fredag 30. januar 2015

VEKE 5


Turen på tirsdag gjekk til den Gapahuken som ligg lengst inne på Kyrkjevegen. Det var litt surt og kaldt som typisk er ein tirsdag i januar, så det var godt at vi hadde kakao og varme oss på til lunsjen. Vi gjekk saman med Tryllefløyten og barna hadde mykje fin leik sammen på tvers av avdelingane. 


Gapahuken gir oss heldigvis  tak over hovudet under lunsjen.


På dinoskulen denne veka har borna lært om korleis dei kan ignorere eller ikkje bry seg når nokon plager.  På mandag hadde dei popcorn fest, då dei no hadde gått igjennom alle dei seks ulike løysingane dei kan bruke når dei møter på eit problem.  Det beste med alt er at dei bruker strategiane i kvardagen.



POPCORNFESTEN PÅ DINOSKULEN  ER IGANG !!!!!!
Fredagen tok vi fram stålviljen og la ivei til biblioteket. Det var ikkje mangel på argumenter for å droppe turen; iskaldt sludd midt imot, kald vind osv. osv. MEN så veit vi av erfaring at når vi først kjem fram til biblioteket så er det verd litt strev, for det er så utrulig KJEKT å være der. 
På BIBLIOTEKET fekk vi høyre eventyret om "Guten som gjekk til nordavinden og kravde att mjølet" levande fortalt av bibliotekarane Eilin og Ketil. 

Tilbake i barnehagen venta Eva Birthe sin fredagsrett; deilig god fiskegrateng med grønnsaker og poteter til. Det varma godt i magen. 

Det går vannkoppar i barnehagen for tida. Mange barn er smitta. 

Hjelparar denne veka har vore Erik og Vilde.

HUSK planleggingsdag fredag 6 februar. 

God helg !!!

Ania, Eva Birthe, Stine og Bente


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar