mandag 21. desember 2015

Veke 52

Hei og god måndag!


Høgdepunktet forrige veke var nissefesten fredag. Alle avdelingane var inviterte på fellesrommet der nokre av dei vaksne dramatiserte "Skinnvotten" med ein liten vri. Vi fekk høyre om den gamle kongen, Bamsefar braker, chihuahuaen Bodil, Helene harefrøken, Museline, reinsdyret Rudolf og julenissen. Vi avslutta samlinga med å gå rundt juletreet som dinoskulebarna hadde pynta. Barna stemte i på "Jeg gikk meg over sjø og land", "O, jul med din glede", og "På låven sitter nissen". I år fekk kvar avdeling ein felles gåve nissen, Soria Moria fekk nye småbilar. Til lunsj åt vi risengrynsgraut og ein liten mandel hadde lurt seg oppi grauten. Den som fann mandelen fekk knuse resten peparkakehjartene frå kalendaren vår, til jubel og glede for resten av barna. Det vart sjølvsagt smaksprøver til alle!

Enda ei veke er over og jula nærar seg med stormskritt. Nokre tar ferie, mens andre forsetter kvardagen ei lita stund til. Tusen takk for fine julekort og gåver vi har fått på Soria Moria. Bloggen tek no juleferie, men vi er tilbake på nyåret. 


Ynskjer alle ei riktig fin jul!


fredag 11. desember 2015

Veke 50


God fredag!

Måndag var Willy med på heile sirkelsamlinga på Dinoskulen, han fortalte nokre historiar der han hadde hatt ulike kjenslar. Etter endt samling var det Willy som hadde vert best på å ha hender og føtter for seg sjølv, så da fekk han med seg Løvungen heim. Dinoskulen har no teke juleferie og er i gang igjen på nyåret.


Her kom Willy ein tur innom da barna var ute å leika.

Tysdag baka vi Lussekatter til den store gullmedaljen, vi hadde nemleg invitert foreldre på Lucia-frokost tidleg fredags morgon. Barna fekk hjelpe til med å rulle denne gule deigen til lussekattar. Samtidig som vi baka hadde vi juleverksted der vi limte, måla og trykka med potettrykk, meir enn det kan vi ikkje avsløre enda :)


Etter lunsj på tysdag kom Ulla Krulla og vennene hennar på besøk til Leirstaden barnehage. Barna tykte dette var kjempekjekt. Ulla Krulla er ei morosam dame som strikker for julenissen. 


I dag, fredag, har vi markert Luciadagen i barnehagen. Allereie kl.08 sto barna spente og klare. På seg hadde dei fleste av barna kvite kjolar eller pappa si kvite t-shorte. Nokon hadde glitter i håret og dei hadde kvart sitt lys i handa. Barna gjekk gjennom ein mørklagt barnehage og song"Svart senker natten seg", mens foreldra sto stolte å såg på. Vel inne på fellesrommet vart det meir song med teikn. Etterpå var foreldra inviterte på lussekattar, kaffi og saft på avdelingane. 



Etter lunsj var vi i Foldnes kyrkje på adventsgudsteneste. Her fekk vi møte presten og kyrkjetenaren som fortalte oss om juleevangeliet. Vi song salmar og etterpå fekk vi peparkaker og vatn i kyrkjerommet ved sida av. 



Ynskjer alle ei fin helg!

fredag 27. november 2015

Veke 48

God fredag!
Her kjem ei lita oppdatering i bilder om kva vi har gjort denne veka. Som ein kan sjå så er vi i juleførebuingsmodus.


Kjensletermometer på Dinoskulen

Fargelegging av juleteikningar

Vi har pynta peparkakeborga og levert den frå oss.
Adventskalederen er klar! Vi har pynta peparkakehjartene og hengt dei opp i vindauga på Soria Moria.
Frå musikksamlinga på biblioteket. Temaet var fargar og bakemester Harepus tok turen.
Sjølvaste Julenissen tok turen til oss på biblioteket. Han opna peparkakebyen på biblioteket ved å klippe det raude båndet. I ei korg hadde hadde han peparkaker til alle barna.

Denne veka har vi hatt mange koslege måltid i stummande mørke og med lys på bordet


 Ynskjer alle ei fin helg!



fredag 20. november 2015

Veke 47

Da var det fredag igjen!

Veka starta med mykje nedbør og vind, så på måndag tilbragte vi faktisk heile dagen inne. Mens dei eldste barna var på Dinoskule hadde dei andre barna Minirøris saman med Ania inne på avdelinga. Etter lunsj hadde vi kino inne på fellesrommet saman med Tryllefløyten og Flåklypa, vi såg Pippi.

På Dinoskulen denne vekka har vi snakka om at kjenslar kan endre seg. Måndag tok Mari turen innom og med seg hadde ho ein teikning ho ville fullføre. Da ho starta å teikne, teikna ho noko utanfor streken og viste ei frustrert kjensle. Barna kom med ulike løysingar til at ho ikkje måtte gi opp, dei hjalp ho med å viske bort det ho hadde teikna utanfor streken og dei hjalp ho å teikne vidare på teikninga. Maria satt da igjen med ei stolt kjensle i kroppen sin. Vi avslutta Dinosamlinga med komplimentsirkel, der barna fekk halde ein engel i hand si medan dei skulle sei noko fint om seg sjølv og den som sat ved sida av seg.

Onsdag kom Dina innom ein tur og fortalte om den gangen ho skulle lære å fly. Dette var ei frustrerande kjensle for Dina, fordi ho ikkje fekk det til. Men Dina gav ikkje opp og prøvde på ny og på ny og til slutt lærte ho seg å fly. Sjølv Dina satt igjen med ei stolt kjensle! Vi avslutta samlinga med ein aktivitet der kvart av barna fekk kvar si skoeske og ei klinkekule. Midt i eksa var det ei hole som kula skulle trille oppi. Barna måtte konsenstrere seg, vise tålmodigheit for at kula skulle trille oppi og dei viste meistringskjensle og stolthet når dei fekk det til.


På turdagen denne veka spaserte vi den vesle vegen opp til "Hauen". Det er ei stund sida vi har vore der no, så barna tykte det var stor stas å få utforske seg i terrenget der oppe. Dei leika butikk i dukkehuset, dissa i UFO-dissa, leita etter insekt og berre det å gå i den nye dekk-trappa vår er motorisk utfordrande, for dei yngste. Lunsjen tilbragte vi inne i dukkehuset mens det blåste og plaska ned utanfor.


Onsdag, før lunsj, las Aina boka om "Trollet under trappa", barna satt nysgjerrige og stille å fulgte med. Under trappa i huset til Celina bur det eit troll. Ein dag turte ho å liste seg ned i kjellaren, men det var berre Tussetrollet som hadde blitt forkjøla. Det viser seg at Tussetrollet ikkje er noko skummel..


Gruppedagen på torsdag gjekk med til peparkakebaking. Dinoskulebarna fekk sjablongar som Ania hadde laga som blei til veggane og taket til ei borg. Dei andre barna fekk trykke ut andre figurar og dyr med peparkakeformar. Vi har også trykka ut hjarter som vi skal pynte til adventskalendaren vår.


Leik på avdelinga

Ynskjer alle ei god helg!!

fredag 13. november 2015

Veke 46

Hei hei!

Nok ei veke er omme og ei ny helg står for tur. 

På Dinoskulen handlar det forsatt om kjenslar. Måndag kom Mari på besøk og vi snakka om det å vere einsam. Inger Ann las om Albert Åberg som fekk seg ein ny venn som heit Viktor. Onsdag kom ei frustrert og oppgitt Dina på besøk, ho hadde nemleg mista vingene sine og fann dei ikkje, uansett kor mykje ho leita. Ho hadde ei boblande, ubehagleg kjensle i magen sin. Med god hjelp frå Dinoskulebarna fann dei vingene hennar bak pianoet på fellesrommet. Gjensynsgleda var stor og Dina fekk ein god kjensle i kroppen sin. Etterpå fekk barna klippe ut ulike ansiktsutrykk frå balder som dei limte under tema glad, ivrig, sint, trist. 


Turdagen på tysdag skulle opprinneleg gå til Indianerskogen, men av og til i barnehagen så må vi endre planene i siste liten. Vi gjekk derfor til den første gapahuken på Kyrkjevegen, dette var ein ny turplass for dei fleste barna fordi det er lenge sida vi har vore der. Her var det ei elv med ei hole som gjekk gjennom til andre sida av vegen. Barna fekk bruke sansane sine ved å sjå, kjenne og høyre på vatnet som rann. Til lunsj hadde vi påsmurde skiver og kakao. 

Onsdag føremiddag fann Aina fram måling, målekostar og målefrakkar og mange glade barn fekk måle. Barna fekk vere kreative og uttrykke seg estetisk. Dei fekk skape noko eige, velje farge, velje kva dei ville måle utan innverknad frå den vaksne. 

Gruppedagane framover vil vere noko annleis enn vanleg. Barna vil bli delt opp i større og mindre grupper der vi har ulike juleførebuande aktivitetar. Denne torsdagen har vi starta på nokre julekort som vi ikkje kan fortelje så mykje meir om enda. 

Ania har teke med nokre leikar som ikkje barna hennar leikar med lengre, som er til stor stas for barna på Soria Moria. Det har derfor vore mykje fisking denne veka og på kroken har barna fått alt frå små fisk, til hai og støvlar. 

Fredag hadde Ania samling på det lille rommet på avdelinga. Ho dramatiserte historien om "Lille larven aldri mett". Til lunsj fekk vi servert fiskepinner og pommes frites. 





Ynskjer alle ei fin helg!

Helsing oss på Soria Moria

fredag 6. november 2015

Veke 45

God fredag!

Denne veka har vore noko kortare enn vanleg, fredag var det planleggingsdag og barnehagen har derfor vore stengd.

På Dinoskulen denne veka har vi forsatt med kjensler. Vi har teke fram spegla igjen og studert oss sjølv når vi lagar ulike kjensler. På aktiviteten på måndag fekk alle utdelt kvar si Willy-dukke som dei kunne bytte munn-utrykk på. Sølvi las ei historie om Willy og barna måtte følge med på det som blei sagt for å finne det rette munn-utrykket til Williy (glad, trist, sint, redd). Onsdag fekk kvar gruppe utdelt ein stor terning med ulike ansiktsuttrykk på, barna trilla etter tur og måtte vise og fortelje om ein gang dei hadde hatt nettopp denne kjensla.


Tysdag gjekk turen til Gapahuken på turstien, vi samla naturmateriale, Ania laga hus på bakken ved hjelp av teknikken "landart". Til lunsj grilla vi fiskekaker som vi hadde på skive og drakk kakao til. 

Torsdag delte vi avdelinga i to grupper. Den eine gruppa laga heimelaga pizza, mens den andre gruppa laga eit kjempefint bilete (ein gut og ei jente) ved hjelp av naturmateriale som vi samla inn på turdagen.

Til lunsj på torsdag åt vi heimelaga pizza som den eine gruppa hadda laga.

Torsdag markerte vi også bursdagen til Karmine som fyller 5år i helga. Håper ho får ein fin bursdag!

Ynskjer alle ei fin langhelg!

fredag 30. oktober 2015

God fredag alle saman!

Nok ei veke er omme og helga står for tur. 

På dinoskulen denne veka har vi starta på eit nytt kapittel, Triceratops. Dette kapittelet handlar om kjensler, vi har derfor snakka om å vere anspent (sint) og avslappa (glad) i kroppen vår. Vi har snakka om korleis det kjennast i kroppen når vi har desse kjenslene. Måndag hadde vi "1,2, 3 raudt lys" der alle saman var tinnsoldatar med avishattar. Barna har fått sett seg sjølv i spegel for å sjå korleis ein ser ut i ansiktet når ein er glad og når ein er sint. Dei har også fått laga kvar sitt ansikt av ein papptallerken der dei har limt og teikna på auge, hår, nese og munn.



På turdagen vår gjekk vi eit lite stykke innover på Kyrkjevegen, vi stoppa ein stad der det er fint å leike i skogen. Her fann vi ulike typar sopp som vi studerte, vi fann konglar som ekornet mest truleg har ete av og vi klatra opp på stubbane for så å hoppe ned att. I sekken hadde vi med oss påsmurde skiver og kakao. 

Hovudfokuset har vore FORUT-basaren vi hadde torsdag denne veka. På dagen bakte vi pizzahorn som vi skulle ha for sal på sjølve basaren, samtidig som vi fekk pizzahorn til lunsj. 
Foreldre, sysken og besteforeldre tok turen til barnehagen. Først var det ei lita samling på fellesrommet med song, før det var sal av mat, kaker og lodd. Til slutt hadde vi trekning av loddbøkene på fellesrommet. 
Fredag føremiddag samla Dinoskulebarna, Monika og Siren seg på fellesrommet på å telje opp pengane frå basaren. Alle fekk først kjenne kor tung kofferten med pengane var, og dei kom med forslag til kor tung den var. Nokon tippa 1kg og andre 60 kg. Etterpå vegde vi kofferten og den var 3 kg. Ved hjelp av ei kuleramme, der kvar kule tilsvara 100kr talde vi opp pengane. Vi kom til den fantastiske sum på 10 041kr, noko som er eit imponerande resultat. Monika har levert beløpet inn i banken, og pengane er no på veg til Nepal.  

Prosjektet er over for denne gong, det har vore eit kjekt og lærerikt prosjekt. 
Tusen takk til alle som har bidratt med flotte gevinstar, mat, kaker og frammøte på sjølve dagen! 



Fredag hadde Ida Maire ei samling på fellesrommet med song og dei fekk høyre historien om Alice i eventyrland. Til lunsj fekk vi servert lapskaus og saft.

Vi minnar om at neste fredag, 6 november er det planleggingsdag i barnehagen og barnehagen er då stengd.

Ynskjer alle ei fin helg!



fredag 23. oktober 2015

Veke 43


God fredag!

På dinoskulen denne veka har vi lært oss "Vis - meg - fem" teiknet, eit teikn vi brukar istadenfor å måtte sei heile regelregla. Dina viste stolt fram kontoret sitt som var pynta med teikningar frå dinoskulebarna. Onsdag på dinoskulen hadde vi om å følge beskjedar. Willy var innom å fortalte om ein gangen han ikkje hadde fulgt med og dinobarna var hjelpeleg med kva han måtte gjere neste gang for å få med seg beskjedar. 


Vi har verkeleg fått kjenne på haustvèret denne veka. Det har verkeleg bøtta ned, vi har måtte snu støvlane opp ned i vasken for å tømme dei for vatn. Likvel har vi storkosa oss ute i regnvèret. Turdagen vart flytta til torsdag denne veka. Vi gjekk ned i Amfiet, der leika vi "tikken", var på oppdagelsesferd inni hekken, hoppa i sølepyttane og klatra i dei store steintrappane. Lunsjen tok vi på hauen, inni dukkehuset. Der var det tørt og godt å sitje å ete skive og drikke kakao, mens regnet øsa ned utanfor. 

Kommande laurdag er FN-dagen, og dagen har derfor vore i hovudfokus denne veka. Vi har hatt daglege samlingar, avdelingsvis. Fredag markerte vi dagen med fellessamling på fellesrommet saman med Tryllefløyten og Flåklypa. Inger Ann visualiserte menneskerettigheitane for oss med hjelp frå barna på Flåklypa. Etterpå høyrte vi på ulike songar, såg FORUT film og avslutta med at alle barna sto i ein ring å haldt hender mens vi song "Morgendagens søsken". Til lunsj denne dagen hadde Eva Birthe laga mat frå Nepal, linsesuppe, ris og grønsaker.




 Ynskje alle ei fin helg!


fredag 9. oktober 2015

Veke 41

God fredag!

Denne veka har Dinoskulen hatt haustferie, men vi er i gang igjen allereie måndag. 

Vi starta veka med samling på fellesrommet der vi fekk helse på ei jente som bur på Balika, ein barneheim, saman med mange andre jenter. Monki tok turen innom for å fortelje om ein heilt spesiell tur saman med Biswas, Nischal, Anjali og Puspa. Dei skulle nemleg ri på elefanter, men Monki tykte dette var noko skummelt. Vi prata om vi hadde vener frå andre land, om det var nokre dyr vi var redde for og om vi hadde nokon gode dyrevenner. Da vi kom tilbake på avdelinga fargelagde vi flagget til Nepal.

Turdagen denne veka gjekk til gapahuken der vi leika, bygde hytte, dissa på dissa og såg masse sopp. Med oss i tursekken hadde vi påsmurde skiver og kakao. 

Seinare i veka hadde vi ein samling der vi snakka om Barneaksjonen sin grunnlov:

1. Alle barn er like mykje verdt
    : alle må vere venner å dele det vi har
2. Alle barn må ha eit trygg stad å bu
    : med omsorg, mat, helsestell og aktiviteter
3. Alle barn må få gå på skule
    : ingen barn må arbeide istedefor å gå på skule




Vidare snakka vi om det å ha ein venn, eit fellesskap og det at vi er ulike. Som avsluttning på samlingen måla vi handavtrykk som vi limte på eit ark med diktet "ein ring av gull."

Ein ring av gull, ein riktig stor, 
med plass til alle hender.
Der ingen er størst, der ingen er minst,
der ingen er først, der ingen er sist.
Vi held fast så alle kjenner
at ringen er smidd av gode venner!




Fredag lærte vi nokre nye FORUT-teikn vi lærte oss Nepal, flagg, krokodille og elefant. Til lunsj fekk vi servert Eva Birthe sin heimelagde pizza og saft. Det smakte godt i sultne magar.

Ynskjer alle ei god helg!

Helsing oss på Soria Moria




fredag 2. oktober 2015

Apekattne Monki har reist rundt i heile verden, sist besøkte han Biswas og Nischal i Nepal

Oktober er begynt og det betyr at me er igang med Forut prosjektet i barnehagen. Alle fem avdelingar i Leirstaden har prosjektet i denne månaden. Barna får møte og bli kjendt med barn i Nepal og lærer om korleis livet er på landsbygda oppe i fjellene i dette landet, som ligger langt langt vekke frå oss i Norge. Vi har denne veka såvidt blitt kjendt med Biswas og Nischal, to barn på 5 og 6 år som bur i ein liten landsby i Nepal. Og så har apekatten Monki komt på besøk til oss. Han har nettopp vært i Nepal for han reiser rundt i verden og lærer om andre land og kulturer.


Barn1516
Forut barneaksjon i Leirstaden


Tirsdag gjekk turen til Indianerskogen. Det er ein spennande turplass som innbyr til utforsking, hyttebygging, insektstudering, klatring og ulike rolleleikar. 
I sekken hadde vi smurte skiver og varm kakao på termos; kjempegodt. Barna er blitt veldig gode til å gå på tur, det er stor framgang å spore sidan august. Medan vi går pleier vi å synge sanger og då blir ein så lett i beina at dei nesten går av seg sjøl. Mirakelmiddel mot tunge bein. 

Motoriske utfordringar i Indianerskogen
På Dinoskulen mandag og onsdag er det framleis fokus på reglar og korleis ein kan bli god på å være i gruppe og sitje i ro og bruke lytteøyrer. Dette første kapittelet heiter Apatosaurus og er første innføringen til å være på skulebenken på Dinoskulen.

"Hender føtter for seg sjølv. innestemme, lytteøyre, følge med og stille hånd"
Dinoskule reglar på plakaten.






Riktig god helg til alle sammen 

frå Soria Moria gjengen



fredag 25. september 2015

veke 39

Ei veke er forbi og det begynner for alvor å bli haust. Trær skiftar farge og lufta er blitt kjøligare og det er mørkare om morgonen kl sju når barnehagen åpnar. 

På Soria Moria har vi hatt varierte dagar med kjekt innhald. Det går i samlingar med sang, eventyr, bursdagsfeiring og Dinoskule for å nevne noko av det som har skjedd. 



På Dinoskulen har dei no i starten fokus på å bli nærare kjend med kvarandre i dinogruppa. Dei har snakka om korleis det er å vere del av ei gruppe og dei har snakka om felles reglar dei må jobbe etter på Dino skulen, slik at alle skal få fine opplevingar og oppnå eit godt fellesskap i gruppa. Dina og Willy har vore på besøk, det var veldig spennande, synes borna. Den fyrste lekseboka er utgjeven og det var stor stas å få lov å gjere lekser, kan du tru.


Dinoskule

Turen på tirsdag gjekk utover Foldnesvegen og enda opp på leikeplassen i Grunnavågen. Det var flott turvær og barna koste seg på leikeplassen med å disse, seile på seilebanen, leike i leikehuset, klatre i bildekkene og klatre i klatretreet. Med i sekken hadde vi grill, skiver og fiskekaker. 


Denne veka fyller Oscar 4 år og vi feira bursdagen hans på fredag med bursdagssamling der Oscar hadde fin kappe og krone på. Vi sang bursdagssangen og han fekk fire fine rakettar og til slutt velge seg ein fin ting frå bursdagskista. GRATULERER MED DAGEN OSCAR.


RIKTIG GOD HELG TIL ALLE 

FRÅ SORIA MORIA GJENGEN


fredag 18. september 2015

Veke 38

Turen denne veka gjekk langs Kyrkjevegen til Gapahuken
Fire dagar har barna hatt i barnehagen denne veka.( Vi voksne har hatt fem, for vi var i barnehagen også planleggingsdagen mandag og planla). 

Tirsdag gjekk vi tur innover Kyrkjevegen mot Gapahuken. Været var utrygt så regntøyet måtte på, men det viste seg at det hadde gått bra uten regntøy, for det var minimalt med nedbør som kom ned. Men det er bedre å ha for mykje klær enn for lite på tur, for frysing ødelegger turgleden. 
Barna leikte ulike rolleleikar, bygde hytte, klatra i trær, dissa på den store taudissen, studerte mauren og leika grilling på bålplassen i Gapahuken. 
Med oss i sekken hadde vi smurte skiver med saft til og det smakte fortreffeleg. 

Torsdag var det tid for grupper igjen. Kjøkkengruppa laga deilige ostehorn som vi hadde til lunsjen. Dei var supergode. Språkgruppa spelte spel og øvte inn teikn til tale. Naturgruppa gjekk tur i for å bli kjendt med kva vi har i nærområdet vårt. Vi gjekk opp til Foldnes Kyrkje og bort til Tussetjødna Barnehage for å sjå korleis dei har det i nabobarnehagen vår.


Gjeterjenta gjeter saueflokken sin.


Fredagen var vi også på tur. Då gjekk turen til biblioteket på Straume for å være med på eventyrstund. Fleire andre barnehagar var også der så det vart ganske trongt på eventyrrommet. Eilin hadde pynta seg i rosa silkeklær og var veldig fin. Ho fortalde eventyret om Gjeterjenta. Barna satt fokusert og følgde med på eventyrforteljinga, Eilin er god til å fange barna si merksemd. Til slutt sang vi kjende sangar saman, før vi tok farvel og gav oss ivei på tilbaketuren til barnehagen.

I barnehagen venta kjempegod lunsj. Eva Birthe hadde laga Skippergryte som smakte veldig godt etter all gåingen fram og tilbake til Sartor. 

Riktig god helg alle saman !!!!

SORIA MORIA gjengen