fredag 27. juni 2014

Veke 26

Ei veke har gått med sommarstemning i barnehagen og masse flotte SOLDAGAR. Me har vore mykje ute, både nede og oppe på haugen og i amfiet. 

TUR tirsdag.
Denne veka gjekk turen til Grunnavågen og den gøye leikeplassen som me også gjekk til forrige veke. Me gjekk saman med Tryllefløyten så leikeplassen krydde av aktive, leikande, utforskande barn som koste seg saman. I sekken hadde me smurte skiver og saft. Det var ein veldig varm dag så barna var meir tørste enn svoltne ved lunsjen.


Fotballkamp på leikeplassen


GYM onsdag.
Onsdagen gjekk me ned til amfiet for å gymme litt. Me laga ein liten sirkeltrening. Først sprinte langs langsida, så rulle bortover mot kyrkja, så ertepose mellom beina og hoppe med samla bein mot trampolina, så ti hopp på trampolina for så å stupe kråke tilbake til sprinten. Barna tok mange mange rundar med små drikkepausar innimellom for det var ein varm dag. Topp innsats og svette glade barn.

GRUPPER torsdag.
Barna vart delt inn i grupper. Tre grupper som gjekk til ulike aktivitetar. Første gruppa gjekk på haugen med forstørrelsesglass og insektsboks for å studere småkryp.



Andre gruppa gjekk inn på fellesrommet for å trimme litt gjennom ei hinderløype der dei hoppa, rulla, balanserte, dansa, leikte tikken og alle mine barn kom hjem.



Tredje gruppa var på avdelingen og laga bilder. Maling på stempel og trykke på papir. Når malingen var tørr så klippa me papiret i "puslebitar", bitane vart montert på svart papp og ramma inn med passepartout. 



Fredag hadde Bente med steiketakke og me steikte lappar til heile huset, nammings.

Hjelparar denne veka har vore Erika og Louise.

Riktig god helg og god sommar. Bloggen tek ferie til august. Frå neste veke er det sommarbarnehage i Leirstaden. Plan for sommarbarnehage får de på avdeling hvis de manglar. 

GOD SOMMAR 

Lise, Eva Birthe, Mariel og Bente 





fredag 20. juni 2014

veke 25

Ei veke med flotte soldagar, men med Sotras velkjendte iskalde nordavind. Værtype som gjer det vanskeleg å kle seg riktigt.

Eventyrsamling på onsdag.

Vi lånte grupperommet til Flåklypa så det vart ein liten "utflukt" sidan vi gjekk gjennom heile barnehagen for å komme på samling. Gøy det å komme på besøk på ein annan avdeling. 
På rommet var det mørkt og det var trolsk eventyr musikk. Barna satte seg spent ned, Bente åpna eventyrkofferten sin og barna fekk ein magisk reise til eventyrland. Eventyret "Prinsessen på erten" fenga barna og dei satt konsentrert og høyrde på heile historien. Det enda som kjendt godt, prinsen fant ei ekte prinsesse, dronningen vart glad for at ho endeleg skulle få bli bestemor og alle levde lykkelig til sine dagars ende. 




Barna fekk komme fram og sjå på dokkene etter samlingen.


Prinsen, Dronninga og Prinsessa og eventyrkofferten.


Tur til Grunnavågen

Masse gøyt på leikeplassen

Tirsdag gjekk Soria Moria på tur til leikeplassen i Grunnavågsveien. I sekken hadde vi med smurte polarbrød og saft. Været var flott SOL og fin temperatur så føtene gjekk lett på turveien. Framme på leikeplassen var det masse gøy å finne på; klatre i klatretre, seile på seilebanen, leike i leikehuset, plukke blomster, leike i sandkassen, lage "hus" i krattet. Veldig kjekk plass å være, barna spurte om vi kan gå der fleire gongar. 

Selma har sin siste dag fredag. Ho sluttar i Leirstaden barnehage og skal begynne i ein ny barnehage på den nye plassen ho skal bu. Me vil takke for tida saman med Selma og ynskjer ho lykke lykke til i ny barnehage og på ny plass. 

Eva Birthe laga skippergryte fredag til lunsj. Kjempegod lunsj, barna likte det supergodt.

Hjelparar denne veka har vore Erik og Sander.

God helg !!

Mariel, Lise, Eva Birthe og Bente.


fredag 13. juni 2014

Veke 24


Det har vore mange regndagar i det siste og det har vore ein kjekk forandring frå alle dei mange soldagane. Veldig fint med sol, men også godt med litt nedbør. Naturen treng vatning og barna får gøy vannleik ute.

Sandkassen er blitt arena for elvebåtkappløp....



Denne veka har dreid seg mykje om SOMMARFESTEN. Allerede tirsdagen begynte vi å øve på sangane som vi skulle synge, barna har snakka om kva klær dei skulle gå med på festen, og gleda seg VELDIG til familien skulle komme og være her på festen.

Torsdag kom endelig sjølve dagen og barna var proppfull av forventing heilt frå morgonen av. "Kor lenge er det til det begynner ?" spørsmålet gjekk igjen og igjen, ventetida var laaaaaang, det kribla i kroppen og det var vanskelig å holde ut denne ventinga. 

SÅ: klokka fire var fellesrommet fullt av foreldre, søsken, besteforeldre, tanter, kanskje onklar, eit par søskenbarn og oldemor. Veslemøy frå samarbeidsutvalget holdt ein liten tale først. Alle barna kom etterpå stille inn og stilte seg opp på scena framfor alle i salen. Kjempegøy å stå på scenen for dei fleste, litt skummelt for enkelte. Så sang vi sangane vi hadde øvt på: Goddag og velkommen, Leirstaden-sangen, Bob bob daddy daddy, Olle Bolle og Grise Fise. 
Deretter viste alle førskulebarna litt av det dei har holdt på med på Dinoskulen. Tilslutt var det høgtideleg roseseremoni.  Førskulebarna fekk overrakt kvar si rose og vart ynskt lykke til på skulen, og vart takka for tida sammen i barnehagen. Roseseremonien var det tradisjonen tru ped.ledarane på Tryllefløyten, Soria Moria og Flåklypa, henhaldsvis Siw, Lise og Liss, som stod for.  

Alle barna var kjempeflinke på scenen, og det var masse stolte blikk frå publikum i salen. 


Roseseremoni for rosarussen
Etterpå gjekk barn og familie inn på avdelingen der Lise, Eva Birthe og Bente serverte hotdogs og saft til alle. Til dessert hadde vi pinneis. Nam nam.
Takk til alle familiar som kom og var med, veldig koseleg å ha dere på besøk på sommarfesten. Ingen fest uten gjest ! 

Kos på avdelingen



Fredagen diska Eva Birthe opp med lapskaus til heile huset. Kjempegodt!!! 

Barnehagen vart vaska og spylt utvendig fredag. Den vert klargjort til maling. På baksida av barnehagen er det satt opp stillas så snart skiftar vi farge. Den nye fargen er mørk brun med vinduslister i lysegrått. Forandring fryder......

Hjelparar denne veka har vore Vilde og Tobias.

God helg. 

Mariel, Eva Birthe, Lise og Bente.


fredag 6. juni 2014

veke 23

På "toppen" av Bergen

Tysdag denne veka gjekk turen til Bergen og Fløyen. Barna hadde gleda seg i fleire dagar og var godt spente. Vi hadde pakka sekken i forkant og alereie klokka 9 kjørte bussen innover mot byn. Den kjørte oss heilt til starten av Fløybana. Der fekk vi gå forbi all kø og vi tok den blå banen opp. På toppen leika vi på leikeplassen og i Trollskogen. Til lunsj hadde Lise smurt polarbørd og laga saft, det var godt i finværet. Etter enda litt leiking var det på tide med is i solsteiken. Deilig! Så bar turen ned igjen og bussen tilbake til barnehagen. Vi var så heldige å få bussen heilt for oss sjølv, den kjørte oss til og med heilt til porten i barnehagen. Alle store og små storkosa seg!

Fin utsikt frå fløybanen




Kjempefin lekeplass oppe på Fløyen


Onsdagen var me ute nesten heile dagen. Me gjekk på haugen sammen med Flåklypa og leikte bomgjemsel, dissa på edderkoppdissen, leika i leikehuset, plukka blomster, leika butikk sklei på den grøne sklia, klatra på knausen og masse ant gøy. Me åt frukt på haugen før me gjekk ned på leikeplassen igjen på slutten av dagen.

Torsdag måtte me finne fram regntøyet igjen etter gamalt. Lenge sia sist det har vore brukt i barnehagen. Men det var gøy å finne vatn å leike med ute, vatn kan blandast ,tømmast, sprutast, hellast og mykje meir gøye ting. Barna koste seg iallefall.

Fredagen serverte Eva Birthe fiskekaker i pitabrød til lunsj. Lekkert, barna likte det godt !!!

Hjelparar denne veka har vore Emmelin og Dorthe. 

Husk sommerfesten i barnehagen torsdag 12 juni !!!

God helg !!

Lise,Eva Birthe, Mariel og Bente.