Gruppeaktivitetar f.v.: Sanseboks til sanseløypa, skillingsbollar klar til steiking, klinkekulemaling
Vi har starta opp med torsdags grupper denne veka. No på torsdag delte vi oss i tre grupper, gruppene er dei same som ved bordet når vi har måltid. Barna fekk velge navn på gruppa sjølv, og det var ein demokratisk prosess der fleirtalet "vant". Gruppene heiter då : TUSSELUSS, SOPP og REGNBOGE.
Gruppeaktivitet som går over tre veker
- Sanseløype på fellesrommet
- Baking på fellesrommet
- Klinkekulemaling på avdeling
Turen på tysdag gjekk til Gapahuken og denne gongen var det kun Soria Moria. Barna var i utforskande modus og fann mange spennande soppar, og kikka på mauren som bur i skogen der.
Fredagen hadde Lise eventyrsamling på fellesrommet. Barna fekk møte edderkoppen Aninsi og høyre den spennande historien om når han delte visdomen sin med heile verden.
Det blir foreldremøte tysdag 16 september, meir informasjon om dette kjem.
God helg!
Helsing oss på Soria Moria
|
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar