fredag 4. september 2015

veke 36

Tre grupper, tre aktiviteter.


Ei veke er gått og det virker som om tida fyker avgårde.Vi har hatt ei veke med mykje leik og moro og vi er blitt kjendt med nye barn som er begynt i Leirstaden. På Soria Moria har vi tatt imot ei ny jente som ikkje har gått her før. Ho begynte på tirsdag og er blitt tatt godt imot av dei andre barna. Ho heiter Amanda, ho har ei eldre søster som er begynt på Flåklypa. VELKOMMEN TIL OSS AMANDA !!!

Pga nytt barn og innkjøring har vi holdt oss i barnehageområdet og hatt fokus på å bli kjendt og ikkje gått på tur. Tenker å være igang igjen med tur frå neste veke av.

Vi har hatt samling med sang der vi synger kjendte sanger og også lærer litt nye. Vi synger sanger støtta av teikn og lærer stadig nye sanger med teikn, noko barna synes er gøy. 



Mikkel rev med teikn.





Samling på fellesrommet.




Torsdag var det tid for grupper igjen. Gruppesammensetningen er den same som ved bordplasseringen. Slik er det lett for barna å vite kva gruppe dei tilhøyrer, gruppene er aldersblanda, og aktiviteten er lagt opp til å passe ulik alder. 

Matgruppa var på kjøkkenet og laga gode ostesmørbrød til alle Soria Moria barna til lunsj. Barna var med og telte antal brødskiver, osteskiver og skinkeskiver slik at det skulle bli nok. Det var fokus på hygiene rundt matlagingen og på å ha det ryddigt på kjøkkenet etter ferdig matlaging. 

Språkgruppa var på grupperom og lærte bokstaven sin med teikn til tale. Barna spelte lottospel med bilder av matvarer. Til slutt sang dei sangar støtta av teikn til tale. Aktiviteten i språkgruppa er med på å stimulere språket gjennom m.a. benevning og innøving av nye begrep.

Naturgruppa tok med insektboksar og forstørrelsesglas og gjekk opp på haugen for å finne og studere småkryp på nært hald. Barna leita opp og fann ulike insekter som vart studert nøye samtidigt som vi snakka om det vi fann. 

Fredag var det kjempegod spaghetti til lunsj, ein slager blandt barna. Dei storkoste seg med den populære maten som gjekk ned på høgkant. 

Og då er det igjen tid for å seie GOD HELG TIL ALLE !!!!!

Soria Moria gjengen.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar