fredag 28. oktober 2016

Veke 43

Hei fredag!

Det har vore ei hektisk veke, med Dinoskule, Dinogruppar, tur, FN-dag og FORUT-basar. Høgdepunktet denne veka har vore FORUT-basaren vi hadde torsdag. Denne månaden har vi blanta anna ete mat frå Nepal, fargelagt det Nepalske flagget, lytta til songar, sett filmsnuttar frå Nepal og blitt kjende med Monki. Som avslutting på prosjektet hadde vi ein FORUT-basar der familiane til barna var inviterte. I dag har Monika vore borte med pengane og vi har fått inn 11143 kr!



Tysdag gjekk turen til Indianerskogen. Her klatra vi, samla kongler og kvister. Det å bevege seg i det ulente terrenget i skogen er kjempebra for grovmotorikken til barna.

På Dinoskulen denne veka har dei byrja på eit nytt kapittel, Triceratops. Dette kapittelet handlar om kjensler. Barna har denne veka fått eit djupare innsyn i kjenslene glad og sint. Det å ha ei sint kjensle, gjer at kroppen blir anspent. Vi må kanskje stoppe opp å puste tre gongar, slik at kroppen blir avslappa. Når vi er glad er kroppen avslappa. Willy kom også på besøk å fortalte om glad-staden sin. Dette er ein stad han kan tenkje på når han er litt nedafor og som kan hjelpe han til å bli glad igjen. Mange av barna fortalte også om sin glad-stad.


Tusen takk til alle foreldre for bidrag av mat og premiar!

Ynskjer alle ei fin helg!
Soria Moria-damene

fredag 21. oktober 2016

Veke 42

Nok ei veke er ved ende. 

Vi er tilbake i rutinene igjen etter ei veke med haustferie. På føremiddagen på måndag og onsdag var det Dinoskule og Dinogrupper. På Dinoskulen lærar dei om lytte -og venteferdigheitar, og det å følgje beskjedar. Barna har fått sjå ulike vignettar og laga kvar si "gi meg fem"-hand, med dei fem reglane vi lærte i byrjinga på Dinoskulen. Onsdag kom Willy på besøk. Han fortalte om ein gang han ikkje hadde fulgt ein beskjed å det resulterte i at han nesten gjekk glipp av heile gymtimen. Saman med Willy øvde dei på å følge beskjedar med bruk av ulike geometriske formar. Her var det viktig å bruke lytteøyrer og følgje med. Etterpå las Sølvi opp ei historie om Willy og barna måtte utføre det som skjedde i historia i form av å bytte klede på Willy-papirdukka.

Tysdag hadde Eva Birthe FORUT-samling der vi fekk høyre om barna sine rettigheitar. Her fekk vi blant anna lære at alle barn er like mykje verdt, alle barn må ha ein trygg stad å bu og at alle barn må få gå på skule. Vi lytta til "Barnas rettigheter" av Tomas Drefvelin på YouTube og øvde på "Venner i Nepal"-songen med teikn. 
 

Vi flytta turdagen til torsdag denne veka. Turen gjekk ned til Tussatjødna barnehage der vi såg på gravemaskinene som gravde inne i barnehagen. Spanande å sjå på! Etterpå gjekk vi vidare bort til kyrkja der vi såg på når dei laga sement i sementblandaren. Dei heldt på med å lage ny mur ved vegen opp mot kyrkja. Vi gjekk så vidare opp på Haugen, der vi leika og utfalda oss i det ulendte terrenget. Med oss i sekken hadde vi skiver og kakao. Mens vi kosa oss med lunsjen, las vi om "Leopard på bytur" saman med Monki. Etterpå fekk Monki bere med å disse i ufo-dissa på Haugen. 


Fredag hadde vi den siste FORUT-samlinga vår. Her oppsummerte vi det vi har snakka om dei siste vekene. Vi lytta til "Barnas rettigheter" og øvde på "Venner i Nepal". Monki tek stadig turen innom Soria Moria, og det gjorde han denne fredagen også. Til lunsj fekk vi servert nepal-inspirert mat; steikt ris med grønnsaker og skinke. 

Ynskjer alle ei strålande helg! 

Soria Moria-damene



fredag 14. oktober 2016

Veke 41



God fredag!

Mange barn har hatt haustferie denne veka, så vi har vore færre barn enn ellers. Måndag laga vi haustbilete ved å klippe biter i ulike formar av fargeark og lime dei på eit anna ark.


Måndag hadde vi FORUT-samling der vi fekk sjå ein liten filmsnutt om korleis Biswas og Nischal bur i Maikaitar. Her fekk vi sjå det gamle huset som vart øydelagd under jordskjelva og det nye huset som dei skulle flytte inn i når det var ferdig. I mellomtida budde dei i eit telt av presenningar og strå.

Tysdag var vi på tur til Foldnes skule. Her leika vi i leikestativet, klatra på berget og grilla pølser til lunsj.

Torsdag hadde vi nok ein FORUT-samling, der vi såg Biswas og Nischal som besøkte onkel Sagar i Katmandu. Først besøkte dei dyreparken før dei reiste opp mot Himalayafjella. Oppe i fjella kunne dei skimte noko som bevegde seg i trea, heldigvis var det berre onkel Sagar som hadde kledd seg ut som Yeti. Etterpå fekk alle fargeleggje kvar sitt dyr frå dyreparken.


Fredag såg vi ein ny filmsnutt der Øistens blyant besøkte Balika. Her lærte han jentene å teikne ulike dyr, samt lage kvar sin Yeti av ei pappeske. Barna fekk også høyre om Puspa, ei jente som bur på Balika. Etterpå fekk barna fargeleggje teikningar av Øisteins blyant.
Fredag fekk vi servert deilig skinkepizza til lunsj!


Ynskjer alle ei strålande helg!

Soria Moria-damene

fredag 7. oktober 2016

Veke 40

Hei fredag!

Enda ei veke går mot slutten og helga står for tur.

På Dinoskulen har dei starta med eit nytt kapittel, Iguanadon. Til nå har dei hatt fokus på å lytte og vente. Barna har fått leite etter teikn og spor, der dei skal sjå etter lytteøyre på ulike vignettar. Barna har også fått øve seg på å lytte der Daniel fortalte forteljingar om Willy og barna måtte gjennomføre ved det som blei sagt i forteljinga. Barna fekk utdelt kvar si papirdukke av Willy, som dei måtte bytte ulike klede, sko og sekk på etter kva som blei fortalt i forteljinga. Dei har fått øvd seg på å vente på tur med tornardoflaska Willy hadde med seg på onsdag. Her måtte barna stå i kø og vente, mens den som var framst i køen fekk blåse såpeboblar så lenge tornardoflaska varte. Besøksbamsen, Løvungen, er også på heimebesøk hos eit dinoskulebarn.


Turdagen denne veka gjekk til leikeplassen i Grunnavågen. Det var litt kaldt i vêret, men sola strålte som berre det. Med oss i sekken hadde vi saft og varme fiskekaker som vi hadde på skive. Monki var også med på turen, maskoten for FORUT-aksjonen. Han er verdens beste venn og har vore i Nepal. Før lunsj las han ei ekte forteljng om jordskjelva som ramma Nepal i 2015.  


Denne månaden skal vi ha FORUT-aksjon her i barnehagen. Torsdag hadde vi FORUT-samling, der vi såg ein kort filmsnutt om "Livet på Balika Peace Home". Dette er ein barneheim for jenter og den blei øydelagt under jordskjelva i 2015. I fleire månadar måtte barna bu i telt ute, pengar frå FORUT var med på å resturere og byggje opp igjen nye jordskjelvsikre hus. Etter samlinga fekk barna fargeleggje flagget til Nepal, mens dei høyrte på FORUT-aksjonens eigen musikk laga av Gaute Ormåsen.

Vi øver også oss på teikn knytt til FORUT og så øver vi oss på å telje til tre på Nepalsk.

1 = eik
2 = dui
3 = tin

Fredag fekk vi servert Nepalsk mat, linsesuppe og ris. Dette var ein ny oppleving for dei fleste barna.

                           

Ynskjer alle ei strålande helg!

Soria Moria-damene