fredag 28. mars 2014

Veke 13

Denne veka har vi hatt strålande vær og vore mykje ute.


Turdagen på tysdag gjekk til fotballbana på Foldnes. Der grilla vi pølser, vi leika blant anna tikken, slå  på ringen, bro bro brille og vi spela fotball. Tilbake i barnehagen steikte vi vaflar som vi åt til frukten, det var jo sjølvaste vaffeldagen.


På Dinoskulen denne veka har vi fått besøk av Mari og Lille skilpadde. Vi har forsett med vennetemaet og lært om å samarbeide og å dele. Barna har teikna dinosaurar saman på eit stort ark. Mange av dinobarna har samla inn 5 willy-merker og har allereie fått ein dinosaurfot. Dei andre barna er også blitt veldig flinke til å hjelpe. Måndags morgon hjalp fleire barna med å flytte mjølka frå mølketrilla og inn i kjøleskapet, eit godt samarbeid mellom barna.



Torsdagen  gjekk vi ned i Amfiet og åt gode ostehorn, vi fann Hestehovar, leika fangeleik, rolleleik og fann små insekt. Barna brukte også Hestehovar, steinar og boss dei fann nede i Amfiet og laga ”Land art”.


Hjelparar denne veka har vore Eirik og Mads.



Lise, Mariel, Bente og Eva-Birthe

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar