fredag 8. april 2016

Veke 14

Hei!

Vel overstått påske -og vinterferie. Enda ei veke er gått og helga står for tur.

Tysdag gjekk vi tur til Amfiet. Her fann vi mange Hestehovar, vi leika inni hekken og gjekk opp og ned dei store trappene.




Denne månaden er fagområdet "Kropp, rørsle og helse" i fokus og onsdag fekk barna legge seg ned på gråpapir, mens ein vaksen skisserte rundt kroppen deira. Undervegs og etterpå snakka vi om dei ulike kroppssdelane. Dette var spanande og litt morsomt. I ettertid har barna sjølv prøvd å skissere hovudet og hendene sine på vanleg papir.


Torsdag var ein litt spesiell dag i barnehagen, vi fekk nemleg storfint besøk av ordføraren i Fjell kommune, Marianne Bjorøy. Alle Dinoskulebarna var samla på fellesrommet for song og spørsmål til ordføraren. Etterpå fekk ho omvisning i heile barnehagen.

På Dinoskulen denne veka har vi jobba vidare med vennskapskapittelet. Mari har vore innom på besøk og med seg hadde ho eit Dinosaurpuslespel. Dei har hatt rebusløp og barna har laga ein kjempefin bursdagsteikning til Dina som fyllte 1000 001 år.


Minner om planleggingsdag måndag 11 april.

Helsing Soria Moria-damene

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar