fredag 28. november 2014

Veke 48

Legg til bildetekst

Advent er rett rundt hjørna. Adventskalendaren er ferdig bakt og pynta. 24 pepperkakehjerter er klar til å begynne å bli trekt på mandag. Barna gleder seg selvfølgelig veeeeldig.

Turen tirsdag gjekk innover Kyrkjevegen til gapahuken. Barna koste seg og leikte ulike leikar, og på den store taudissa var det lang kø. I sekken hadde vi kakao på termos og skiver. Veldig god turmat. 

På Dinoskulen spelte barna følelsesbingo. Det blir trekt ulike fjes som forestiller ein følelse, og på bingobrettet skulle barna krysse ut hvis dei hadde bilde av den følelsen på sitt brett. Det var tilogmed premiar til vinnarane. Kjempegøyt.


Følelsesbingo.

Fredagen laga Eva Birthe fiskekaker i pitabrød. Nammings, det gjekk ned på høgkant. 

Hjelparar denne veka har vore Meida og Vilde. 

God helg !!!

Lise, Mariel, Bente, Eva Birthe og Aina.

   


fredag 21. november 2014

veke 47

Blader og mose frå skogens bunn
På tirsdag gjekk vi tur til indianerskogen. Vi gjekk saman med Tryllefløyten. Det var ingen regndråper i luften så kjeledressvær. Godt å sleppe regntøyet på tur for då er det mykje lettare å klatre i trær og leike i skogen. Barna var med å lage snodige figurer av materialer som er i skogen. Dermed oppstod det "landart"; som er kunst laga av naturmaterialer. Det oppstod musikk ved å tromme med pinnar på furugreinene, og det var spennande. I sekken hadde vi med smurte skiver og kakao på termos.

I gruppene på torsdagen var Tusseluss-, Sopp- og Regnboge-gruppa med på formings- og bake-aktivitet som for øyeblikket er litt hemmelighetsstempla. Kan røpe så mykje som at det har med jul og gjere. 

Dinoskulen handlar om følelsar. Denne veka har vi snakka og øvt oss på "SINT" og "REDD" Dette er negative følelsar. Barna har fått sjå at følelsar kan endre seg frå sint, ein negativ følelse, til å bli glad som er ein positiv følelse. Fredrik har vore på besøk og presentert "FØLELSESBAROMETERET". Barometeret er med på å bevisstgjere barna på korleis følelsar kan endre seg. 

Magisk samling fredag var på fellesrommet. Barna fekk sjå og høyre "HISTORIEN OM KORLEIS SNØEN FEKK FARGE". Historien har tema om vennskap og deling. 

Korleis snøen fekk farge 

Hjelparar denne veka har vore Erik og Dorthe. 

Riktig god helg !!!

Lise, Mariel, Aina, Eva Birthe og Bente




mandag 17. november 2014

Veke 46

Leikeplassen i Tjødnavegen

Været var flott på tirsdag; SOL OG BLÅ HIMMEL. Turen gjekk til leikeplassen i Tjødnavegen. Vi gjekk sammen med Tryllefløyten så det vi var ein stor flokk som labba avgårde. Begge avdelingane brukar turtau, dvs langt tau med mange løkker til å holde i for barna. Vi liknar to lange åmer som buktar oss avgårde bortover gangvegen. I sekken hadde vi saft, grill og grillpølser. Perfekt vær for grilling. På leikeplassen sparka vi fotball, dissa på dissene, leikte tjing tjong kinamann, balanserte på gjerdet, hoppa strikk og sprang etter ein søt katt som plutselig dukka opp.

Konsentrasjonen er stor når barna spiller klinkekulespillet



På Dinoskulen snakka vi meir om følelsane frustrert og stolt. Barna øvte på følelsane gjennom å spille klinkekulespillet. Dei kjendte den FRUSTRERTE følelsen når klinkekula ikkje ville gå den rette veien. Og dei kjendte på den STOLTE følelsen når dei klarte å få klinkekula til å gå riktig vei.

I fredagens samling fekk barna sjå og høyre eventyret om "Dei tre bukkene bruse som skulle til seters og gjere seg feite".

Soria Moria :) 



fredag 7. november 2014

veke 45

To nye gutar er begynt på Soria Moria denne veka. På mandag tok vi imot Borys. Mandag begynte også Lukas. Han har gått på Tyrihans og har vært ein del på besøk hjå oss i det siste for å bli kjendt. Kjempekjekt at de er komt til oss på Soria Moria, Borys og Lukas!

Dina fortel barna om då ho ikkje fant vingene sine og  vart frustrert


Dinoskulen handlar om følelsar. Barna har fått presentert og blitt meir kjendt med følelsane: glad, lei seg, ivrig, ensom, frustrert. Desse følelsane kan koblast opp mot anspent og avlappa. Dina kan for eksempel spørje : korleis har vi det når vi er glad, er vi anspent eller avslappa i kroppen når vi har den følelsen? Barna er blitt superflinke til å gjenkjenne og setje rett navn på følelsane. 

Karmine fyller fire år denne veka og vi feira ho på torsdag med bursdagssamling. Ho hadde fin krone og bursdagskappe på seg. Karmine fekk velge seg sang, og ein fin ting frå bursdagskista, og vi fyrte av fire fine rakettar. GRATULERER KARMINE.

Det er blitt skikkelig kaldt ute, så varmare vinterklær som ull og fleece må på plass i barnas byttetøy kassar. Godt vinter- fottøy er også viktig for å halde seg varm i denne kalde og forblåste årstida vi har no. Barna er ute ganske mange timar og i allslags vær, så viktig å halde seg varm.

Riktig god helg !

Lise, Mariel, Aina, Eva Birthe og Bente.