Stor og liten lego er pop for tida |
Derfor er vi litt meir inne enn vanleg på denne tida. Vanlegvis i juni pleier vi å hive på jakke og sko etter frukost og storme ut i den varme sola. Men når gradestokken viser 9 grader er det godt å være inne og leike om formiddagen. Lego er veldig poppis no for tida. Det blir bygga med store og små legoklossar og det blir mykje fin konstruksjonsleik ut av det. Barna samarbeider og viser fine venneferdigheter i leiken. Av og til oppstår eit problem, uenighet, som må løysast. Då er det godt å ha lært problemløysing på Dinoskulen, og førskulebarna lærer det vidare til dei andre barna på avdelingen.
Tirsdag pakka vi sekken og traska ivei langs KYRKJEVEGEN mot GAPAHUKEN. I sekken hadde vi også pakka med SLAKK-LINE.Den vart spent opp mellom to furustammer i skogen. Der balanserte vi og barna fekk utfolde seg motorisk og trente auge-fot koordinasjon. I skogen krydde det av maur. Dei klatra på alt, trær, skoene våre og til og med opp i tursekken. Til lunsj åt vi påsmurte skiver med kakao til.
Balansere på slakk line |
Onsdagen var vi inne før lunsj med samling med Kims leik. Objektene i leiken var litt uvante for barna. Slik fekk dei trene nye begreper som sytråd, skrujern m.m. Viktig og god begrepstrening, samstundes som ein må konsentrere seg om å hugse.
Torsdagen hadde føskulebarna sin tradisjonelle avslutningstur. I år gjekk turen til det splitter nye VIL VILTE på Sartor. Førskulebarna på Soria Moria, Tryllefløyten og Flåklypa gjekk saman på turen. Det var supergøy å være der, så mykje gøy og spennande å gjere. Det var vindtunnel, hanggliding, forsking og mykje meir. Barna ville aller helst ha vært der resten av dagen.
Dei andre barna som var igjen i barnehagen hadde gym på fellesrommet.
![]() |
Kjempegøy på VILVITE |
Fredag var vi inne før lunsj og leikte valgfrie leikar. Etter lunsj måtte vi ut og lufte oss og leikte nede på plassen og oppe på haugen.
Til lunsj laga Eva Birthe deilig og varmande SKIPPARGRYTE som gjekk ned på høgkant. Nam nam.
GOD HELG !!! og GOD FERIE til dei som startar ferie.
Soria Moria folket :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar