fredag 26. juni 2015

veke 26

Denne veka har vore prega av at det er ferietid. Det har vore få barn på avdelingen og det betyr roligare dagar og ikkje så stram timeplan. Ein får litt feriefølelse rett og slett sjøl om vi er i barnehagen. 

Veka begynte med ein strålande fin SOLDAG, og den benytta vi til å få mest mulig sol i fjeset utandørs. Det var vamt og fint og vi var ute på leikeplassen og oppe på haugen.

Tirsdag fekk vi besøk av ein annan barnehage som ville komme og sjå korleis vi har det her i Leirstaden. Det var VEKSTHUSET BARNEHAGE og vi rakk å leike saman og bli litt kjendt. Veldig spennande og kjekt å få besøk.

Turdagen denne veka var på torsdag. Vi stilte oss opp på turtauet og traska ivei bortover KYRKJEVEGEN mot GAPAHUKEN. Der inne i skogen måtte vi etter ei lita stund rømme tilbake. Det var MAUR OVERALT. Mauren kom krypande oppover beina og overalt,og det var rett og slett umuligt å bli verande i skogen. På tilbakevegen stoppa vi ved TUSSETJØDNA barnehage for å sjå på barnehagelivet der. Vi vart invitert inn på besøk og fekk komme inn og leike på leikplassen deiras. Kjempekjekt!! Så vart vi litt kjendt med den barnahagen også. To nye bekjendtskaper på ei veke, gøy !!!

I Tussetjødna var det ein kjempekul gravamaskin
Theon fyller 3 år denne veka og vi feira den fredagen. Theon fekk fin kappe og krone på . Han fekk bursdagssang og tre fine lilla rakettar som han valgte farge på sjøl. Han fekk velge seg ein fin ting frå BURSDAGSKISTA, og til slutt fekk han hjerte med fine ord frå dei andre barna. GRATULERER MED DAGEN THEON !!!

Theon 3 år !


Fredag er det siste dagen til ERIK. Han går på ferie og kjem ikkje tilbake i barnehagen, men skal begynne på FOLDNES SKULE til hausten. Erik hadde med kake som vi koste oss med til frukten, og i tillegg fekk vi fem fine barnebøker frå Erik som avskjedspresang til alle på Soria Moria. LYKKE TIL I 1. KLASSE Erik !!!

Nye bøker frå Erik
Bloggen tek no ferie fram til hausten.
 RIKTIG GOD FERIE TIL ALLE BÅDE STORE OG SMÅ FRÅ ALLE PÅ SORIA MORIA !!!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar