fredag 5. juni 2015

veke 23

Denne fantastiske hallen som vi har i nærområdet vårt !!!
Vekas store happening var turen vi hadde til Sotra Arena onsdagen. Vi fekk lov til å låne hallen og alt det gøye inni den heilt for oss sjølv. Soria Moria, Flåklypa og Tryllefløyten gjekk saman frå barnehagen bort til idrettsparken. Barna var kjempespent og forventningsfulle og gleda seg. Og Sotra Arena levde heilt og fullt opp til forventningane. Barna hadde det kjempegøy og var i full aktivitet heile tida. Dei kunne hoppe og rulle på tjukkasene, stupe kråke, seile på lita seilebane, gynge på gyngeendene, slå hjul, sykle, løpe på banen og masse meir. Svetten silte og kinnene blei raude og munnane smilte. Mange glade barn og sjå. Som avslutning hadde vi sirkelsamling med song og uttøying. Kathrine på Flåklypa kjørte oss tilbake så vi slapp å gå for det var mange slitne barn etter fleire timar i aktivitet.

Ellers har vi vore mykje ute både nede på plassen og oppe på haugen. Som alle veit så ventat vi framleis på sommarn....den lar vente på seg så litt surt og kaldt og vått vær er det masse av sjølv om juni er godt igang.

Tirsdagen om ettermiddagen etter stengetid avvikla SU ved Leirstaden foreldredugnad i barnehagen. Mange møtte opp og mykje bra arbeid vart utført. Flott gjort !!!

Fredagen koste vi oss med fiskekaker i pitabrød med grønnsaker til som lunsj. Været var så bra at vi var ute mesteparten av dagen. 

Husk sommarfesten i barnehagen tirsdag 09.06.

God helg til alle sammen frå alle oss på Soria Moria :)






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar