 |
Leikeplassen ved Foldnes skule |
Tirsdagen gjekk Soria Moria første turen med dei tre nye minste for å øve opp på være ute i fleire timar. Vi starta roleg med eit nært turmål; leikeplassen ved Foldnes skule. Barna hadde tak i kvar si løkke i turtauet med ein voksen fremst og bakerst for å strekke ut tauet så det ikkje blir altfor mykje sikk sakk. Slik labba vi avgårde, og alle var kjempeflinke til å gå. Oppholdet på leikeplassen vart nokså kortvarigt for det vrimla av knott som var skikkelig innpåslitne så det vart utriveligt. Vi gjekk tilbake til amfiet der vi grilla pølser og drakk saft til lunsj.
 |
Kjøkkengruppe i aksjon |
Torsdagen var det endelig tid for grupper igjen. Barna har fått fast plass ved bordet ved måltidene, og torsdagsgruppene har same gruppesamansetningen som bordplasseringa. Gruppeaktivitetar denne torsdagen var
- Kjøkkengruppe som laga ostesmørbrød til lunsj
- Formingsgruppe som jobba med moddellèrkitt
- Spillgruppa som spelte spel med teikn til tale innøving
Vi har fokus på teikn til tale og synger sanger med teikn og barna øver på forbokstaven i navnet sitt med teikn.
Ellers har vi vært nødt til å finne fram regntøyet etter gammalt denne veka. Litt uvant etter alle dei flotte soldagane.
Vi har vært inne på avdelingen og leika i regnet, og barna begynner å bli godt kjendt med kverandre og nye vennskap oppstår.
Fredagen hadde vi kjempegod pølsegrateng til lunsj. Skikkeligt snadder.
GOD HELG TIL ALLE :)
Soria Moria
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar