Elvebåtløp med kustig elv i sandkassen
Magisk samling fredag tok barna med på eit møte med Pulverheksa i Pulverskogen. Bente fortalte historien om Pulverheksa og Krokodillen. Krokodillen likte ikkje vinteren og ville forlate Pulverskogen og flytte til Afrika for å sleppe å fryse sånn når kulden satte inn. Barna kan sikkert fortelle korleis det gjekk med krokodillen, og kva alle vennene i Pulverskogen gjorde for at Krokodillen ikkje skulle reise frå dei.
Dinoskulen er starta opp. Førskulebarna er veldig klar til å starte på "skulen". Dina har komt på besøk, veldig kjekt å møte Dina. Willy har vært innom også og han er kjempekul. I første kapittel som heiter Apatosaur får barna kjennskap til reglane på Dinoskulen. Dei første tre reglane er STILLE HÅND (rekke opp hånda og vente for å seie noko), INNESTEMME og HENDER OG FØTTER FOR SEG SJØLV.
På foreldremøtet tirsdag kveld fekk alle foreldrene være med på magisk samling. Foreldrene kom inn på eit dunkelt fellesrom med bølgemusikk og trolsk stemning. Dei satte seg på golvet slik barna pleier å gjere, og fekk høyre historien om REGNBOGEFISKEN. Ansiktene til foreldrene fortalde at dei levde seg inn i historien og "kjendte det i magen". Når noko er magisk så "kjenner ein det i magen", den følelsen er eit sikkert teikn på magi.
Magisk stemning på fellesrommet med REGNBOGEFISKEN
Fredagens meny var fiskekaker i pitabrød. Barna digga det og åt store porsjonar, nam.
God helg !!!!!
Lise, Mariel, Eva-Birthe og Bente.
|
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar