fredag 15. april 2016

Veke 15

God fredag alle saman!

Sidan det var planleggingsdag måndag, flytte dei Dinoskulen til onsdag og torsdag denne veka. På Dinoskulen har det starta med nytt kapittel, Brachiosaurus. Dette er det siste kapittelet på Dinoskulen og det handlar om høflighet og det å snakke fint til andre. Dinoskulebarna har øvd på å ta kvarandre i handa og presentere seg sjølv ved å sei namnet sitt, ha ei venleg stemme og snille auge. Dette er viktig i møte med nye mennesker og for å lettare skape nye vennskap. Vidare har dei snakka om korleis ein kan stille spørsmål i møte med nye menneske for å bli kjende. Barna fekk sjølv komme med forslag til spørsmål som dei fekk stille til Pelle, som kom på besøk torsdag.

Turdagen på tysdag gjekk til leikeplassen på Foldnes. Med oss i sekken hadde vi grill, pølser, brød/lompe og ein fotball. Her spelte vi fotball, studert insekt, dissa, balanserte og rolleleik. 


Her øver vi oss på å klippe. 
Fredag var det gym på fellesrommet. Her fekk barna øve seg på å balansere, rulle, hoppe og auge-fot-koordinasjon. Mange glade barn gjekk tilbake til Soria Moria for pølsegrateng til lunsj.



Ynskjer alle ei strålande helg!

Soria Moria-damene

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar