå ein liten filmsnutt om korleis Biswas og Nischal bur i Maikaitar. Her fekk vi sjå det gamle huset som vart øydelagd under jordskjelva og det nye huset som dei skulle flytte inn i når det var ferdig. I mellomtida budde dei i eit telt av presenningar og strå.
Tysdag var vi på tur til Foldnes skule. Her leika vi i leikestativet, klatra på berget og grilla pølser til lunsj.
Torsdag hadde vi nok ein FORUT-samling, der vi såg Biswas og Nischal som besøkte onkel Sagar i Katmandu. Først besøkte dei dyreparken før dei reiste opp mot Himalayafjella. Oppe i fjella kunne dei skimte noko som bevegde seg i trea, heldigvis var det berre onkel Sagar som hadde kledd seg ut som Yeti. Etterpå fekk alle fargeleggje kvar sitt dyr frå dyreparken.
Fredag såg vi ein ny filmsnutt der Øistens blyant besøkte Balika. Her lærte han jentene å teikne ulike dyr, samt lage kvar sin Yeti av ei pappeske. Barna fekk også høyre om Puspa, ei jente som bur på Balika. Etterpå fekk barna fargeleggje teikningar av Øisteins blyant.
Fredag fekk vi servert deilig skinkepizza til lunsj!
Ynskjer alle ei strålande helg!
Soria Moria-damene
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar