mandag 10. mars 2014

Veke 10

Måndag denne veka hadde Dinoskulen sin siste leksjon i Tyrannosaurus Rex kapittelet. Dina delte også ut buttons og dette var kjempestas. Onsdag denne veka byrja vi på eit nytt kapittel, Allosaurus. Dette kapittelet handlar om å vere hjelpsam. Mari var på besøk og fortalte om ein gang ho hjalp bestevennen sin med å finne den andre skoen sin. I og med at dette kapittelet handlar om å vere hjelpsam, har barna fått eit lite oppdrag, alle skal næmleg samle Willy-merker. Ein skal samle 5 merker kvar, og som belønning skal Dinoskulen ha isfest. Krava til å få eit Willy-merke er at barna hjelper andre som treng hjelp, inkludere andre barn i leiken og sei fine ting til kvarande.


Turdagen tysdag gjekk til den gamle gapahuken saman med Tryllefløyten. Der leika og kosa vi oss i skogen og såg på lastebilen og gravemaskina som arbeidde like ved. I sekken vår hadde vi med oss primus som vi laga tomatsuppe på, så det blei tomatsuppe med makaroni og saft denne dagen. På tilbaketuren fekk vi sjå noko spanande, vi fekk sjå helikopter på nært hald. Den frakta store tømmerstokkar og barna tykte dette var kjempespanande.



Denne veka har vi vore veldig heldig med været og ikkje fult så heldig med været. Vi har leika ute i barnehagen og vi har også leika oppe på "Haugen". Her fann vi ein del tørka gras som vi fletta fletter ut av, vi bruka naturen til forming og pynta eit lite tre med dei fletta stråa, såkalla "Land Art". Eit av barna fann også ein mark, som barna studerte.



På onsdag måla vi litt. Barna fekk bruke kreativiteten til å måle det dei ville. Det er kjekt å få velje litt sjølv og bruke kreativiteten og fantasien fritt, utan innspel frå dei vaksne.



Hjelparar denne veka er har vore Justin og Dorthe.



Lise, Bente, Eva-Birthe og Mariel

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar