mandag 6. oktober 2014

Veke 40

Torsdag denne veka var det tid for grupper igjen.


1 aktivitet : Regnbue gruppa var på kjøkkenet og skrelte og hakka opp grønnsaker til varm lunsjen fredag som var lapskaus denne veka. Det blir kjøkken aktivitet nokre veker framover, med ulikt innhald med alltid relatert til matlaging.




2 aktivitet : Sopp gruppa hadde forming med ulike material som papir, lim, tråd, piperenser og saks. Denne gongen vart det laga fiskestang med fisk. 




3 aktivitet : Tusseluss gruppa var på fotosafari i nærområdet. Barna fekk tildelt tid med kamera og valgte sjølv kva dei ville ta bilde av. Etterpå såg vi på og snakka om bildene saman ved pc`en.

Turen på torsdag gjekk til leikeplassen i Grunnavågen. Barna var i full aktivitet i og rundt leikehuset, på seilebanen, i klatretreet, på grusbanen og på vippedissa. Veldig gøyt å være der. 


Sandkassen i Grunnavågen






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar