fredag 26. september 2014

veke 39

Matimba frå Zambia
I magisk samling denne veka fekk vi være med på ein liten reise til Afrika. Barna stilte seg forventningsfullt opp i lang rekke klar til å gå på fellesrommet på samling. Der inne satt ei dame med fremmedarta klær på seg og venta . Ho spelte afrikansk musikk og hadde afrikanske gjenstander stilt opp på eit håndlaga afrikansk batik klede. 


Matimba hadde med seg dataen og viste film og bilder på storskjerm. Barna fekk sjå barn som dansa og sang, barn i klasserom som hadde undervisning, heime i huset til ein familie og ville dyr frå Afrika. Leopardar, elefantar, sjiraffar, bøflar, apekattar og ikkje minst løver. Barna syns det var kjempespennande og pekte og kommenterte høylydt. Etterpå fekk barna komme fram og sjå nærmare på gjenstandane og snakke med Matimba. 

Lise - alias - Matimba har vore i Zambia gjennom sitt studie på høgskulen. Det var ein del av faget "Global Knowledge". Denne grundige kjennskapen til det Afrikanske landet delte ho med Soria Moria på ein gøy måte som engasjerte barna. Matimba sa at ho kanskje kjem på besøk til Soria Moria ein annan gong også. Det høyrest spennande ut !!



Oscar fyller 3 år denne veka. Vi feira han fredag med bursdagssamling. Oscar fekk bursdagsrakettar, fine ord, krone og kappe og til slutt ein fin ting frå bursdagskista. Gratulerer Oscar. 

God helg !!!

Lise, Mariel, Eva Birthe og Bente 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar