![]() |
Hekser og såpebobler ynskjer velkommen til festen. |
Tirsdag var den store dagen her i barnehagen. Invitasjon var sendt ut, mat var bestilt, vi hadde øvt masse, filmen var blitt laga ferdig, roser var blitt kjøpt inn, nokon skreiv tale og alle gjekk rundt og var spent og forventningsfull. Og så var det tid for årets SOMMARFEST.
Vi ville vise foreldrene prosjektet vårt det siste halvåret, MAGISK SAMLING. "Magisk er når du kjenner det i magen" sa Trude Anette Brendeland som holdt kurs for oss i magisk samling, då vi starta opp med prosjektet. Og den følelsen prøvde vi å få til for våre gjestar og publikum. På Tyrihans var det SAMLING FOR LITEN med sang og trommer og huleaktig mystisk stemning. På Flåklypa var det EVENTYRET OM DÅ SNØEN FEKK FARGE dramatisert med levande rollefigurar og fin musikk av Edvard Grieg.
Ute på plassen var det natursti med spørsmål frå barnehagekvardagen vår. Ei gøy oppgåve var å lage bokstavar med å bruke kroppen som "blyant" til å forme bokstaven med.
Inne på fellesrommet vart det vist film frå alle avdelingane med scener frå prosjektarbeidet. Alle barna som går i Leirstaden var skuespelarar i filmen.
Gøy å sjå film med kjente og kjære fjes. |
Leikeplassen myldrer av folk på sommerfesten. |
Onsdagen måtte vi ha ein liten reprise på filmen. Alle gjekk igjen inn på fellesrommet og vi såg den fine filmen pånytt. Barna syntes det var kjempegøy og stolt over å sjå seg sjølv i stort format på stort lerret.
Torsdag var vi mykje ute på den fine haugen som er blitt oppgradert på foreldredugnaden. Kjempegøy med trappetrinn av bildekk. Den er blitt poppis og er mykje brukt kvar dag.Vi spiste frukt på dei nye benkane i leikehytta.
Tripp trapp til topps |
Fredag var vi på fellesrommet og trimma etter "MINIRØRIS" programmet på cd. Vi hoppa, twista, strekkte, vrikka, ålte, bugga og blei varm og svett i kroppen. Etter treningen smakte det godt med havregraut til lunsj.
GOD HELG !!!
Helsing SORIA MORIA :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar