fredag 21. november 2014

veke 47

Blader og mose frå skogens bunn
På tirsdag gjekk vi tur til indianerskogen. Vi gjekk saman med Tryllefløyten. Det var ingen regndråper i luften så kjeledressvær. Godt å sleppe regntøyet på tur for då er det mykje lettare å klatre i trær og leike i skogen. Barna var med å lage snodige figurer av materialer som er i skogen. Dermed oppstod det "landart"; som er kunst laga av naturmaterialer. Det oppstod musikk ved å tromme med pinnar på furugreinene, og det var spennande. I sekken hadde vi med smurte skiver og kakao på termos.

I gruppene på torsdagen var Tusseluss-, Sopp- og Regnboge-gruppa med på formings- og bake-aktivitet som for øyeblikket er litt hemmelighetsstempla. Kan røpe så mykje som at det har med jul og gjere. 

Dinoskulen handlar om følelsar. Denne veka har vi snakka og øvt oss på "SINT" og "REDD" Dette er negative følelsar. Barna har fått sjå at følelsar kan endre seg frå sint, ein negativ følelse, til å bli glad som er ein positiv følelse. Fredrik har vore på besøk og presentert "FØLELSESBAROMETERET". Barometeret er med på å bevisstgjere barna på korleis følelsar kan endre seg. 

Magisk samling fredag var på fellesrommet. Barna fekk sjå og høyre "HISTORIEN OM KORLEIS SNØEN FEKK FARGE". Historien har tema om vennskap og deling. 

Korleis snøen fekk farge 

Hjelparar denne veka har vore Erik og Dorthe. 

Riktig god helg !!!

Lise, Mariel, Aina, Eva Birthe og Bente




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar