Dina fortel barna om då ho ikkje fant vingene sine og vart frustrert |
Dinoskulen handlar om følelsar. Barna har fått presentert og blitt meir kjendt med følelsane: glad, lei seg, ivrig, ensom, frustrert. Desse følelsane kan koblast opp mot anspent og avlappa. Dina kan for eksempel spørje : korleis har vi det når vi er glad, er vi anspent eller avslappa i kroppen når vi har den følelsen? Barna er blitt superflinke til å gjenkjenne og setje rett navn på følelsane.
Karmine fyller fire år denne veka og vi feira ho på torsdag med bursdagssamling. Ho hadde fin krone og bursdagskappe på seg. Karmine fekk velge seg sang, og ein fin ting frå bursdagskista, og vi fyrte av fire fine rakettar. GRATULERER KARMINE.
Det er blitt skikkelig kaldt ute, så varmare vinterklær som ull og fleece må på plass i barnas byttetøy kassar. Godt vinter- fottøy er også viktig for å halde seg varm i denne kalde og forblåste årstida vi har no. Barna er ute ganske mange timar og i allslags vær, så viktig å halde seg varm.
Riktig god helg !
Lise, Mariel, Aina, Eva Birthe og Bente.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar