fredag 25. april 2014

veke 16 og 17

Vel overstått påske og tilbake til kvardagen igjen med travle tider framover. Våren er alltid ei travel tid i barnehagen der mykje skal skje.

Dei to siste vekene har vore "mindre" enn vanleg, to og ein halv dags veke før påske og fire dagars veke etter påske. Mandagen før påske laga vi hinderløype på fellesrommet. Barna fekk utfolde seg i løypa og syntes det var kjempegøy.





Tirsdagen i forrige veke hadde vi ein fin tur til feriestille Foldnes skule og leika på leikeplassen der. Barna var høgt og lågt på leikeapparata og koste seg. I sekken hadde vi med fylte ostehorn og saft. 
Mange hadde tatt ferie i barnehagen også, så Soria Moria barna talte berre 9 barn, altså halvert gruppe. Så dagane var litt annleis og rolegare enn vanleg. Onsdagen var alle avdelingane saman på ein avdeling, tilsammen 16 barn. Det er kjekt å leike på tvers av avdelingar, spesielt kjekt er det for dei som har søsken på ein annan avdeling.

Tirsdagen i denne veka var vi ute heile dagen. Etter frukost var det på med JAKKE OG JOGGESKO og ut i sola. Og der blei vi verande resten av dagen for det var SOL og fantastisk vær som måtte nytast. Barna elskar å høyre JAKKE OG JOGGESKO som påkledning når dei skal ut. Det er ikkje så rart etter mange våte, sure og kalde vintermånader med regntøy, kjeledress og tunge vintersko. Då er JAKKE OG JOGGESKO som musikk i øyrene deira og dei dansar ut i garderoben for å kle seg.

Onsdagen starta Dinoskulen opp igjen etter ferien. Brachiosaur kapittelet heldt fram endå ei tid og det handlar framleis om sosiale ferdigheter; samtale med andre, lytte, dele tankar og opplevelsar, presentere seg sjølv m.m. 




Torsdagen hadde vi formingsaktivitet etter frukost. Barna laga såpebobleblåser. Stålstreng vart tvinna og forma, perler vart tredd på håndtaket. Alle satte sitt personlege preg på sin såpebobleblåser. Seinare på dagen miksa vi Zalovatn og gjekk på haugen for å blåse bobler. Litt utfordrande å få til bobler, men med litt øving så fyltes lufta etterkvart med svevande såpebobler og gledeshyl. 

Torsdagen var også dagen for RUSSEDÅP FOR ROSARUSSEN. Førskulebarna i Leirstaden var fulle av forventning då dei gav seg ivei til amfiet der dåpen skulle foregå. Døpefonten var ein plastbalje. Barna kom fram ein etter ein, bøyde seg over baljen og fekk skvetta vatn på hovudet. Deretter høgtideleg overrekking av russelue, dåpsattest og russeknuteregler. 


Eksempel på måter å få knuter på :
  • Sykle ein runde i rundkjøringen
  • Klemme alle dei vaksne i barnehagen
  • Ete havregraut med gaffel
  • Krabbe gjennom alle avdelingene i barnehagen


Fredagen grilla vi hamburgere til lunsj og var mykje ute og koste oss i finaværet. 

Hjelparar denne veka har vore Selma og Amalie.

GOD HELG !!!

Lise, Eva Birthe og Bente



fredag 11. april 2014

Veke 15


Mykje har skjedd på Dinoskulen denne veka. Mandagen hadde vi siste timen i kapittelet som heiter Allosaur. Vi avslutta med rebus med postar rundtom i barnehagen der spørsmåla handla om venneferdigheter barna har lært i kapittelet. Barna var kjempeflinke og hadde gode svar på alle spørsmål. Så alle fekk korta sine fulle av stempel og det enda med at alle fekk velge premie frå premiekista. Superflinke Dinoskule elevar !!!!




Onsdagen starta vi på nytt kapittel som heiter Brachiosaurus. I dette kapittelet skal barna lære nye ferdigheter. Dei skal m.a. lære å : lytte eller vente med å snakke, seie noko positivt til andre, presentere seg til nokon, dele noko personleg om seg sjølv med andre, seie takk, snakke om eit problem eller ei vanskeleg kjensle. 
Mari øvte med barna på å presentere seg:" Hei eg heiter Mari, kva heiter du ? Hyggeleg å helse på deg !" Aktiviteten var å presentere seg ved hjelp av ei papirdokke som forestilte barna sjølve.
Dina kom og delte ut Allosaur- button for gjennomførte lekser i Allosaur kapittelet. Og barna fekk utdelt nye Brachiosaurus leksebøker. Dina var kjempeimponert over at alle hadde fått samla nok Willy merker til å få dinosaurfot på tavla. Dette betydde berre ein ting: ISFEST. Og isfest vart det, ein kjempefin avslutning før påske. 





Tirsdagen gjekk vi på tur til Gapahuken, åleine til ein forandring. Tryllefløyten hadde andre planar så det var berre oss på Soria Moria denne turtirsdagen. Vi er blitt så vant til å gå sammen med dei no, så det var litt rart å være "åleine". Været var surt og kaldt og blåsete, kunne virke som våren hadde ombestemt seg og vinteren fekk overtaket igjen. Men det var lunt under tak inne i Gapahuken der me åt skiver og drakk saft til lunsj. Tilbake i barnehagen var det godt og komme inn og få varmen i kalde fingrar igjen. 

Onsdag og torsdag var vi inne på avdelingen på føremiddagen og laga påskebilder. Barna malte med pensel og blåste maling på papir med sugerør. Etterpå satte vi på gul egg- passepartout og pynta med fjær og gllitresteinar. 


Ida-Marie som har vore i praksis på Soria Moria hadde sin siste praksisdag torsdag. Det har vore kjekt å verte kjendt med deg Ida-Marie, barna og voksne savnar deg.

Fredagen har vi vore mykje ute i det fine været. Eva-Birthe severte hotdog til lunsj, skikkelig suksess, hotdoggane forsvant lynkjapt ned i svoltne magar. 

Hjelparar denne veka har vore Erica og Dorthe.

Den store brukarundersøkinga blandt barnehagane i Fjell er igong. No kan foreldrene gje oss i Leirstaden tilbakemelding på kor nøgde/unøgde de er med barnehagen. Så nytt sjansen og gje ros eller ris. Det vert teke til etterretning. Skjema med personlege passord til brukarundersøkinga er blitt delt ut på alle avdelingar.

LUS er blitt oppdaga på Soria Moria. Sjekk barnet ditt og deg sjølv med lusekam jevnleg framover. Skal vi bli kvitt lusa må alle gjere ein innsats. 

GOD HELG OG GOD PÅSKE  :)

Eva-Birthe, Lise og Bente




fredag 4. april 2014

Veke 14

Endå ei veke med FANTASTISK - FLOTT - NYDELIGT vær. Alle avdelingane i Leirstaden barnehage inkludert Soria Moria har vært masse ute heile veka og vi har KOST oss i finaveret. Barna og vi vaksne blir i godt humør, og vi får mykje påfyll av vitamin D, og attpåtil får vi fin frisk farge i kjakane. Vinn vinn vinn for alle !!!

Mange fantasifulle fine byggverk har blitt krèert i sankassen denne veka. Finaveret appelerer til skapergleden og fantasien, så det har vært stor aktivitet i heile uteområdet i Leirstaden.

Dinoskulen mandag og onsdag handlar om å være hjelpsam og ein god ven. Barna har fått masse trening på venneferdigheter og klarer samarbeids aktivitetane bra. Vi har nokon veker igjen med dette store viktige kapittelet så meir øving og bedre ferdigheter er oppnåeleg. Isfesten nærmar seg, no har 9 barn oppnådd dinofot, så då manglar det berre 6 dinoføter. Barna forstår kva som må til for å få Willy merke. Oppgåva vert lettare når dei først har fått eit par merker, då forstår barna kva dei må gjere for å oppnå merkene.
.

Turen vår på tirsdag gjekk til Gapahuken. Tryllefløyten var med og barna leikte mykje fine leikar saman ; tikken, bomgjemsel og ulike rolleleikar. I sekken hadde vi med fiskekaker som vi la på skiver og flasker med saft å drikke til. Været var som vanleg denne veka : FLOTT.

Torsdagen var vi ute frå morgon til ettermiddag. Etter frukost var det på med kjeledress og joggesko og ut i SOLA. Vi åt lunsj på haugen : smurte skiver med vatn i drikkeflaskene til. Vi hadde tilogmed dessert ; kjempegode lappar/sveler. Vi var ute resten av dagen og barna koste seg i sola og vart etterkvart temmeleg støvete av all sandkassejobbingen. Dei begynnar å likne skorsteinsfeiarar på det tidspunktet foreldrene kjem for å hente.

Ida Marie har sin siste praksisdag neste fredag. Ho er ferdig med praksisen til påske. Tida har gått fort. Ho har fått kjempefin kontakt med barna så ho blir nok savna.

Fredagen laga Eva Birthe SPAGHETTI til lunsj for første gong i Leirstaden. Barna digga maten, kjempepopulært !

Hjelparar denne veka har vore Sander og Karmine.

Riktig god helg !!!

Mariel, Eva Birthe, Lise og Bente