fredag 9. januar 2015

Godt Nytt År !!!
No er alt tilbake til normalen med alt her i barnehagen etter jula. Me er veldig godt igang med det nye året  og alt er i gjenge som før. Alle har hatt mange gode fridagar i juleferien og fått lada batteriene til topps igjen. 


Byggverket vert beundra.

Barna synes det var stas å treffes igjen etter ferien. På avdelingen har det vært litt færre barn denne veka og det gjer til at stemningen er roligare og leiken meir konsentrert. 

På Dinoskulen har vi begynt på eit nytt kapittel som heiter Stegosaurus. I dette kapittelet skal barna lære om problemløsning. Willy lærer vekk sine lure måtar å løyse problem på. Det er kanskje ikkje berre ein løysning, det fins ofte fleire, og det gjeld å finne fram til den beste løysingen på problemet. 

Dinobarna løyser byggeproblem saman.


Tirsdagen gjekk turen på Kyrkjevegen bort til den første gapahuken. Været var ikkje av den beste sorten, så vi gjekk tilbake til barnehagen for å ete lunsj. Påsmurte skiver og mjølk. 

Dorthe har hatt bursdag denne veka og vi feira ho på mandag. Dorthe hadde fin rosa kappe på og fin bursdagskrone med Disney prinsesse motiv. I samlingen fekk ho velge sang og ein fin ting frå bursdagskista. Vi fyrte av seks flotte "rakettar", og barna sa fine ord til ho som ho fekk med seg heim på eit raudt hjertepapir. GRATULERER med seks års dagen Dorthe !!!

Stine er tilbake på Soria Moria etter endt fødselspermisjon. Barna, og dei voksne også såklart, syntes det var superkjekt å ha ho tilbake på avdelingen igjen. 

Hjelparar denne veka har vore Justin og Oskar.

God helg !!!

Stine, Lise, Eva Birthe og Bente 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar