mandag 17. november 2014

Veke 46

Leikeplassen i Tjødnavegen

Været var flott på tirsdag; SOL OG BLÅ HIMMEL. Turen gjekk til leikeplassen i Tjødnavegen. Vi gjekk sammen med Tryllefløyten så det vi var ein stor flokk som labba avgårde. Begge avdelingane brukar turtau, dvs langt tau med mange løkker til å holde i for barna. Vi liknar to lange åmer som buktar oss avgårde bortover gangvegen. I sekken hadde vi saft, grill og grillpølser. Perfekt vær for grilling. På leikeplassen sparka vi fotball, dissa på dissene, leikte tjing tjong kinamann, balanserte på gjerdet, hoppa strikk og sprang etter ein søt katt som plutselig dukka opp.

Konsentrasjonen er stor når barna spiller klinkekulespillet



På Dinoskulen snakka vi meir om følelsane frustrert og stolt. Barna øvte på følelsane gjennom å spille klinkekulespillet. Dei kjendte den FRUSTRERTE følelsen når klinkekula ikkje ville gå den rette veien. Og dei kjendte på den STOLTE følelsen når dei klarte å få klinkekula til å gå riktig vei.

I fredagens samling fekk barna sjå og høyre eventyret om "Dei tre bukkene bruse som skulle til seters og gjere seg feite".

Soria Moria :) 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar