Turen gjekk til Melkevika denne veka.
Denne veka har vi hatt fint sommarvær nesten kvar dag. Vi har leika nede på leikeplassen og oppe på haugen, har vore på tur, har hatt samling med teikn til tale sangar, har hatt grupper og vore inne og leika på avdelingen.
Tirsdag pakka vi sekken, tok på flytevestar, fann fram turtauet og labba ivei mot sjøen og fjæra. Vi hadde peila ut ei fin langgrunn badevik som ligg ikkje så langt frå Foldnes skule; Melkevika. Den ligg rett forbi vår kjendte turplass Indianerskogen. Barna var superflinke til å gå, og var kjempespendt på å gå til sjøen, så beina gjekk lett avgårde. Melkevika har lang fjære ved halvfjære sjø på formiddagen då vi er på tur. Perfekte forhold med andre ord. Det var veldig fint å gå og leite etter krabbe og andre små fjærekryp. Barna hadde kvar si bøtte til å ha fangsten i og ettersom det vart fyllt opp med innhold i bøttene, vart dei ivrig studert og kommentert. Når ein går slik og vassar med støvlar på kan det være vanskeligt å berekne kor langt ein kan vasse før sjøvatn kjem over støvlekanten. Derfor vart det nokså vått på beina etterkvart men heldigvis var det superfint vær og varmt så det gjekk bra å bli litt våt. Til lunsj hadde vi smurte polarbrød og saft i koppen.
Middagen har bytta dag denne veka. Istadanfor varmmat fredag som vi pleier hadde vi kjempegod fiskegrateng på onsdag istaden. Og det smakte like godt på ein anna dag enn vanleg.
På vei mot å utforske fjæra.
Vil ynskje alle ei fin helg.
Minner om at det er planleggingsdag mandag 14 september og at barnehagen derfor er stengt denne dagen.
Soria Moria gjengen :)
|
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar