fredag 14. mars 2014

Veke 11


Denne veka gjekk vi ein rundtur i byggefeltet på Foldens. Vi fekk sjå barneskulen der dei fleste førskulebarna byrjar, samt husa til nokre av barna. Været var nydeleg og barna storkosa seg. Tilbake i barnehagen åt vi påsmurde skiver og drakk kakao.



Barnehagedagen er like rundt hjørne, så vi har hatt ulike samlingar denne veka med fokus på barnehagedagen og grunnlovsmarkeringa. Med tanke på at grunnloven er eit vanskeleg tema, har barna vist stor interesse. Vi har blant anna lest historie om grunnlova, snakka og sett bilete av kongen, statsministeren og regjeringa. Vi har også laga vår eiga grunnlov!

Tysdag 18 mars er Barnehagedagen. I år er det 200år sida Noreg fekk si eiga grunnlov og årets bodskap for barnehagen er demokrati og barn si medverknad. Slagordet er: «Eg har noko å seie!»


På Dinoskulen denne veka har har vi fortsett med Allosaurus kapittelet om det å hjelpe andre. Dei vaksne på avdelingane følgjar godt med når barna gjer noko fint mot dei andre barna, hjelper eller tar andre med i leiken - rosar og gir willy-merke.

God helg!


Soria Moria

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar